Magasin

Frilynt debatt

Det er snart 30 år sidan eg sist var på eit landsmøte i Unge Venstre. Deltakarane er mykje yngre enn sist. Eller så er det kanskje eg som har blitt eldre, men elles er det lite som har endra seg. Denne gjengen er framleis oppteken av miljø og ei verd utan grenser.

Heile tre timar hadde ungdomspartiet sett av til generell politisk debatt på fredag ettermiddag og kveld. Terskelen var låg for å delta. Eit av innlegga var til og med ei oppfordring til nye deltakarar på landsmøtet om bruke dette høvet til å ta ordet. Finst det noko annan stad som er så trygt for å debutere på talarstolen, enn ein sal full av liberale venner, ville talaren vite.

Nesten ein tredjedel av deltakarane var på landsmøtet for fyrste gong, og dei hadde fått vite at dei skulle starte med å seie “Hei, eg heiter … og dette er mitt fyrste landsmøte.” når dei gjekk opp på talarstolen, noko som umiddelbart utløyste entusiastisk klapping frå heile salen.

Sondre Hansmark har gitt sin siste tale som leder til Unge Venstres landsmøte og går ned fra talerstolen til stående applaus. Foto: Lene Johansen.
Sondre Hansmark har gitt sin siste tale som leder til Unge Venstres landsmøte og går ned fra talerstolen til stående applaus. Foto: Lene Johansen.

Mange av innlegga handla sjølvsagt om alt den nye regjeringa skal reversere og alle menneska regjeringa skal returnere. Arbeidarpartiet fører Fremskrittspartiets flyktningepolitikk vart det sagt frå talarstolen. For liberale Unge Venstre-folk er den ikkje lang vegen frå klimaendringar til klimaflyktningar. Ein talar ville inkludere klima som gyldig årsak for å få opphald i Noreg. Fleire trekte òg fram EU-medlemskap som eit verktøy for å forhindre flyktningar frå å drukne i Middelhavet.

Den nye regjeringa fekk kritikk for sine bakoverlena ambisjonar i klimakampen. Fleire gav uttrykk for at Støre fekk rettmessig kritikk for å dra til klimakonferansen med bodskap om å omstille, og ikkje avvikle, oljebransjen. Samtidig var det lite snakk om vindkraft eller vasskraft. Kjernekraft er kva dei unge liberalarane vil ha. Kjernekraft og sjøknelare visstnok. Fordi sjøknelarar er kule dyr.

Sjøknelere er kule dyr. Enkelte arter av disse fargerike rovdyrene kan bokse så hardt og fort at vannet rundt klubben begynner å koke. Slik klarer de å slå hull på skallet til byttedyrene eller gjøre dem bevistløse. Foto: Tony Shih CC.BY.SA.
Sjøknelere er kule dyr. Enkelte arter av disse fargerike rovdyrene kan bokse så hardt og fort at vannet rundt klubben begynner å koke. Slik klarer de å slå hull på skallet til byttedyrene eller gjøre dem bevistløse. Foto: Tony Shih CC.BY.SA.

Nokre av innlegga minnet meir om slampoesi, enn politiske innlegg. Slik som innlegget om kor kule sjøknelarar er, eller innlegget om kjipe gamle grandtanter som ikkje skjønne kor viktig det er å vere woke. Det er regjeringa som er den kjipe grandtanta forresten, og ikkje eg som skal bli grandtante i mars.

Det var eit par andre tema på landsmøtet som kjennast velkjent. Innlegg om skeive rettar, personlege historier om å bli banket opp på bygda fordi ein er homofil, kampklare unge damer som ikkje synest det er greitt at skulen ikkje tek seksuell trakassering elevane i mellom alvorleg. “Han er jo sikkert litt forelska i deg.” Dei trassige, rettmessig harme unge damene trivst framleis i Unge Venstre og det er fint å sjå. Som ein av dei sa “Samfunnet har ikkje blitt eit krenkingssamfunn, berre fordi at vi endeleg tør å seie frå om trakassering, rasisme og diskriminering”.

Det er ikkje kort veg frå desse personlege historiene til rusreform, kampen mot sexkjøpslova og hallikparagrafen. Det er rart det der. Eit mødesamt komitearbeid om biopolitikk og kjønnsrettar eg var med på leia fram til eit landsmøtevedtak i 1994. Sjølvråderett over eigen kropp er framleis politikk i den same organisasjonen nesten 30 år seinare. Det er ti til femten generasjonar med ungdomspolitikarar som har heldt på dei same idéane. Og regjeringa som sabla ned rusreforma denne våren kan berre gi seg. Den saka har dei raudgrøne tapt. Spørsmålet er ikkje lenger om vi skal ha ei rusreform, men når. Desse ungdomane har tida på si side.

Sånn sett bør regjeringa få fart på styrkinga av det mentale helsestellet, for det var eit anna tema som kom igjen i innlegg etter innlegg, med ulike meir eller mindre personlege rammar. Ikkje berre har denne generasjonen ungdomar kunnskapar om mental uhelse. Dei veit kva det er fordi dei dei ser korleis andre ungdomar rundt dei slit. Og dei veit at det finst hjelp og er ikkje redd for å krevje at tilbodet skal vere der.

Dette er ein frilynt gjeng som ikkje er redd for å vere seg sjølv. Det som var litt rart, var dei som har vore innom Stortinget og regjeringskvartalet, som stod borte i hjørnet. Dei var litt meir avslipte, blankpussa og måtehaldne. Me hadde knapt fått sånne sist eg var på landsmøte. Den generelle politiske debatten på Unge Venstres landsmøte kan minne litt om Twitter. Det er ikkje vanleg med replikkveksling under denne debatten. Folk seier det dei vil, så ein flyt frå tema til tema. Dei snakkar ikkje med kvarandre, men til kvarandre. Det funkar sikkert fint, for det er ein god måte å få dei nye til å ta motet til seg.

Etter eit innlegg om næringspolitikk var det likevel ein i salen som teikna seg til ein replikk. Den unge mannen kom opp på talarstolen og begynte på eit motinnlegg. Plutseleg, ei halv setning inn i replikken, begynte han å syngje Nystemten og store delar av landsmøtesalen stemde i med han. Oslo-benken marsjerte ut av salen. Dette ritualet hadde landsmøtet gjort før. Eg blei sitjande å lure på når dette blei ein tradisjon, for eg kan ikkje hugse det frå mi eiga tid i Unge Venstre.

Hør Sissel Kyrkjebø synge Nystemten dersom du ikke kjenner til Bergens nasjonalsang.

Den avtroppande leiaren visste heller ikkje når dette hadde begynt. Dette hadde dei heldt på med så lenge han har vore med. Ei rådslåing på Unge Venstre Alumni-gruppa på Facebook har datert tradisjonen tilbake til landsmøtet i Bergen i 2000, den gongen då Unge Venstre snudde i EU-spørsmålet. Unge Venstre er for EU. For internasjonalt samarbeid, i nordområda, i sørområda og i alle andre område i verda. Denne gjengen meiner nasjonalisme er ekkelt. «Vi er alle utlendingar, dei fleste stadene i verda» som det sto på ein av brosjyrane som blei laga på mi tid.

Det var ein av dei internasjonale gjestene som hevda at han hadde analysert kva som var problema i Noreg. Det er for mange oljebrunnar her, for liten medverknad i EU og alt for dyr alkohol. Representanten frå Radikal Ungdom i Danmark meinte at løysinga var å sjå tilbake til 1814. Dersom Noreg berre blei med i Danmark igjen, fekk dei både EU-medverknad og billig alkohol.

Mest lest

Arrangementer