Nyheter

Unge Høgre vil fjerne den daude pornoparagrafen!

100-årsjubilanten Unge Høgre har hatt landsmøte i helga. Skole og justis var dei to største politiske områda på agendaen. Det er viktig for Liberaleren å rapportere om ungdomspartia, men redaksjonen har svikta stort i helga, då vi ikkje har klart å finne folk som kunne være til stades på landsmøtet. Det får vi berre be om orsak for. Unge Høgre har tidlegare strøyma landsmøta sine på internett, men vi har ikkje klart å finne et opptak frå årets møte.

Ola Svenneby fekk attval i to nye år som leiar i Unge Høgre. Hedmarkingen studerer samfunnsøkonomi på UiO og er fjerde vara på Stortinget. Han har tidlegare òg vore varamedlem i kommunestyret i Hamar, men har så langt ikkje fått mykje praktisk erfaring som politikar utanfor Høgre sine eigne organisasjonar.

Ola Svenneby og Erna Solberg på Høyres landsmøte 2022. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen CC.BY.NC.SA.
Ola Svenneby og Erna Solberg på Høyres landsmøte 2022. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen CC.BY.NC.SA.

Unge Høgre er ein av dei politiske ungdomsorganisasjonane som har god styring på landsmøtet. Der Unge Venstre har spontandebattar og mykje aktivitet under landsmøtet, har Unge Høgre mykje aktivitet før landsmøtet. Folk måtte melde seg til debatt to veker før møtet vart satt. Om ein ville sende inn forslag til endringar, måtte en være ut en månad før møtet. Delegatlista skulle meldast inn to månader før møtet. Det ligg en disiplin i dette som flyttar mykje politisk diskusjon ut i fylkesforeiningane og sånn har det vore i fleire tiår.

Den største debatten på landsmøtet var skoleprogrammet. Unge Høgre la ut fleire duellar om omstridde tema i dei to programma i byrjinga på juni. Tre av dei var frå skoleprogrammet. Den eine handla om eit minimumskrav for kor store friskolar skal være. Fleirtalet ville ikkje ha noko minimumskrav. Ein av dei andre store debattane var om friskular skal få lov til å diskriminere eller ikkje. Fleirtalet ville at friskulane skulle ha dei same krava som den offentlege skolen. I dag lærer norske skoleelevar engelsk og norsk frå første klasse. Det andre framandspråket kjem på åttande klassetrinn. Eit mindretal ville at det andre framandspråket skulle kome på tredje klassetrinn.

Landsmøtet landa på ei forlikt løysing der elevane skulle starte det andre framandspråket i femte klassetrinn. Dei har ikkje delt kva landsmøtet landa på i friskoledebatten. Resten av avgjerda dei har delt handlar om å gi fleire val til elevane som vel yrkesfag med lærlingkontrakt.

Førehandsduellane på justisfeltet handla om ein var for eller mot pornoparagrafen i straffeloven. Denne paragrafen er sovande fordi Stortinget ikkje valde å endra han etter at Stein Erik Mattson vart frikjend for brot på paragrafen rett før den store straffelovsreforma i 2005. Unge Høgre har vedtatt å fjerne den sovande paragrafen.

I tillegg har dei vedtatt at dei vil auke talet på politistudentar, prøve ut kroppskamera og at politiet ikkje skal være væpna som standard. Dei ønsker òg høgare straffar for drap, grov valdtekt og grov vald. Fleire av vedtaka styrkar òg rettane til offer for seksuallovbrot.

Resolusjonskomiteen hadde innstilt på to av dei framstilte resolusjonane. Den eine heit Raskare fram, tryggare heim og handla om mobilitet i alle formar og fasongar. Den var vedteken. Den andre handla om EU-medlemskap og det var landsmøtet for. Den siste innstillinga frå resolusjonskomiteen var open, og det vedtekne forslaget var eit ja til NATO-basar i Noreg.

Mest lest

Arrangementer