Magasin

Kort om Grøn ungdom

Liberaleren skriver en artikkelserie om ungdomspartiene frem mot stortingsvalget 2021.

Grøn ungdom er heilt klare for valkampen 2019 om ein skal tru heimesida deira. Sida har ikkje blitt oppdatert for valkampen 2021 enno. Det er kanskje ikkje så rart, sidan dei skal ha landsmøte i slutten av mai. Eg skal likevel freiste ein gjennomgang av kva saker dei legger vekt på.

Grøn ungdom ynskjer å få slutt på oljealderen i Noreg og dei er for dyrevelferd og grøne lokalsamfunn.

Dei vil fase ut olje- og gassindustrien over ein 15-årsperiode og investere tungt i fornybar energi. Full stans i leiting etter olje på norsk sokkel er eit av tiltaka de foreslår for å få fart på omlegginga. Eit anna tiltak er å investere i forsking og entreprenørskap for fornybar energi.

Hovudsaka på dyrevelferd er å forby pelsdyroppdrett, noko Stortinget vedtok i juni 2019. Dei vil òg legge til rette for betre dyrevelferd i landbruksnæringa. Grøn ungdom vil ha dyrepoliti over heile landet og ein slutt på dyreforsøk og avl av dyrerasar som ikkje har god helse. Dei vil ha levedyktige bestandar av rovdyr og rovfuglar.

Grøne lokalsamfunn skal dei få til gjennom å klimanøytrale kommunar og bevare matjord. Dei har ikkje laga nokon liste over korleis kommunane skal bli klimanøytrale fordi ein må tilpasse tiltaka til kva som løner seg lokalt gjennom lokale klimabudsjett i alle landets kommunar.

Hulda Holtvedt og Teodor Bruu er talspersoner for Grønn ungdom. Foto: Grønn Ungdom CC.BY.SA.
Hulda Holtvedt og Teodor Bruu er talspersonar for Grøn ungdom. Foto: Grøn Ungdom CC.BY.SA.

Sjølv om Miljøpartiet dei grøne har gått over til å ha ein leiar, har Grøn ungdom heldt fast ved to talspersonar. Hulda Holtvedt og Teodor Bruu heiter dei to.

Holtvedt er 21 år og kjem frå Oslo. Ho har ikkje gått vidare på studiar etter vidaregåande fordi ho seier klimakampen hastar så mykje at ho må prioritere den. Ho tapte ein kampvotering mot Rasmus Hansson om andre plass på stortingslista til MDG med få stemmer, men har møtt 13 dagar som vara i Stortinget i perioden me snart har lagt bak oss.

Teodor Bruu er 27 år og kjem òg frå Oslo. Han har tatt ein bachelor i filosofi og er bydelsutvalsleiar i Gamle Oslo.

Mest lest

Arrangementer