Magasin

Kronglete veg vidare for USA

Gemytta har roa seg i USA, for no.

Stemningen foran Kongressen under angrepet 1. januar 2020. Foto: Blink O'fanaye CC.BY.NC.
Stemningen foran Kongressen under angrepet 1. januar 2020. Foto: Blink O’fanaye CC.BY.NC.

I dag kom meldinga om eit femte dødsfall. Ein av politifolka i Kongressens politistyrke har døyd av skadane han blei påførd. Styresmaktane har gått ut med etterlysningar av menneskje og kjøretøy. Fagforeininga til politistyrkane i Kongressen har bedt om at politisjefen går av. Han har gjort alvorlege feilbedømmingar i dagane før angrepet på Kongressen. Blant anna har han sagt nei til tilbod om å mobilisere nasjonalgarden. Han har ikkje forstått faren.

Det politiske utfallet byrjar òg å komma. Mykje tyder på at Trump er stadig meir isolert og har gått tom for politisk handlingsrom etter hendelsene på onsdag. Det er ikkje sannsynleg at regjeringa vil avsette han. Visepresident Pence har sagt nei til eit slikt scenario. Eg veit heller ikkje om demokratanes trugsmål om riksrett er eit fornuftig trekk om ein vil forsone ein allereie splitta befolkning.

Fleire arbeidstakarar i administrasjonen har slutta og to av dei mest effektive ministrane, Chao og DeVos, har gått av etter eige initiativ. Dei kjem begge med krass kritikk av presidentens val om å nøre opp under påstandane om valfusk og stole val. Det har kome meldingar om at republikanske donorar kjem til å svarteliste dei kongressmedlemmane som har vore talspersonar for Trump sine påstandar om valfusk, Ted Cruz og Josh Hawley har vore nemnt. Internasjonale leiarar er forferda og offisielle kunngjeringar frå nokon av dei viser ein tydeleg skadefro.

Det har vore ein borgarkrig internt i det republikanske partiet i årevis. Den har vorte spissa ytterlegare under Trump. Nasjonalistiske populistar har støtta opp under Trump og dei meir tradisjonelle republikanarane har forsøkt å finne korleis partiet skal byggje makt på lang sikt. Det er ingen tvil om at populistane har fått eit skot for baugen denne veka. Partiet er svekka og har satt seg fast i ein blindveg. Det ikkje klart kva veg partiet skal ta vidare. Vi må vente å sjå om denne veka gjer at dei ulike fløyene klarar å bli sams om partiets veg framover.

Demokratane er ikkje mindre splitta, og sjølv om dei fekk to nye senatorar frå Georgia, har fleirtalet deira i Huset og Senatet den smalast moglege marginen. Dei har ikkje politisk mandat til å gjennomføra store politiske prosjekt, sjølv om venstrefløya kjem til å dytte hardt for å få til sånne.

Og kva skjer med Trump? Det er fleire søksmål og etterforskingar på gong mot han og Trump Organization. Den tyngste etterforskinga er bedrageri- og skattesvindeletterforskinga i Southern District of New York. Det er berre Cuomo som kan benåde han frå den og det kjem ikkje til å skje. Han har ein milliard i gjeld og er personleg ansvarleg for 400 millionar av det. Det einaste han nokosinne har tent pengar på er The Apprentice. Det er lite sannsynleg at nokon av de store TV-kanalane er førebudd på få han tilbake på TV-skjermen etter denne veka.

Han drøymer om eit politisk dynasti. Den viktigaste organisatoriske og finansielle infrastrukturen er allereie bygd. Det går rykte om at dottera Ivanka ser for seg posisjonar som senator eller guvernør i Florida. Det går òg rykte om at svigerdottera Lara vil stille som senator i North Carolina. Sonen Donald Trump Jr. har bygd seg sjølv om som farens arvtakar som politisk agitator og kan nok få ein karriere som politisk underhaldar på høgresidemedia.

Trumps nytingssjuke omfamning av myten om at valet vart stole frå ham, har kosta han og familien dyrt. Det blir spennande å sjå korleis dei får limt skåra tilbake etter dette.

Det har vore oppmuntrande at dei amerikanske politiske institusjonane har halde stand gjennom Trumps grensesprengande presidentperiode, men landet er ikkje ute av fare enno. Den politiske splittelsen går gjennom heile landet frå den politiske elite til kvarmannsen. Det kjem til å ta tid å få lekja denne rifta og det forutsett systematisk politisk arbeide for å få det til. Båe partia er djupt splitta internt og har ikkje føresetnader for å gjere den jobben enno. Det store spørsmålet er om sjokket det amerikanske politiske systemet fekk på onsdag var stort nok til at politikarane kan lækje splitringa.

Mest lest

Arrangementer