Kommentar

Plast i restavfall er eit godt miljøval

– Så lite som 30 prosent av plasten er riktig sortert i blå pose og resten går til energigjenvinning. Det er me ikkje nøgd med. Plast er laget av olje, og forbrenning av plast er verkeleg ikkje noko me ynskjer, sa Jørgen Bakke Fredriksen, kommunikasjonsrådgivar i Renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo kommune til Aftenposten (abo) i går.

Eg er ein av dei som legg plastikk i restavfallet, og eg har ein god grunn. Eg litar ikkje på at plastikken eg sorterer blir nytta til noko nytt.

I følgje Grønt Punkt Noreg, som er ein samanslutning av emballasjeprodusentar, gjer det ein klimagevinst å sende norsk plastgjenvinning til andre land i Europa, samanlikna med å brenne det som energi her heme. Det kan eg godt tru, for Noreg har rikeleg tilgang på fornybar energi. Så rikeleg at me eksporterer han faktisk!

Men kva skjer med plasten min etter han har kome fram til Tyskland, som tek brorparten, eller Belgia, Bulgaria, Finland, Nederland eller Estland? Det står det ikkje noko om på heimesidene til Grønt punkt.

Tyskland er Europas største eksportør av plastikkavfall. I ein rapport frå Nordisk råd i 2018 står det at mykje av plastikken blir sendt vidare til Kina og Asia. Etter at Kina stoppa import av plastikk for nokre år sidan, gjekk importen til Indonesia og Malaysia drastisk opp. Malaysia trudde det skulle bli ei gullgruve, men drukna i avfallet og stoppa importen i 2019. Indonesia, som er ei av verdas største plastikkimportørar resirkulerer ikkje avfallet. Dei «lagrar» det på store søppeldynger, der det skadar lokalt miljø og lokal helse. Det som ikkje lagrast der, blir sendt vidare til andre land med like dårlege føresetnader for å handsame dei store mengdene.

Slummen i Jakarta ligger helt intil store berg av plastiksøppel fra vesten. Foto: Jonathan McIntosh CC.BY.
Slummen i Jakarta ligger helt inntil store berg av plastiksøppel fra vesten. Foto: Jonathan McIntosh CC.BY.

Om me ser bort frå dei moralske problema ved å eksportere søppla vår til fattige land som ikkje har naudsynt infrastruktur til å handtere avfallet, må all denne søppeltransporten rundt om kring i verda gjere at klimavinninga til Grønt Punkt Noreg går opp i spinninga. Då er det kanskje sånn at forbrenning av plast verkeleg kan vere noko me ynskjer.

Det å brenne opp plasten forhindrar at den blir transportert verda rundt, og forsøplar havet og det lokale miljøet der det landar. Om Oslo kommune hadde vist meg heile gjenvinningskjeda for plastavfallet mitt slik at eg kunne ha lit til at de ikkje hamna på ei søppelfylling i Asia, skulle eg vurdert om det var verdt tida mi å sortere plasten min. Sånn som det er no, kjennest det å forbrenne det i fjernvarmeanlegget på Klemetsrud som eit godt miljøval sjølv om anlegget er Oslos største klimaversting. Byrådet kunne ha gjort det miljøvalet betre gjennom å stoppe 20 prosent av alle klimagassutslipp frå Oslo, men har ikkje prioritert å nytte pengar på det.

Mellombels kan Renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo kommune slutte å gå ut med peikefingeren over at folk ikkje sorterer avfallet slik dei vil. Eg vel å ikkje sortere plast fordi det ikkje er eit godt miljø- og klimaval.

Mest lest

Arrangementer