Kommentar

Dei rikaste har ikkje råd til staten

Fleire parti ynskjer å auke skattane for dei rikaste etter valet denne hausten. Det er dei fem partia som i ein eller annan konstellasjon skal utgjere et raudgrønt alternativ, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Men har dei rike råd til det?

Robin Hood-statuen, Nottingham Castle, England. Foto: David Telford CC.BY.SA.
Politikarar elskar å gje inntrykk av at just dei ein moderne Robin Hood. Problemet er berre at i myta om Robin Hood er skurken staten som tar for mykje i skatt. Dette er minnestatuen til Robin Hood utanfor Nottingham Castle, England. Foto: David Telford CC.BY.SA.

Å ta frå dei rikaste for å gje til dei fattigaste er eit billig retorisk poeng, som dei raudgrøne partia stadig nyttar seg av. Den norske staten har, sidan han blei skipa for 207 år sidan, vore bygd på prinsippet om at alle skal bidra til å finansiere fellesskapet. Innvilga politiske rettar og økonomiske plikter har gått hand. Velferdsgodane våre er bygd opp som medlemskap i ein forsikringsordning. Det er folk flest som betalar inn. Det gjer oss alle eigarskap i kva staten gjer og korleis pengane blir nytta.

Skattane som primært betalast av enkeltpersonar er farga oransje i dette diagrammet. Me kan trygt konkludera at det er du og meg som primært betalar for staten.

Dei raudgrøne veit dette, samstundes som dei lekar politikk med å gje oss førestillinga om at nokre andre kan betale for dei godane me får som skattebetalande medlemmar av staten.

Men la oss ta reknestykket til dei raudgrøne til det logiske sluttpunktet. Om dei rikaste i Noreg skal betale for staten, kor lenge ville dei vere i stand til å betale for alle oss andre?

I Noreg har me 362 milliardærar, altså folk som har ei formue på ein eller fleire milliardar. Mykje av det er sikkert i form av eigendomar, produksjonsmiddel og finansinvesteringar. Dei har ikkje nokon pengebinge ala Skrue McDuck. I 2020 fekk milliardærklubben 21 nye medlemmar, samanlikna med året før. Ein sjuandedel av dei er kvinner. Totalt hadde denne gjengen av Noregs rikaste en formue på rundt 1 400 milliardar kroner i fjor.

Om staten hadde tatt alle de 1 400 milliardane for å betale for si eige aktivitet i 2021, ville dei få tom for pengar i månadsskiftet mellom november og desember. Det kostar nemleg 1 515 milliardar å drive staten i 2021.

Dei blågrøne har nytta ein uanstendig sum med pengar for å betale for politiske alliansar dei siste sju åra. Dei har henta pengane frå oljefondet. Dei raudgrøne ser ikkje ut til å ville kutte i det offentlege forbruket, men dei skal altså hente pengane til meirforbruk frå dei rikaste. Staten veks fortare enn veksten i det du og eg klarer å produsere. Talet på dei som arbeidar per pensjonist går ned fordi det er mange på veg inn i pensjonisttilværa. Dei kjem til leve lenger en pensjonistane som gjekk før dem. Det einaste som er berekraftig i dagens situasjon er å sjå kor ein kan kutte i forbruket og gjere staten meir effektiv. Då kjem ein ikkje langt med å auke forbruket og late som om ein skal ta meir frå dei som har mest som dei raudgrøne vil gjere.

Mest lest

Arrangementer