Kommentar

Vi må verne arbeidsplassane!

Vi må verne arbeidsplassane har vore det politiske målet ALLE har vore samd om sidan pandemien starta. No er det straumkrise og ein del verksemder slit med å få budsjetta til å gå i hop. Rogaland er hardt ramma med straumprisar som ligg langt over resten av landet. Marianne Gudmundson Chesak, fylkesordførar i Rogaland, gjentok igjen at vi må verne arbeidsplassane på Politisk kvarter fredag morgon. Problemet er berre det at det å verne arbeidsplassane gjer at me får større ulikskap.

Pandemi, krig og andre krisar har opp gjennom historia vore sjokk til det økonomiske systemet som har gjort ulikskapen mindre. Men denne pandemien har ikkje gjort det, fordi vi nytta store delar av fellesskapets pengar på å halde økonomien stabil. Stabilitet gjer at vi ikkje får ein omfordeling av oppsparte eigedelar, fordi dei som har mykje kvittar seg med det for å bruke ressursane på ein anna måte.

Vinteren 2021 kunne NRK melde at utleigarar fekk pandemistøtte for tomme leigebustader. Omtrent samstundes kunne NRK melde at det ikkje var nok bustader på marknaden. Prisane på å kjøpe bustad gjekk opp, mens ein haug med bustader sto tomme. Kor mange av leigebustadane hadde vorte lagt ut for sal om ikkje utleigarane hadde fått støtte for å la dei stå tomme? Pandemien kunne ha frigjort bustader til salsmarknaden, og ein lærar eller ein helsefagarbeidar kunne ha fått råd til å kjøpe ein bustad nær der dei jobbar.

Det skjedde ikkje fordi vi må verne om arbeidsplassane.

Kva eigedelar kunne ha blitt flytta over på nye eigarar som hadde klart å drive dei meir effektivt og skape meir verdiar, enn dei som eiger dem i dag, dersom vi ikkje hadde alle støtteordningane til eigarane for å verne om arbeidsplassane? Kunne kanskje dei som jobba i verksemda klart å kjøpe ut eigaren og halde frå drifta sjølv? Kunne nokon annan kjøpt eigendelande og laga nye og betre arbeidsplassar?

steiner balansert oppå hverandre
Det er en fin balansekunst mellom likhet og stabilitet. Det har vi glemt å snakke om i alle krisene som har vært. Foto: Seturtle CC.BY.NC.SA.

Joda, store endringar og usikkerheit har òg ein kostnad. Folk som mistar arbeidsplassane sine vil ikkje ha så mykje å bruke på forbruk i ein periode. Vi har klart å få i gang hjula på Noreg mykje betre, samanlikna med resten av Europa, fordi folk berre gjekk tilbake til jobb når pandemien var over. Dei hadde ikkje funne seg noko anna å gjere, og arbeidsgjevaren vart ikkje tvunge til å rekruttere og lære opp nye arbeidstakarar. No har vi ein økonomi som går som eit olja lyn, mens resten av Europa slit med å finne arbeidskraft.

Men om ein er bekymra for at ulikskapen blir for stor. Slik eg er. Slik fagrørsla er. Slik venstresida er. Slik høgresida burde være. Så bør vi ta ein prat om all denne økonomiske stabiliteten, skapar det samfunnet vi ynskjer oss, eller om det bidrar til å holde fast på og forsterke eksisterande fordeling av eigedelar. Vi har ikkje tatt den samtala. Det er ein samtale verdt å ta.

Mest lest

Arrangementer