Magasin

På tide å gripe tak i ein gamal debatt?

Kor høgt går eigentleg eigedomsretten? Kven eig månen? Lesarar som var aktive i FPU på 1990-talet trekkjer kanskje litt på smilebandet no, men debatten er faktisk meir aktuell enn nokosinne på grunn av private romprogram og meir ambisiøse romprogram frå ei rekkje nasjonalstatar.

SpaceX og OneWeb har til saman planar om å senda rundt 14 000 satellittar opp i rommet, og det er ganske fullt der frå før. For utanom søppel og skrot er det rundt 4000 intakte romfartøy av ulike slag som svever rundt der oppe. Berre rundt 1800 er operative. Andre joledag måtte den kinesiske romstasjonen utføra ein unnamanøver for å ikkje krasja med ein av satellittane til SpaceX. Romstasjonen vart send opp i april i fjor.

Illustrasjonen viser de mer enn 20 000 objektene som European Space Agencys Space Debris Office holder orden på daglig for å forhindre at romfartøy krasjer inn i det på vei til den internasjonale romstasjonen. Illustrasjon: European Space Agency CC BY-SA 3.0 IGO .
Dettte viser de mer enn 20 000 objektene som European Space Agencys Space Debris Office holder orden på daglig for å forhindre at romfartøy krasjer inn i det på vei til den internasjonale romstasjonen. Illustrasjon: European Space Agency CC BY-SA 3.0 IGO .

SpaceX åleine har planar om å senda opp 42 000 satellittar før sjefen for Starlink-prosjektet til SpaceX er nøgt. Amerikanske romforskarar var ottefulle for akkumuleringa av skrot i den delen av verdsrommet som er nærast jorda alt i 1960

I 1978 lanserte Donald Kessler teorien om at ein enkel kollisjon kunne enda opp i ein kjedekollisjon som fylte området med skrot i småbitar, slik at det ikkje var mogeleg lenger ville vera mogeleg å finna ein trygg veg gjennom denne delen av verdsrommet. Nå som me forsiktig har skritta inn i den private romturismen si tid, bør me byrja å tenkja på å rydja opp etter oss der oppe. Dei fyrste turistane var i rommet i fjor.

Me er i ein tilsvarande situasjon på månen. I løpet av 2022 kjem Sør-Korea, Emiratene, Russland og India til å senda ubemanna ekspedisjonar til månen. Der vil dei finna restane etter den amerikanske månelandinga og andre ubemanna ekspedisjonar. I tillegg vil dei få selskap av heile 18 ubemanna ekspedisjonar til månen dette året, som eit ledd i planane for å senda menneske dit i 2025.

I motsetning til Apollo-ekspedisjonen har amerikanarane planar om å etablera eit permanent nærvær på månen. Ikkje på overflata i fyrste omgang, men gjennom å etablera ein internasjonal romstasjon som kan vera base for ekspedisjonar til overflata. Både Canada, Japan og EU er med på dette prosjektet. Stasjonen har fått namnet Gateway. Russland og Kina erklærte eit tilsvarande prosjekt i 2021. I tillegg har Kina planar om å byrja å fabrikkera bygningar på månen si overflate i 2028.

Illustrasjonen viser forskjellen mellom at vi gjør noe med alt skrotet i den delen av verdensrommet som er nærmest gjorden før 2209 eller ikke. Illustrasjon: European Space Agency CC BY-SA 3.0 IGO .
Illustrasjonen viser forskjellen mellom at vi gjør noe med alt skrotet i den delen av verdensrommet som er nærmest gjorden før 2209 eller ikke. Illustrasjon: European Space Agency CC BY-SA 3.0 IGO .

Det er alt ein del internasjonalt avtaleverk på plass, for kven som har eigarskap til kva og kva som ikkje kan eigast av ein nasjonalstat åleine. Desse må kanskje reviderast no som òg private selskap er med på romkapplaupet. Og så er spørsmålet når me får på plass avtalar om korleis me skal rydja opp etter oss, slik at kjølvatnet til menneskja gjennom verdsrommet ikkje kan sporast ved hjelp av søppelet me etterlèt oss.

Mest lest

Arrangementer