Magasin

Den dagen MAGA-verda storma Kongressen

Onsdag 6. januar var Senatet samla for å stadfeste valresultata frå delstatane. Trump hadde erklært valsiger valnatta og nytta sin presidentpreikestol dei neste to månadene til uriktig å hevde at valet hadde vorte stole frå han. Kampanjen hans hadde anlagt 62 søksmål i samanheng med valet. Dei hadde tapt 61. Dei var ikkje i stand til å bevise det påståtte valfusket.

Den 19. desember, seint på natta, om den fyrste Twitter-meldinga med datoen 6. januar. Meldinga blei avslutta med «Big protest in D.C. on January 6th. Be there, will be wild!»

Fleire av dei som har vorte arrestert etter at Kongressen vart storma seier at dei har gjort det på vegne av Trump. Dei har fått inntrykk av at dei hadde ein moglegheit til å endre utfallet av valet. Fleire har i etterkant uttrykt at dei har kjent seg villeia då dei oppdaga at stadfestinga av valresultatet primært er ein symbolsk prosedyre.

Det var ein kaotisk dag og det var vanskeleg å halde oversikt over kva som forgjekk om ein så på det i sanntid. I etterkant har ei rekke mediebedrifter har gjort ein kjempejobb med å pusle saman video og bilete dei har funnet på internettet, samtalar til naudtelefonar, politiprotokollar og anna materiale, for å gje eit tydelegare oversyn. Eg har valt ut dei to beste. Båe er laga av Wall Street Journal.

Den fyrste videoen visar kva som skjedde kor i sentrum den dagen. Den andre visar kva rolle den nasjonalistiske terrorgruppa Proud Boys spela då Kongressen vart storma. Eg vonar desse videoane kan medverke til å gje deg litt betre oversyn over kva som skjedde 6. januar og kven som var ansvarlig for valden.

Den fyrste videoen har fått ein aldersgrense av YouTube på grunn av valden. Derfor må du klikka på «Sjå på YouTube» for å spele han av.

Video Investigation: How a Pro-Trump Mob Overran Capitol Police | WSJ

Speletid er rundt 7 minutter.

Video Investigation: Proud Boys Were Key Instigators in Capitol Riot | WSJ

Speletid er rundt 12 minutter.

Mest lest

Arrangementer