Magasin

Dag 2: Trumps andre riksrettssak

Politico har laga ein oppsummering av andre dag av Trumps andre riksrettssak på tre minuttar. No har riksrettsleiarane frå Huset byrja å legge fram sin sak for Senatet. Som venta legger dei stor vekt på video. Ein viktig del av strategien deira er å vekkje kjensler.

Alle som var i Kongressen 6. januar i år blei ramma av terroren og valden. Republikanarane var fyrst like sinte og sjokkerte som alle andre, men har gradvis rasjonalisert det vekk i møte med lokale veljarar som ikkje ser ut til å ha forstått kva som skjedde på Capitol Hill den dagen. Riksrettsleiarane ynskjer derfor å få Republikanarane til å minnes kor stor fare dei var i den dagen MAGA-verden storma Kongressen på Trumps vegne, for å forhindre ratifiseringa av valresultatet.

Riksrettssaka startar igjen kl. 18.00 norsk tid. Dei to partane får 16 timer kvar seg for å legge fram sitt saksinnlegg.

Mest lest

Arrangementer