Magasin

Kommunen er ein elendig eigedomseigar!

106 kommunale bygg i Oslo står tomme, kunne Aftenposten melde denne helga. Ein ting er at eigedomane ikkje gir inntekter, ein annan ting er at kommunen ikkje kan svare kva dei årlege kostnadene for eigarskapet er.

Ein av desse bygga er naboen min. Det har stått tomt i snart 11 år og er eit staseleg gammalt bygg frå byrjinga på 1920-talet. Oslo kommune kjøpte i tomta Lille Tøyen, som var eit småbruk under Tøyen hovudgard i 1896 mens området framleis var tjukkaste landsbygda.

Bygget er teikna av Andreas Dedekam Messel og er av pusset tegl i nybarokk stil. Dei siste 11 åra har Oslo Politi brukt bygget som treningsarena for politihundar. Det er litt drama knytt til den tommen bygningen også, anten det er ungar som knuser ruter eller anleggsarbeidarar som fyllekøyrer med gravemaskin klokka to om morgonen.

Lille Tøyen Sykehjem den gangen det var nybygget. Foto: Rummelhof-Hansen/Nasjonalbiblioteket.
Lille Tøyen Sykehjem den gangen det var nybygget. Foto: Rummelhof-Hansen/Nasjonalbiblioteket.

Eg har ofte tenkt på kor fantastisk det ville vore og gjort den om til leilegheiter. Det er ingenting å seie på utsikta, der bygget ligg på toppen av Tøyenbakken med utsikt over heile byen, omringa av gamle eiketre. Eg trudde at bygningen skulle renoverast og laga i stand i samband med bygginga av demenslandsbyen Dronning Ingrids Hage, men det har ikkje skjett. No ligg denne indrefileten der, framleis tom. Batteria på nødutgangskilta har gått tomme og bygget er mørkt. Det er nok både trygg og kos for dei nye bebuarane som skal flytte inn i demenslandsbyen om kort tid.

Med dei eigedomsprisane som er i Oslo, er det rart at kommunen tek seg råd til å sitje med så mykje ubrukt bygningsmasse på hendene. For ærleg tald, kommunen har ikkje akkurat noko godt rykte som ansvarleg eigedomsforvaltar.

I 2017 rulla Dagens Næringsliv opp den såkalla Boligbygg-saka, kor fem personar står tiltalte for å ha loppa kommunen for pengar gjennom å kjøpe opp bygningar for så å snu seg rundt og selje dei til kommunen med god forteneste. Både dei som har selt og folk som jobba for kommunen er blant dei fem tiltalte. Revisjonsfirmaet Deloitte har konkludert med at kommunen har betalt mellom 80 millionar og 115 millionar i overpris for desse eigedomane. I april tapte kommunen saka om få tilbakebetalt overprisen.

Villa Sorgenfri på Carl Berner har forfalle i så mange år at det verneverdige bygget no må rivast.

Dei kommunale bustadene i Oslo, som altså ikkje er tomme, har eit vedlikehaldsetterslep på 3,5 milliardar, ifølgje Reza Rezaee frå Rødt i bydelsutvalet på Sagene. Eit einstemmig bydelsutval bad i november om at kommunen gjer det som trengst for å få bygningane i forsvarleg stand.

Det manglar altså ikkje saker der Oslo kommune slepp unna med eigedomsforvalting som private eigedomsforvaltarar ville ha kome i trøbbel for, både økonomisk og med kommunen. Det er på tide å kvitte seg med eigedomar det ikkje finst konkrete planar for. Ein privat eigedomsutviklar kan fint tømme Gamle Tøyen Sykehjem for innhald og byggje flotte leilegheiter bak den staselege fasaden.

Dei forfalne trevillaene ved stranda i Asker får sikkert også føter å gå på, dersom kommunen berre får ut fingeren og legg dei ut for sal. Det er ingen grunn til at dei skal sitje på eigedomar dei ikkje bruker, når andre kan setje dei i stand og fylle dei med liv.

Mest lest

Arrangementer