Kommentar

Marknadsbasert løysing på forureining

Då Arbeidarpartiet forkasta kommunismen i 1927 tok dei ein læresetning frå fordismen. Partiets mål blei at alle skulle ha råd til masseforbruk. I dag kan me trygt seie at partiet lykkes med det målet ved hjelp av etterkrigsvekst, globalisering av produksjonskjeder og frislepp av kredittmarknaden.

Masseforbruket har skapt masseforsøpling. Søppeldepota i den vestlege verda vaks med stor hastigheit i etterkrigstida. Til slutt løyste man problemet med å resirkulere det som det løna seg å resirkulere og resten eksporterte man til land i tredje verda. Der veks søppeldepota framleis. Samstundes har søppelet begynt å kome tilbake til oss som mikroplast i matkjeda vår.

Slummen i Jakarta ligger helt intil store berg av plastiksøppel fra vesten. Foto: Jonathan McIntosh CC.BY.
Slummen i Jakarta ligger helt intil store berg av plastiksøppel fra vesten. Foto: Jonathan McIntosh CC.BY.

Det har vore brei semje om at forureinar skal betale. Semja strekker seg på tvers av politisk ståstad, privat og offentleg sektor og går heilt tilbake til 1960-talet. Problemet er at produktprisen ikkje tar med kostnaden av heile produktet sin livssyklus. Me diskonterer totalkostnadene som teknokratane seier det så fint.

Prisen på det som er til overs

Produsenten har ikkje omsyn for kostnaden av produktet etter at me forbrukarar har kjøpt den. Dermed har dei korkje ansvar eller insentiv for å gjere den siste halvdelen av livssyklusen så billig og effektiv som mogleg. Det finnest ikkje insentiv for å sørge for at produkta kan reparast for å forlenge brukstida. Det finnest ikkje insentiv for å resirkulere råvarer som kan nyttast på nytt. Dei ber ikkje kostnaden av å nytte råvarer som ikkje kan gjenvinnast.

Så langt har me overlate ansvaret for restane til kommunale renovasjonsselskap. Den strategien har gjett oss berg av avfallsprodukt som ingen har ansvar for, men som påfører samfunnet store kostnadar i forureining av nærmiljøet og næringskjeda vår. Den kostnaden må inn i prisen på produktet. Korleis skal me få til det?

Ansvarleggjer produsentane

Fyrst må me få slutt på kjenslelada kampanjar som skal motivera forbrukarar gjennom skuld. Eg skal ikkje nytta tid på finne bilete frå slike kampanjar fordi me har sett dei alle saman. Det er ikkje forbrukarar som skal løyse dette problemet, men gjennom røysting  og forbrukarkrav kan me ansvarleggjere dei som produserer produkta me nyttar.

Ta bruk av plastflasker til dømes. Plast er billig, veier lite og hygienisk, men restavfallet er ikkje berekraftig. Sjølv om me har ein panteordning som fungerer relativt godt her heme, er emballasjen eit problem me må handsamast med. Produsentane har allereie ei løysing. Mange av dei produserer drikke på aluminiumsboksar. Brukt aluminium har ein reell verdi i marknaden. Me må stille krav til internasjonale selskap som Nestlé, Coca Cola og Pepsico og norske selskap som Tine og Orkla om at me vil ha drikkeprodukta våre i emballasje som kan gjenvinnast.

I etterkrigstida bygde man produkt som skulle vare. Gjenstandar som gjekk i sund blei reparert. Prisane på varene gjekk ned fordi ein oppdaga billigare råvarer, betre produksjon, konstruksjon og formgiving. Ein byrja òg å planleggje at produkta skulle ha kortare levetid så forbrukarane måtte kjøpe nytt oftare. Klesplagg er eit døme på slike produkt. Produsentane bytta ut naturfibrar med petroleumsbaserte fibrar som polyester, nylon, akryl og spandex. Kvar gong desse klesplagga blir vaska, lekker det mikroskopisk plast ut i naturen. Det hamnar seinare på vårt eige matfat. Dei billigaste plagga mister ofte form etter ein vask eller to og blir bytt ut med nye. Me må frigjere plass i skapet til moteplagga for neste veke.

Død albatross med plastikk i magen fra naturreservatet på Midway-atollen. Foto Chris Jordan U.S. Fish and Wildlife Service Headquarters
Død albatross med plastikk i magen fra naturreservatet på Midway-atollen. Foto Chris Jordan U.S. Fish and Wildlife Service Headquarters

Mot slutten av det 20. hundreåret tok utviklinga av elektroniske produkt fart. Me har sett ein eventyrleg utvikling i kapasitet og moglegheiter for elektroniske produkt dei siste 30 åra. Dei har revolusjonert liva våre. Det er det ikkje nokon tvil om. Desse produkta er fulle av sjeldne metall som kan gjenvinnast. Elektronikkjedene har innleveringsordningar, men eg veit ikkje kor systematisk dei nyttast. Om eg skal dømme etter klagene frå renovasjonsleiarar er det alt for mykje av dette avfallet som hamnar i søpla.

Korleis kan produsentane omstille seg?

Me har konstruert ei internasjonal produksjonskjede som har løyst det meste av det me har av behov. Nå må me stille krav til produksjonskjeda om den òg skal ta ansvar for produkta sine når me ikkje trenger dem lenger. Dei må byggje resirkuleringskjeder for å få råvarene som kan nyttas om igjen tilbake inn i produksjonskjeda si. Sirkulasjonsøkonomi kallar me det. Det gjer kanskje råvarer og produkt litt dyrare, men det betyr berre at vi no tek med kostnadene for denne delen av produktets livssyklus. Det er produsentane som har best forutsetningar for å få ansvaret for at resirkuleringa skjer, fordi det er dei som har brukt for sluttresultatet i nye produkt til sjuande og sist.

Me kan òg stille krav om at ein skal nytta råvarer som kan brytas ned eller resirkulerast. De petroleumsbaserte plastprodukta må bort. Me kan gjenta utviklinga av petroleumbaserte polymerar  med plantebaserte polymerar no. Det borde ikkje ta mange år å få erstatta alle dei små eingangsdippeduttane som gjer liva våre så enkle, med små eingangsdippeduttar med som me veit brytas heilt ned i naturen i løpet av kort tid etter med ikkje treng dei lenger. Produsentar som ikkje klarar å bytte ut råvarer som ikkje kan brytas ned bør betale ein klekkeleg sum på kvar einaste produserte eining som insentiv for å finne betre løysingar.

Me kan òg straffe produsentar som lagar produkt som er dyre eller umoglege å reparere og oppgradera. Dei skal ikkje ha insentiv for å lage produkt med korte livssyklusar for å hauste kortsiktig overskot på nysal, når dei kunne byggje verdikjeda si på langsiktige livssyklusar.

I tillegg har me utvikla datasystem og sporingsteknologi som gjer at me kan spore råvarene på veg gjennom livet utan at det kostar mykje ekstra. Me har blitt verdsmestarar i billig. Nå må me bruke den evna til å bli verdsmestarar i sirkulasjonsøkonomi. Det kan me fint få til utan å gje opp den veksten som er så viktig for levestandardsutviklinga vår.

Eg skal ikkje lyge, dei smarte produsentane har allereie byrja å sjå på slike løysingar, men dei slit med å ta steget fullt ut. Derfor må me dulta dei eller rent av tvinga dei. Kostnadene av massekonsumpsjonen frå dei siste 75 åra er synlege no. Det vi ta oss årevis å få rydda opp i alt saman. Ingen av dei som har vore med på forbrukskarusellen dei siste 75 åra kjem til å betale for det. Det er det forbrukarar og skattebetalarar framover som må betale for. Me må byrje oppryddinga no, og me må stoppe lekkasjen som ligg i at me stadig ikkje tar med kostanden på slutten av livssyklusen på produkta me nyttar. Kostnadene av denne moroa veks meir, jo lenger me ventar.

Mest lest

Arrangementer