Kommentar

Smittevernsreglane er hastverksarbeid

«Tok feil direkte på TV» kunne Dagbladet melde 13 desember. I god tabloid tradisjon kunne dei òg rapportere at » Motdebattant Ingvild Kjerkol (Ap) er sjokkert.», sjølv om det var tre dagar sidan helseminister Bent Høie hadde kome med «feilaktige påstander, om temaer som regjeringen har vært orientert om«.

Bent Høie diskuterer smittevernlobbyisme på Dagsnytt18 i desember 2020. Skjermdump fra NRK.
Bent Høie diskuterer smittevernlobbyisme på Dagsnytt18 i desember 2020. Skjermdump fra NRK.

Bakteppet for Dagbladets sensasjonsnyheit om at ein politikar hadde sagt noko feil på direktesendt fjernsyn for tre dagar sidan var nyheita om at Norsk Industri hadde klart å forhandle fram eit unntak frå Covid-19-forskrifta. Unntaket hadde ført til at importsmitta hadde auka og det hadde vorte naudsynt med fleire smittetiltak før jul. Folk var rettmessig forbanna over at særinteresser førte til at alle andre måtte leve med innskrenkingar i sine rettar.

Eg skal ikkje nytta tida di til å skrive om dette. Mange har gjort det før meg. Eg skal heller ikkje nytta tida di på å skjelle ut Høie for at han er et menneskje som gjer feil i blant. Det gjer vi alle. Eg har skrive om alle endringane som er gjort i forskrifta.

I dag er det 4. januar 2021. Covid-19-forskrifta blei sist oppdatert 3. januar. Det er 283 dagar etter ho blei vedtatt første gong, og ho har endra seg 96 gonger sedan den gong. Covid-19-forskrifta har altså blitt oppdatert kvar tredje dag sedan 27. mars. Fleire av endringane er endringar på lovtekst som vart vedteken berre et par dagar tidlegare. Det er rett og slett dårleg politisk handverk. Hastverksarbeid som sett rettssikkerheita vår i fare.

Bent Høie sin viktigaste oppgåve i 2020 har vore å informera oss om kva smittevernreglar vi må oppretthalde. Han har forklart, lokka, trua og formana i eit forsøk på få oss til å oppføre oss slik at vi hald oss fri frå smitta. Den 10. desember snubla han fordi han ikkje klarte å halde orden på kva land som var karantenebelagt på spesifikke datoar. Same dag som Høie var på Dagsnytt 18 og gjorde denne feilen, hadde forskrifta blitt oppdatert to gonger. Den dagen Dagbladet skreiv om Høies feil, vart forskrifta oppdatert to gonger til. Det er forståeleg at Høie ikkje klarar å halde orden, men korleis kan styresmaktene forvente at vi skal halde oversikt? Dei fleste av oss veit ikkje en gang om Covid-19-forskrifta.

La oss sjå på hastverksarbeidet først. Då styresmaktene slo på alarmen i mars hadde vi lite eller ingen kunnskap om kva vi sto ovanfor. Viruset var nytt. Me visste ikkje kor dødeleg det var, me visste ikkje kor smittsamt det var og dermed visste me heller ikkje korleis me skulle verne samfunnet frå viruset. Me hadde kunnskap frå tidlegare pandemiar, men det er ikkje alt som er overførbart til eit nytt virus eller de samfunnsstrukturane vi har no. Vi var i ein situasjon der ny kunnskap og større forståing kom som daglege drypp. Det var naudsynt at dei kunne områ seg på kort tid.

No har vi meir kunnskap og det borde ikkje være naudsynt og gjere fleire endringar på same forskrifta på ein dag når vi er over seks månader inn i pandemien. Når me går tilbake til oversynet over endringane som har vorte gjort ser me at 53 av endringane blei gjort i løpet av dei første seks månadene. Det betyr at 43 endringar er gjort dei siste tre månadene. Mange av desse endringane er finjusteringar på lagtekst som har vorte publisert ein dag eller tre tidlegare. Er det verkeleg naudsynt at Helsedepartementet skal ha så dårleg tid til å konsultere med høyringsinstansane sine i denne fasen av pandemien?

Kunnskapen som forskarane skapar kjem framleis fort. Det kjem både meir og fortare enn i den tidlege fasen av pandemien, men vi har mykje kunnskap om dei politiske verktøya no. Skal vi gjere endringar borde departementet ta seg tid til å gjere endringane riktig den første gongen. Finjustering over fleire gonger i den påfølgande tida borde være unødvendig, sjølv om sterke interesseorganisasjonar ber om det. Endringar i lista over kven som kvalifiserer til karantenefritak til dømes har blitt endra 17 gonger sidan 1. oktober. Det inkluderer ikkje endringane på listene over land som er raude og grøne.

Og då kjem vi til det andre problemet. Noreg er eit land som er bygd på rettssikkerheit. Vi hadde likskap for lova lenge før dei demokratiske prinsippa i grunnlova blei implementert til å gjelde heile befolkninga.
Dei fleste av oss ynskjer å gjere det som er riktig. Dei fleste av oss ynskjer å ta vare på helsa til dei vi har rundt oss og egen helse. Når informasjonen om kva vi skal gjera og kva som er lov endrar seg så fort som dette, skapar styresmaktene både forvirring og eit rettssikkerheitsproblem. Da har vi ikkje ein gong tatt tak i særskilte reglar som gjelder kvar og ein kommune. Eg kan berre førestille meg kor vanskeleg dette har vore for bedriftseigarar. Særskilt dei utan sterke næringsorganisasjonar i ryggen.

Tydeleg kommunikasjon, krav og reglar er naudsynt for at vi skal lukkast med å slå denne pandemien. No må vi setta ned farten på endringane, den politiske leiinga må gjere jobben skikkeleg så at endringane som gjerast er gjennomarbeida innan dei blir iverksett. Om ikkje Bent Høie klarer å halde oversyn med kva reglar vi skal følgje, så klarar heller ikkje vanlege folk å gjere det. Òg det er vanlege folk som til sjuande og sist står i frontlinja i kampen mot viruset.

Mest lest

Arrangementer