Magasin, Ukas anbefaling

Riksrettssaka: Trump borde bli dømd

Til veka byrjar den andre riksrettssaka mot Donald Trump. Det er fyrste gongen ein president har blitt åtalen to gonger. Det er òg fyrste gongen ein president som allereie har gått av skal stå til rette for noko han gjorde før han gjekk av. Det er ikkje fyrste gongen ein nyttar riksrettsprosessen mot ein som ikkje lenger innehar eit verv. Det har skjedd før. Den tidlegare krigsministeren William Belknap gjekk av for å unngå ein riksrettsdom mot seg. Han måtte stå til rette likevel, men han ble ikkje dømt. Av dei 25 som stemte mot domfelling, meinte 22 at han var skuldig, men at Senatet ikkje kunne dømme no som han var gått av.

Saken mot Trump kjem derfor antagelig til å gå som planlagt. Det store spørsmålet er om han blir dømd for sin medvirking i at Kongressen ble storma 6. januar i år. I denne videoen forklarar Gene Healy frå Cato Institute korfor Trump borde bli dømd i riksrettssaka mot han. Healy har skreve tre bøker, to av dei om den amerikanske presidentkulten. På heimesida hans på Cato Institute kan du finne fleire foredrag om presidentkulten, inkludert lydopptak der han diskuterer korleis Biden og Harris forstår den utøvande makta og han utfordrar dei som trur at Biden sitt presidentskap skal bli ein uinteressant parentes i historia.

Mest lest

Arrangementer