Ukas anbefaling

Open av Johan Norberg

Johan Norberg er den fremste skandinaviske liberalistiske talspersonen i samtida. Han er no ute med ei ny bok, Open: The Story of Human Progress. På svensk heiter boka Öppen/Sluten : hur människan skapar och förstör framsteg. Norberg vil at me skal kjempa for ei open verd og ein open økonomi. Boka er ei historisk og samfunnsmessig analyse av korfor den kampen er så viktig.

Boka er ikkje skreve for liberalistar spesielt, men det er den beste oppsummeringa av sentralt liberalistisk tankegods frå samtida som me har sett på fleire tiår. Gjennom historiske eksemplar visar Norberg kva mekanismar som har gjort historias gullaldrar moglege, inkludert vår eiga samtid. Han nyttar og tid på evolusjonære og sosiale faktorar som gjer at me motarbeidar desse mekanismane. Han står støtt i tanketradisjonane til Hayek og formidlingstradisjonane til Friedman. Dette er boka alle liberalistar bør lese i 2021!

Bokpanelet i videoen nedanfor er arrangert av Cato Institute. Johan Norberg gjer ein kort presentasjon av boka og diskuterer innhaldet med Tom Palmer frå Atlas Network. Dette er ein fin måte å få oversikt over innhaldet i denne viktige boka på.

Speletid på rundt ein time.

Se Bent Johan Mosfjell og Lene Johansen diskuterer boken i Bent Johans hjørne.

Mest lest

Arrangementer