Kommentar

Kampen mellom likes og kunnskap

Samfunnet har til alle tider hatt ein standard for kva som utgjer sanning. I visse tider har det vore ein
autoritet som har utgjett eit dekret om kva sanninga er. Det kunne være gud, ein prest, ein konge
eller eit meir tilfeldig system som spådommar eller loddtrekning. Til andre tider har me hatt eit
system for etablere kva som er sanning gjennom at ein fylgjer regler for å teste kva som er sant og
har institusjonar som gjer dette. Me lever i eit samfunn som har eit slikt system for å etablere
sanninga.

Dei siste 300 åra har me med stor møde bygd opp institusjonar som presse, forsking og ein
offentlegheit som produserer informasjon, sjekkar for feil, korrigerer feil og spreier korrigert
informasjon vidare i netverket. Den store styrka til denne kunnskapsarkitekturen me har etablert er
at han finner og korrigerer feil veldig fort. Ein slik kunnskapsarkitektur er naudsynt for få samfunnet
til å fungere. Det kan vere nyttig å tenkje på kunnskapsarkitekturen som eit operativsystem for sosial
samhandling innom ei gruppe.

I løpet av dei siste 20 åra har me introdusert ein ny teknologi inn i denne gamle arkitekturen, og den
teknologien er i ferd med å rive kunnskapsarkitekturen vår i fillebitar. Det gjer den gjennom å
etablere ein annan standard for kva kunnskap som er relevant.

Då internettet kom på 90-talet var det teknologien som skulle gje oss verktøya for å realisere den
store globale samtalen. Det er ikkje rart at me trudde sosiale media var desse verktøya, men det er
dei ikkje. Snarare tvert imot.

Sosiale media legg ikkje til rette for ein kunnskapsbasert samtale. Dei er verktøy som legg til rette for
at ein annonse skal ha størst mogleg innverknad. Det finnest ikkje nokon innebygde mekanismar som
reproduserer det systemet for å finne og korrigere feil som me har i resten av samfunnet. Sann
informasjon og usann informasjon har like store moglegheiter til å lykkas med å nå mange
menneskjer. Ein lykkast gjennom å produsere sterke kjensler som raseri og overlegenheit. Ein slik
informasjonsarkitektur produserer ikkje kunnskap, den produserer verdisignalisering. Du blir vurdert
og påskjønna for å ha dei riktige meiningane.

I verda der verdisignaliseringa rår, produserer man raseri mykje fortare enn ein identifiserer feil og
korrigerer dei. Med eit slikt utgangspunktet reiser usann informasjon like fort som sann informasjon,
antakeleg fortare fordi det er lettare å forme usann informasjon for å få ein større kjenslereaksjon.
Dei siste åra har verdisignalisering via sosiale media påverka alt frå val og samfunnsdebatten til om
enkeltmenneskjer blir utelukka frå arbeidsplassen sin eller frå den sosiale omgangskretsen sin. Om
informasjonen er sann eller ikkje, spelar ingen rolle. Kjensler avgjer om informasjonen har ei
påverking.

Sosiale media er ein relativt ny teknologi. Det er naivt å tru at me kjem til å legge han frå oss med det
fyrste. Dermed blir den store utfordringa å finne ut korleis me introduserer verktøya me har laga for
å identifisere og korrigere feil inn i den nye teknologien.

Dei store teknologiselskapa ynskjer ikkje å ha redaktøransvar. Det er tidkrevjande og dyrt,
samstundes som det kjem til å omforma sjølve kjernen i verksamheita deira. Dei har så vidt byrja å
prøve ut mekanismar som kan fungere. Dei inkluderer etablering av eit oppsynsråd med eksterne
medlemmar, merke informasjon som tar for seg omstridde emnar, varsle brukarar om at dei deler ei
lenkje utan at dei har lest ho først og fjerne brukarar og informasjon som bryter reglane om igjen og
om igjen.

Det er spede, fyrste steg på ei lang reise for teknologigantane. Folk som kjenner seg urettferdig
behandla har allereie lansert kampanjar fordi dei kjenner seg sensurert. I USA fekk kampanjen tidleg
politisk medvind, fordi den fremste forkjemparen var dåverande president i USA. Ikkje berre var han
president, men ein meistar på å nytte feilinformasjon for å skape politisk handling. Regulering av
teknologigantane er ei av dei få sakene båe dei to partia i USA ser ut til å være samde om.
Samstundes er det klart at det å stanse dei negative sidene ved sosiale media gjennom å replisere
kvalitetsmekanismane frå det kunnskapsbaserte samfunnet ikkje er eit politisk spørsmål. Det må jo
finnest teknologiske løysingar for å sjekke og korrigere feilinformasjon på sosiale media.

Fram til teknologigantane kan finne ut av dei, ligg alt ansvaret på deg og meg. Me må sjekke
kvaliteten på informasjonen me delar før me delar og me må oppføre oss som om me satt i same
rom og skal samarbeide framover.

Innlegget ble opprinnelig publisert i Dagens Næringsliv.

Mest lest

Arrangementer