Kommentar

Steven Horwitz har døydd

I dag kom nyhende som fleire av oss har frykta i nokre veker. Steven Horwitz døydde i går morgon, berre 57 år gamal. Det er berre fire dagar sidan han skreiv at kjemoterapien virka og at han kjende seg betre, men at han hadde nokre veker med tøff rehabilitering framfor seg og sette pris på meldingar og vitjing. Han avslutta med at han sakna hunden sin.

Steve Horwitz. Foto: Gage Skidmore CC.BY.SA.
Steve Horwitz. Foto: Gage Skidmore CC.BY.SA.

Steve Horwitz var framståande professor i fri verksemd og direktør for institutt for studier i politisk økonomi i økonomiavdleinga på Miller College of Business ved Ball State University i Muncie, Indiana i USA. Han var ein tilknytta seniorforskar ved Mercatus Center på George Mason University, seniorforskar ved Fraser Institute i Canada og økonomisk redaktør for libertarianism.org, ressurssida om fridom som Cato Institute driver.

Han skreiv fire bøker. Monetary Evolution, Free Banking, and Economic Order (Westview, 1992), Microfoundations and Macroeconomics: An Austrian Perspective (Routledge, 2000), Hayek’s Modern Family: Classical Liberalism and the Evolution of Social Institutions (Palgrave Macmillan, 2015) og  Austrian Economics: An Introduction (Cato Institute, 2020). Austerriksk økonomi, den politiske økonomien til F.A. Hayek, pengepolitikkhistorie og amerikansk økonomihistorie var dei tema han skreiv mest om. I tillegg har han redigert fleire bøker på fagfeltet sitt og publisert ein lang rekke akademiske fagartiklar.

Den lange lista over tilknytingar vitnar om ein person som ikkje berre er forskar og formidlar i arbeidstida. Kvar gong semesteret var slutt, pakka han kofferten og drog på forskingskonferansar, sommarskular og andre typar konferansar, kor han fortsett med å formidle fag og idear.

Eg møtte han fyrst på ein konferanse for journalistar i regi av Liberty Fund der me nytta ein hel helg med å diskutere oss igjennom faglitteraturen på økonomiske krisar hausten 2011. Det var utroleg lærerikt å få dykka ned i leselista han hadde satt saman til oss, saman med han og dei elleve andre journalistane som var invitert med på konferansen. Som lærarmester og debattant var han kunnskapsrik og jovial, men han kunne òg bli stram i tonen om nokon tok intellektuelle snarvegar eller var uhøvelege.

Meldinga Horwitz hadde festa på toppen av Twitter-sida si.

Etter kvart som dei sosiale media ble meir vanlege, var han òg til stades der på same måte. Alltid den lune og omgjengelege læremeisteren som såg på aktuelle nyhende med fagbrillene på. Ein fekk stadig små drypp av korleis ideane frå Hayek og andre tenkarar innanfor fridomstradisjonen kunne nyttas for å sjå dagens hendingar.

Dei siste åra kom det òg postar om det nye livet han og kona Sarah Skwire bygde opp saman. Ho er òg økonom som nyttar mykje fritid på formidling. Båe har barn frå tidlegare ekteskap, og saman fekk dei sheepadoodelen Pandemonium Skworwitz for rundt tre år siden. Dei sosiale media til Horwitz er fulle av Panda-historiar og bileter. Nyfrisert og smilande i stadeg nye slips og sløyfer, for ja, sheepadoodler ser ut som om de smiler.

Hjertet søkk i meg da eg las nyhendet om at Horwitz hadde døyd på morgonen i dag. Han har vore ein så klar og trygg røyst i den libertarianske rørsla over mange år. Ikkje berre fekk me moglegheita til å lære av han på kurs, seminar, podcastar og videoar, men han delte så generøst seg sjølv, livet og faget sitt på sosiale media. Bøkene som har kome dei siste åra tyder på at han var på ein stad i karrieren der han byrja å få fridomen og ressursane til å følgje opp langsiktige forskingsprosjekt der han fekk nytta kunnskapen om den austerrikske tradisjonen, Hayek og fridom på eit nyskapande vis som drev tanketradisjonen me delar framover. Tapet av alt det han ikkje rakk å gjere er så stort eg slit med å finne ord på tankane mine.

Tankane går til familien og Panda. Eg kan ikkje førestille meg kor tungt dette må vere for dem.

Takk for all kunnskap, analyse, livsglede og frustrasjon du har delt med oss over åra, Steve. Du har gjort verda og rørsla rikare med alt du har vært og gitt. Me har framleis det fantastiske arkivet over tekstar, foredrag, debattar og intervju du etterlet deg. Det skal me dele og sette pris på. Du har òg etterlet det en hær av studentar som nå må bere ideane vidare. Me skal gjere vårt beste.

4.3 12 vurderinger
Vurdering

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

0 kommentarer
Inline Feedbacks
View all comments

22. juli 2011