Nyheter

Kjernekraft og gass er berekraftig likevel

Kjernekraft og gass vert inkludert på lista over berekraftige energialternativ i EU-taksonomien. EU-taksonomien er kjernen i EU si åtgjerd for berekraftig finans.

Vanndamp er det det mest forurensende utslippet fra et kjernekraftverk. Foto: Markus Distelrath

Heile tiltakspakken for berekraftig finans består av EU-taksonomien, som er eit system for å definera om ein økonomisk aktivitet er berekraftig, eit standard for grøne verdipapir, metodar for å setja klimamålsetjingar og informasjon om klimamålsetjingane og ein rettleiar for betre bedrifta sin informasjon om klimarelaterte aktivitetar.

I utgangspunktet var kjernekraft og gass ikkje rekna som berekraftige energiformer i taksonomien, men vinteren sine energiprisar har vore eit tydeleg politisk signal til EU-kommisjonen om at dei fornybare energialternativa åleine førte til for store sosiale kostandar. Målet med EU si grøne vekstrategi er få ein smertefri overgang til ein klimanøytral økonomi innan 2050 utan å ofra økonomisk vekst.

Mest lest

Arrangementer