Magasin

Den hayekianske velferdsstaten

Kva fant dei: Det er mogleg å kombinere ein stor stat med høg økonomisk fridom.

Korleis dei fann det ut: Andreas Bergh hjå Universitetet i Lund har i fleire år arbeida med å teste omgrepet den hayekianske velferdsstaten, og arbeide has blir lagt merke til og sitert i anna forsking. Den nyklassiske økonomiske skulen reknar ein stor stat ut frå kor mykje av bruttonasjonalproduktet staten tek. Bergh tek utgangspunkt i Hayeks argument om korleis ein nyttar kunnskap i samfunnet, som var utgangspunktet for Hayeks kritikk av sentralisert planøkonomi.

I artikkelen diskuterer han ulike premisser for økonomisk fridom og introduserer korleis kunnskapen er nytta som eit av kriteria for økonomisk fridom. Eit system som forutsett at ein sentral planleggjar sit på all kunnskap vil gje ein mindre fri økonomi, og eit system som legg opp til at kunnskap er desentralisert og gjer innbyggjarane moglegheit til å gjere egne val på bakgrunn av egne preferansar gjer ein meir fri økonomi.

Han går igjennom dei politiske vala som vart tatt når svenskane reformerte pensjonssystemet sitt på 1990-talet. Dei starta med eit tradisjonelt pensjonssystem der dei som jobba betalte for dei som var pensjonerte. Etter reforma har dei valt ein meir berekraftig løysing som legg større vekt på preferansane til dei som er medlemmar i pensjonskassa. Han konkluderer derfor at det er mogleg å finne politiske løysingar som gjer større økonomisk fridom, sjølv i store velferdsstatar som ein finn her i Skandinavia.

Korfor er det viktig: Større valfridom og auka økonomisk fridom er eit premiss for eit liberalt samfunn. Introduksjonen av omgrepet den hayekianske velferdsstaten gjer liberale eit nytt verktøy for å finne gode, liberale politiske løysingar innanfor ramma av det politiske og økonomiske systemet me lever i her i Skandinavia.

Kor du kan lese meir: Bergh, Andreas. “Hayekian Welfare States: Explaining the Coexistence of Economic Freedom and Big Government.” Journal of Institutional Economics 16, no. 1 (2020): 1–12. doi:10.1017/S1744137419000432.

Mest lest

Arrangementer