Kommentar

Språk og brukartrong

Det er semesterstart for mange av oss no. Eg har nytta nokre få timar på å overføre pensumlistene mine til referansedatabasen min, laste ned PDF-ar av forskingsartiklar og bokkapitel. Pensum i det eine faget eg skal ha består utelukkande av artiklar og bokkapitel, på engelsk.

Det fekk meg til å tenke på ein reportasje som Khrono gjorde i fjor. Universitetet i Oslo hadde inngått ein e-bokavtale med eit internasjonalt akademisk forlag. Eit norsk forlag var sinte fordi dei ikkje vann anbodet, sjølv om dei ikkje kunne levere nokon av dei førti boktitlane som var oppgitt som eksempel i utlysinga. Om Bokbasen hadde fått vilja si, hadde det vore naudsynt for meg å kjøpe 15 bøker der eg berre trengte nokre titals sider i kvar.

Bildet er tatt av PourquoiPas fra Pixabay

Eg forstår kor viktig det er å ta omsyn til norsk fagspråk, men det meste av den akademiske litteraturen me les er på engelsk fordi den akademiske samtalen er internasjonal. Om studentane skal få kjennskap til kjernelitteraturen innom faget sitt, må dei enten lese han på originalspråket eller så må norske forlag legge ein større innsats i å omsette slik litteratur. Forlaga kan ikkje berre legge ansvaret på brukarane for at dei ikkje kan levera innhaldet som det akademiske miljøet trong, slik Bokbasen argumenterer i Khrono sin reportasje. Det nyttar ikkje å klage over at dei ikkje når opp i abudskonkurransar om dei ikkje kan levere det innhaldet som blir bestilt.

Mest lest

Arrangementer