Kommentar

Slutt med elbilfordelar i storbyane!


To av tre bilar som vart selde i juni var elektriske. I juli feira Elbilforeininga at det no er over 400 000 elbilar på norske vegar. Ein månad seinare er den same Elbilforeininga ute med skremmebilde om at folk ikkje kjem til å kjøpe elbil om staten fjernar momsfritaket. Dei seier at me ikkje kjem til å nå målet om at 100 prosent av nybilsalet skal vere utsleppsfritt innan 2025.

Elbilen BMW i3 lader. Foto: K?rlis Dambr?ns CC.BY.
Elbilen BMW i3 lader. Foto: K?rlis Dambr?ns CC.BY.

Dei fleste partia meiner no at det er på tide å fjerne fordelane som elbilistar har. Mange nok har nytta seg av gulrota som skulle få i gang overgangen til utsleppsfrie køyretøy. Det er ingen grunn til at skattebetalarane skal fortsette å subsidiera momsfritaket til elbilistane, no som både utval av køyretøy og ladeinfrastruktur byrjar å kome på plass. Det er òg berre tre år til at det blir påbodet å berre selje utsleppsfrie bilar her i Noreg, og me er ikkje det einaste landet som har slike planlagde påbod på blokka.

Elbilfordelane har gjort jobben sin i dei store byane i alle fall. Det er på tide å fjerne fordelar som momsfritak, køyring i kollektivfelt og andre goder for elbilistene. Når elbilparken utgjer mellom 20 og 30 prosent av bilparken, er det ikkje lenger naudsynt med gulrøter.  

Mest lest

Arrangementer