Magasin

Grøn ungdom vil ha handling på klima

Hulda Holtvedt, talspersonen til Grøn Ungdom, kanaliserer sinnet til Greta Thunberg i valkampvideoen Miljøpartiet de grøne har lansert denne veka. Ho er hovudpersonen i partiets nye video Frå ord til handling. Skjønt, er ikkje sikker på om det er naudsynt for Holtvedt å kanalisere Thunberg. Ho har via ungdomstida si til å kjempe miljøkampen sjdtølv.

Holtvedt står i eit mørklagt rom med lysande skjermar bak seg. På skjermane kan ein sjå sitat om kor mykje det hastar å ta miljø og klima på alvor frå politikarar i dei andre partia. Alle sitata har det til felles at dei er eldre enn Holtvedt sjølv. Ho seier argumenta har vorte resirkulert utan at me kan sjå noko resultat av løfta om at no skal det handlast.

Sitata forsvinner over skjermane fort, men om ein har lyst til å slå dei opp kan en gjere det på heimesida til Miljøpartiet dei grøne. Høgre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre har fått sin eigen karusell med sitat. Dei eldste går tilbake til då eg ble født tidleg på 1970-talet. Det var då miljø som politisk satsingsområde verkeleg skaut fart båe internasjonalt og her heime.

Det er med andre ord ingen tvil kva parti dei grøne har vald seg ut som hovudmotstandarar i år. Det er dei to store og dei to andre grøne.

Mest lest

Arrangementer