Kommentar

Merkeleg debatt om straumprisar

Debattar om straumprisar synleggjer at reine skrøner diverre også gjer seg gjeldande i norsk politisk debatt.

Ok, me unngår stort sett ville konspirasjonsteoriar i Noreg, ein heldig konsekvens av at me har mykje tillit til kvarandre og ein heil del tillit til politikarar her til lands. Det er nok ganske få her til lands som mistenker at Erna Solberg eller Jonas Gahr Støre eller kanskje begge to deltek i hemmelege, sataniske rituale i kjellaren til ei eller anna pizzasjappe i Oslo, for å ta eit langt frå tenkt eksempel frå amerikansk konspirasjonskultur.

Men når eg i kommentarfelt les – gong på gong på gong – at den norske ACER-medlemskapen har skulda for straumprisane, og når dette også kjem frå høgst oppegåande folk, ja, då er det faktisk grunn til uro.

Kvifor meiner eg det?

Det avgjerande for straumprisar er – som for det meste anna i ein marknad – to ting. Det eine er tilbod. Det andre er etterspurnad. Dersom tilbodet vert mindre, til dømes grunna mindre regnvatn til norske vassmagasin, eller grunna lite vind til danske vindturbinar, så påverkar det pris. Når etterspurnaden går opp, til dømes fordi det er kaldt, ja, så påverkar det pris.

Når energimarknaden endrar seg, til dømes grunna omstilling frå fossile brensler til fornybar energi, vil det påverka både tilbod og etterspurnad. Når Tyskland faser ut atomkraftverk, vil det også påverka tilbodet. Og om me brukar straum frå land til å elektrifisera sokkel, påverkar det sjølvsagt etterspurnaden.

Prisen vert også påverka at kor stor marknaden er. Difor påverkar sjølvsagt utanlandskablar prisen. Dei gjer marknaden større. Ofte (men langt frå alltid) vil dette gjera norske straumprisar høgare, sidan prisen ofte er høgare i eksportmarknadene enn dei har vore her heime.

Den kraftnasjonalismen enkelte tek til orde for vil på si side ha ein annan effekt: me vil måtta byggja ut meir kraft for å sikra eigen forsyningstryggleik.

ACER er på si side eit byrå for samarbeid mellom energiregulatorar, altså NVE (RME) og gjengen. Poenget med dette byrået er å harmonisera regelverk, å syta for felles standardar, og å syta for eit felles rammeverk rundt grenseoverskridande energiinfrastruktur, både når det gjeld elektrisitet og når det gjeld gass.

Det er ikkje ACER som avgjer kva me byggjer ut av kraftverk i Noreg. Det er ikkje ACER som avgjer kva me byggjer ut av utanlandskablar (slike har me for øvrig hatt i mange tiår). Deltakinga i ACER er ikkje eit «sal av arvesølvet». Det er heller ikkje rare suvereniteten ein gjev vekk gjennom å vera med på samarbeidet. Dersom det vert bygd nye utenlandskablar i åra som kjem, vil det vera eit resultat av vedtak gjort i Noreg.

Og om du vil, finst møtereferata til ACER opent tilgjengeleg på nettet, du kan gå inn og lesa dei sjølv, og du vil oppdaga at det dei driv med er relativt teknisk og kjedeleg nok til at referata er betre eigna som sovemedisin enn til å skremma Fanden på flatmark.

Og likevel er det ein heil del folk som vil fortelja deg at det er ein gjeng energibyråkratar i Ljubljana som gjev deg høge straumprisar. Det er ei skrøne. Men det er også verre enn som så: Det er ei komplett avsporing frå dei debattane me burde føra. Når debatten dreier seg om ACER, er det ein del den ikkje dreier seg om:

  • Den dreier seg ikkje om konsekvensane av høge straumprisar, konsekvensar som ikkje akkurat fordeler seg likt mellom folk med god og dårleg råd.
  • Den dreier seg ikkje om kva me bør gjera av akutte tiltak, for å syta for at folk som slit økonomisk ikkje blir sterkt skadelidande av høge straumprisar.
  • Den dreier seg ikkje om korleis me kan leggja til rette for at folk, også folk med dårleg råd, kan spara straum.
  • Den dreier seg ikkje om verken akutte eller langsiktige tiltak for å unngå at høge straumprisar gjer norsk næringsliv meir sårbart eller mindre lønsamt.
  • Og den dreier seg heller ikkje om korleis ein på europeisk nivå skal sikra seg tilstrekkeleg tilgang på balansekraft gjennom eit grønt skifte.

Istadenfor måler ein opp eit bilete av ein slags fiende utanfor. Det biletet eignar seg kanskje til å selja politisk populisme, men ein bør helst vera varsam med å mana fram slike bilete likevel.

Misforstå meg ikkje: Det kan vera gode grunnar til å diskutera korleis straummarknaden bør regulerast, eller til å diskutera både elavgifter og meirverdiavgift. Eit toprissystem på straum er ein god idé, men ein idé som i ein deregulert marknad har vore vanskeleg å omsetja i praksis. Det bør ein sjå på på nytt.

Det kan også vera gode grunnar til å diskutera om det er klokt med fleire utanlandskablar.

Det er ein heilt ordinær og høgst rimeleg politisk debatt, der det finst ulike syn, og der ulike interesser og prioriteringar må setjast opp mot kvarandre, og vegast opp mot kvarandre. Eg har mine meiningar om det, du har kanskje andre, og den usemja kan me ha heilt utan å skulda kvarandre for verken dumskap eller vondskap.

Men når åtak på ACER vert kombinert med anklager om at norske politikarar fer med svik, gjerne i tenesta til globalistiske elitar, og at dei gjev katten i vanlege nordmenn, ja, så er det på tide å reagera. Og dei som kjem med slike anklager fer ikkje berre med skrøner, dei fer med skrøner som kan riva sund nettopp tillit. Då bør alarmklokkene kima.

Innlegget ble først publisert på Øyvind Strømmens Facebook-side, og er gjengitt med hans tillatelse.

Mest lest

Arrangementer