Magasin

Den store løgnen

I dag er det eitt år sidan Donald Trump tapte valet i USA. Allereie før valet hadde han snakka om at heile valet var organisert slik at han kom til å tape og at heile greia var fusk. Strengt tatt hadde han også sagt at det forrige valget, som han vant, var fusk. Men vi skal la det liggje. No skal vi ta for oss valet i 2020, som han tapte.

Donald Trump ser ut over en gruppe mennesker på vestsiden av Kongressen
Donald Trump holder tale utenfor kongressen. Foto: Shane T. McCoy/U.S. Marshals.

Alt i alt har Trump og hans allierte har sett i gong nærmare 60 søksmål om gjennomføring av valet eller valresultatet. Dei to siste av desse søksmåla blei forkasta av høgsterett 8. mars 2021. Det eine søksmålet var mot delstaten Wisconsin. Trump hevda at delstaten hadde tillaten ulovlege reglar for førehandsrøysting. Det andre søksmålet som blei avvist av høgsterett var søksmålet frå advokaten Lin Wood mot fleire tillitsvalde som har ansvar for val i Georgia, inkludert delstaten sin innanriksminister Brad Raffensberger. Målet med søksmålet var å få stansa ei avgjerd om korleis veljarar som stemmer via post dokumentere identiteten sin.

Til denne artikkelen har eg klart å grave opp 56 søksmål, sjølv om

StadKonklusjonPartaneTema
NVAvtale inngåttKraus v. CegavskeStoppe teljing til «meiningsfull observasjon» var tillaten.
AZAvvistBurk v. DuceyOmstøyte stadfestinga av valet i AZ
AZAvvistBowyer v. DuceyOmstøyte stadfestinga av valet i AZ
AZAvvistWard v. JacksonForhindre AZ frå å stadfeste valet.
AZAvvistArizona Republican Party v. FontesUtvide ettersjekkinga av røystinga.
AZAvvistAguilera v. FontesVeljar hevdar stemma ikkje blei telt, systemet viste at stemma var telt og ho fekk derfor ikkje stemme igjen.
DCAvvistWisconsin Voters Alliance v. PencePåleggje Pence å avvise valet frå fem delstatar.
GAAvvistTrump v. KempForhindre GA frå å stadfeste valet.
GAAvvistTrump v. RaffenspergerAvvise valet på bakgrunn av valfusk.
GAAvvistBoland v. RaffenspergerAvvise valet på bakgrunn av valfusk.
GAAvvistPearson v. KempOmstøyte stadfestinga av valet i PA fordi Dominion hadde tukla med stemmemaskinene til fordel for Biden.
GAAvvistWood v. RaffenspergerUnderkjenne valet i GA slik at delstatsforsamlinga kunne peike ut valmenn.
MIAvvistJensen v. SimonAvvise valet i tre valdistrikt på bakgrunn av valfusk.
MIAvvistJohnson v. BensonSkilje ut røystesetlar og utsetje stadfesting av valet.
MIAvvistCostantino v. DetroitRevisjon av valet, forby stadfesting av valet, ny val og nytt krav om å revidere valet.
MIAvvistDonald J. Trump for President, Inc. v. BensonStoppe teljing av førehandsrøystar.
MIAvvistStoddard v. City Election CommissionStoppe teljing av førehandsrøystar i Detroit.
MNAvvistKistner v. SimonUtsetje stadfestinga av valet i MN
NVAvvistRodimer v. GloriaBe om ny val på grunn av feil med stemmemaskinene som blei brukt til å telje poststemmer.
NVAvvistLaw v. WhitmerAvvise valet på bakgrunn av valfusk med signaturgjenkjenningsmaskiner.
NVAvvistMarchant v. GloriaOmval på bakgrunn av feil med teljemaskinene som blei brukt for å telje poststemmer.
NVAvvistBecker v. GloriaOmval på bakgrunn av feil med teljemaskinene som blei brukt for å telje poststemmer.
PAAvvistMetcalfe v. WolfOmstøyte stadfestinga av valet i PA
PAAvvistKelly v. PennsylvaniaEkskludere poststemmer, alternativt be delstatsforsamlinga om å peike ut valmenn.
PAAvvistAnke frå Donald J. Trump for PresidentAnke om å omstøyte teljing av 8000 stemmer i Philadelphia.
PAAvvistDonald J. Trump for President, Inc. v. BoockvarAvvise valet i «demokratisk dominerte valdistrikt» på grunn av manglande sikring mot fusk.
PAAvvistAnke frå Donald J. Trump for PresidentAnke for å stoppe teljing av poststemmer.
PAAvvistDonald J. Trump for President, Inc. v. Philadelphia County Board of ElectionsStoppe teljing til republikanske observatørar er tilstades.
TXAvvistGohmert v. PencePåleggje Pence å stadfeste valet delstat for delstat.
TXAvvistTexas v. PennsylvaniaTX bad om at valet i PA, WI, GA og MI skulle underkjennast.
WIAvvistLeaf v. WhitmerVeljarar bad om stemmemaskiner og data skulle bevarast for framtidig ettersjekking.
WIAvvistTrump v. Wisconsin Elections CommissionAvvise valet på bakgrunn av valfusk.
WIAvvistFeehan v. Wisconsin Elections CommissionAvvise valet på bakgrunn av valfusk.
WIAvvistTrump v. EversAvvise ei mengd førehandsrøystar.
WIAvvistMueller v. Wisconsin Elections CommissionForhindre WI frå å stadfeste valet.
WIAvvistWisconsin Voters Alliance v. Wisconsin Elections CommissionUnderkjenne valet i WI slik at delstatsforsamlinga kunne peike ut valmenn.
WIAvvistTrump v. BidenAvvise valet på bakgrunn av valfusk, telje på nytt i to kommunar.
AZAvvist med rettskraftDonald J. Trump for President, Inc. v. HobbsStemmer skrive med Sharpie-pen blei ikkje telt.
GAAvvist med rettskraftWood v. RaffenspergerEkskludere  førehandsrøystar frå teljinga.
MIAvvist med rettskraftKistner v. SimonAvvise valet på bakgrunn av førehandsrøystar og deretter ettersjekke røystinga.
WIAvvist, i tillegg ble saksøkjer sine advokatar straffetKing v. WhitmerAvvise valet på bakgrunn av valfusk, halde ny val innan sertifiseringsfristen.
PADom i saksøktes favørZiccarelli v. Allegheny County Board of ElectionsEkskludere visse stemmer frå teljinga.
PADom i saksøktes favørDonald J. Trump for President, Inc. v. Bucks County Board of ElectionsEkskludere visse stemmer frå teljinga.
PAInnvilgetDonald J. Trump for President, Inc. v. BoockvarVeljarar som har stemt utan å  oppfylle identifikasjonskrav skal ikkje få tre ekstra dagar til å vise riktig identifikasjon.
AZTrektStevenson v. DuceyOmstøyte stadfestinga av valet i AZ
AZ Trekt Aguilera v. FontesStemmer skrive med Sharpie-pen blei ikkje telt.
GA Trekt Still v. RaffenspergerOmstøyte stadfestinga av valet i GAV.
GA Trekt Brooks v. MahoneyAvvise valet i åtte valdistrikt på bakgrunn av valfusk.
MI Trekt Johnson v. BensonAvvise valet på bakgrunn av valfusk.
MI Trekt Donald J. Trump for President, Inc. v. BensonEkskludere falske stemmer frå valet i eitt valdistrikt.
MI Trekt Bally v. WhitmerAvvise valet i tre valdistrikt på bakgrunn av valfusk.
NM Trekt Donald J. Trump for President, Inc. v. Toulouse OliverUtsetje stadfestinga av valet i NM i påvente av ei etterforsking av om rettsgrunnlaget av stemmeinnleveringsstader og ettersjekke førehandsrøystar.
NV Trekt Stokke v. CegavskeStoppe teljing på grunn av feil med stemmemaskinene.
PA Trekt Pirkle v. WolfAvvise valet i fire valdistrikt på bakgrunn av valfusk
PA Trekt Anke frå Northhampton County Republican ComitteeStoppe valstyret frå å publisere identiteten til veljarar som hadde fått avvist stemma si.
WI Trekt Langenhorst v. PecoreAvvise valet i tre valdistrikt på bakgrunn av valfusk.

I fleire delstatar har stemmene blitt telt på nytt, fleire gonger. Stemmene har også blitt revidert av tredje part.

I vekene og månadene etter valet var det fleire av lesarane våre som sa dei var usikre på valresultatet. Det er forståeleg. Dei færraste har tid og høve til å følgje med på nyhenda og sortere stormangrepet som Trump og tilhengjarane hans gjorde på sanningane frå dei faktiske hendingane. Det er rimeleg. Denne propagandastraumen var i realiteten eit angrep på det amerikanske demokratiet.

Det er ein grunn til at dei fleste advokatane som har vore involvert i desse sakene fått irettesetjingar frå domstolen fordi dei har kome med påstandar om valfusk som ikkje kan dokumenterast. Ein dommar skreiv at saksøkjer sine advokatar måtte lære å skilje mellom krava til å prosedere ei sak i rettsalen, til forskjell frå krava som blir stilt til å prosedere ei sak på kveldsnyhenda.

Ni advokatar som freista å få omstøytt valresultatet i Michigan har blitt dømt til å ta juridisk etterutdanning og å betale kostnadene Detroit og Michigan har hatt i samband med søksmålet. Ein av advokatane til Trump har mist advokatbevilling i New York og fleire delstatar vurderer bevillinga til advokatar som har representert Trump. Dei fleste har trekt seg i etterkant.

Trump-kampanjen, fleire av advokatane og eit par Trump-surrogat har også blitt saksøkte av Dominion, som er stemmemaskinselskapet dei påstår har levert stemmemaskiner som skal ha gitt Biden ekstra stemmer. I dag kom nyhende om at ein valtillitsvalt òg har saksøkt fleire av dei som har stilt spørsmål ved valet, for at dei har øydelagt ryktet hans.

Amerikanske terrorister stormer Kongressen under et Trump-rally 6. januar 2021. TapTheForwardAssist CC.BY.SA.
Amerikanske terrorister stormer Kongressen under et Trump-rally 6. januar 2021. TapTheForwardAssist CC.BY.SA.

Angrepet på det amerikanske demokratiet blei avverja i denne omgangen, men systemet er kanskje enda meir sårbart framfor neste val. Ingen av partia klarer å stable på beina ein stabil fleirtalskoalisjon av veljarar, veljarane er framleis politisk og geografisk polarisert og Kongressen er for alle praktiske formål framleis ikkje i stand til å handtere oppgåvene dei har fått i grunnlova. Sist gong dette skjedde i amerikansk historie, tok det 30 år å få på plass ein ny, stabil fleirtalskoalisjon av veljarar bak eitt av partia. Vi tel litt over 20 år så langt denne gongen. Vi som er tilhengjarar av liberale demokrati har ingen grunn til å søkkje skuldrene over USA si framtid.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

0 kommentarer
Inline Feedbacks
View all comments

Fra arkivet