Nyheter

Fornuftsbrøl fra regjeringa

Tidlegare var det muslimar som fekk folk på ytre høgre side til å skjelve i buksene over ei tapt framtid, men no er det olja. Eller snarare slutten på oljeeventyret. Facebook-gruppa Oljebrølet har nådd 225 000 medlemmar på ei uke. Gruppa skal visstnok vere ei motvekt til folk som ikkje forstår kor viktig olja er.

Midt i oljebrølet la regjeringa fram eit forslag om endring i petroleumsskatten. Høyringsforslaget inneber at skattemessige insentiv for nye prosjekt blir fjerna. Det blir eit nøytralt skatteregime som gjer at bedriftene sjølv må bere kostnaden av prosjekter som ikkje er så lønnsame. Dei får ikkje lenger draghjelp av staten. Det er et eit smart forslag.

Regjeringas forslag om ny petroleumsskatt er eit fornuftig skritt for framtida midt i all brølinga frå dei politiske fløyane. Foto: Evan Long CC.BY.NC.

Alle partia på Stortinget er i prinsippet samde i forslaget, med unntak av FrP sjølvsagt. Det er jo de som er oljebrølets parti. Det mest reaksjonære av alle Stortingspartia, som har valt å bruke valkampen på klønete kulturkrig i staden for å vise kva politiske alternativ dei har.

Ap veit også at forslaget er eit godt forlik mellom ekstreme forslag om å stenge krana no og å utvinne som om det ikkje var nokon global oppvarming. Dei må berre tenke seg om fyrst. Det betyr at dei må konsultere partieigarane sine i LO for å sjekke om dei får lov til å støtte forslaget frå regjeringa.

Petroleumsskatten har stort sett lagt fast sidan 1992. Den store endringa kom i fjor, då staten kom inn med generøse ordningar for å oppretthalde arbeidsplassar i tilførselsnæringa under pandemien. Dei ordningane må ha ein sluttdato. Arbeidsledigheta blant ingeniørar viser at det er på tide å avslutte disse ordningane no.

Ordningane har gjort jobben dei vart laga for. Det er med andre ord eit godt tidspunkt for å sjå korleis petroleumsskatten skal bli i ein varmare framtid der etterspørselen etter olje kjem til å gå nedover. Det er jo ikkje sjølvsagt at du og eg skal fortsette å subsidiere lite lønnsame oljeprosjekt i ein framtid der etterspørselen går ned.

Omlegginga til fornybar energi er godt i gang. Forslaget om ein nøytral petroleumsskatt er eit godt forslag. Korkje oljebrølarar eller klimabrølarar får det som dei vil, samstundes som næringspolitikken tar eit skritt i riktig retning. Det er bra for dei av oss som ikkje brølar så mykje, men som vil ha ein næringspolitikk som er berekraftig, både økonomisk og miljømessig.

Mest lest

Arrangementer