Kommentar

Austafor koronapass og vestafor politikk

Vi er no meir enn to år inn i koronapandemien, og folk er leie. Det er også tydeleg at både politikarar og offentlege styresmakter begynner å gå tomme for effektive tiltak. Arbeidarpartiregjeringa freistar å vise politisk handlekraft utan å lene seg på staten sine helsefaglege faginstansar. Støre bør vere takksam for at det ikkje fekk like mykje merksemd som då Trump droppa Fauci.

Helseminister Ingvild Kjerkol og statsminister Jonas Gahr Støre har pressekonferanse om koronapandemien uten helsefaglige instanser tilstede. Foto: Statsministerens kontor CC.BY.NC.
Helseminister Ingvild Kjerkol og statsminister Jonas Gahr Støre har pressekonferanse om koronapandemien uten helsefaglige instanser tilstede. Det skapte internasjonal oppmerksomhet den gangen daværende president Trump gjorde det samme. Foto: Statsministerens kontor CC.BY.NC.

Tone Sofie Aglen i VG stilte eit viktig spørsmål i VG denne veka. Kva er eigentleg dei politiske måla med smitteverntiltaka i desse dagane? Kva er det styresmaktene freistar å oppnå?

Jusprofessoren Geir Woxholt stilte eit anna viktig spørsmål på Facebook. Vi har no levt med to år med innskrenkingar i individuell handlefridom, dei største sidan krigen sine dagar. Når meiner styresmaktene at vi er ferdig med pandemien? Har dei ein politisk utgangsstrategi?

Folkevalte i parti langs heile spekteret sit og diskuterer kva politiske tiltak som er mogeleg å gjere innanfor smittevernlova sine rammer. Det er eit krav om at tiltak som å bruke koronapass for å halde dei som ikkje er vaksinerte heime og andre innskrenkingar i handlefridom må ha ei smittevernfagleg grunngiving. Dei leiter etter politiske verkemiddel.

Samstundes viser deg seg at både vaksinerte og ikkje vaksinerte blir smitta av omikronvarianten. Dermed blir det siste av dei store spørsmåla om vi har gått tomme for smittevernpolitiske verkemiddel? Er pandemien no utanfor politikken sitt handlingsrom?

Dersom det faktisk er slik at dei einaste verkemidla vi står igjen med for å verne oss mot smitte er individuelle åtferdsendringar slik som munnbind, handvask, sosial avstand og samlingar ute i frisk luft, bør vi få vite det. På eit eller anna tidspunkt vil vern mot smitte til sjuande og siste vere vårt eige ansvar.

Folkehelseinstituttes planscenario for covid-19 pandemien fra mars 2020.
Ved pandemiens begynnelse så Folkehelseinstituttet for seg at pandemien ville ha fem faser. Hvor er vi i denne planen nå?

Er vi no ein stad mellom fase fire og fase fem i Folkehelseinstituttets planscenario for covid-19 epidemien? Dersom det er tilfellet, bør politikarar som ønskjer å framstå som handlekraftige erklære pandemien som over, gi tydelege meldingar om kva som er viktige politiske mål og korleis vi som enkeltmenneske no skal oppføre oss for å ta ansvar.

Dersom smittespreiinga no er utanfor politikken sitt handlingsrom bør politikarane leggje vekk den politiske verktøykassa.

Mest lest

Arrangementer