Kommentar

Vel å være ein Mensch.

På fredag var det fire år sidan senator John McCain døydde og anledning dagen valde Libertarian Party i New Hampshire å publisere eit bilete av dottera hans som gråt over kista hans, med teksten «god høgtid». Eg skal ikkje nytta denne teksten på å kritisere utviklinga i Libertarian Party dei siste åra: Det er ikkje relevant for norske forhold, og eg skriv ikkje lenger om amerikansk politikk. Men eg skal snakke om noko anna, som ligg meg og mange andre i redaksjonen nært, nemleg den offentlege samtalen.

Jan Arild Snoen om avskymemet til New Hampshire LIbertarian Party
Jan Arild Snoen om avskymemet til New Hampshire LIbertarian Party. Skjermdump: Twitter.

Sjølv om vi ikkje har sett så mykje av det her i Noreg, som vi har sett i andre land dei siste åra, er forakt og avsky kryptonitt for offentlegheita. Heile grunnlaget for liberale demokrati er at vi har gode offentlege samtalar der alle kan delta. Då finn vi forlik og gode løysingar. Når vi kommunisera med andre med forakt eller avsky, formidlar vi at det menneskje vi talar til ikkje er verdt noko.

-Tenk over det. Når var du sist utsett for nokon som snakka til deg med forakt?

Den kjensla er ikkje noko du gløymer. Og den naturlege reaksjonen er å ta igjen. Eg skal gladeleg innrømme at eg i blant fell for freistinga. Det gjer det ikkje betre at eg har lært fleire amerikanske vis å ta igjen på, som høyrest vennlege ut til øyrer som ikkje kjenner lokale skikkar frå dei amerikanske sydstatane. Posten til Libertarian Party i New Hampshire er ein sånn post. Avsky. Forakt. Du er ikkje verd noko. Vi skal ikkje ta hensyn til deg. Du er ikkje et menneskje.

Oftast vel eg den andre vegen. Eg reagere tilbake med å være sakleg, og vise omsorg og varme. Og eg legg merke til dei andre i det offentlege ordskiftet som òg vel å reagere slik. Vi ser kvarandre og veit at vi har same mål. Å få eit godt offentleg ordskifte der ein kan være usamd om viktige saker i samfunnet, men ein ser at dei andre i ordskiftet kjempar for det dei trur på og at vi tilhøyrar det same fellesskapet når ordskiftet er over. Vi kan sjå meiningsmotstandarane i auga, neste gong vi møter dei fysisk. Dei er menneskjer. Dei høyrer med i det same fellesskapet som meg, sjølv om vi ikkje er samde om alt. Dei er ein Mensch, som ein seier på Yiddish.

Men det tek øving dette her, å stoppe seg sjølv når ein sitt der og hamrar på tastane for å skrive det perfekte nådestøyten av ein svarkommentar. Så her er eit par hugsereglar for å kommunisere betre og for å nedkjempe foraktkultur på sosiale media og i kvardagen.

  1. Kom med fem positive og oppmuntrande ytringar for kvar negative eller korrigerande ytring. Du vil bli overraska over korleis det endrar folk i rundt deg. Og ja, dei fleste nordmenn slit med å ta i mot positive kommentarar, men det er enkelt. Berre sei takk. Og over tid bygger vi eit fellesskap der vi støttar kvarandre i kvardagen.
  2. Stå opp for dei som ikkje er til stades. Det er så lett å si noko med forakt om ein person eller gruppe som ikkje er til stades. Det er vanskelegare enn ein trur, å si  «eg liker ikkje at du snakkar stygt om X» eller «eg ynskjer ikkje å delta i ein samtale der vi snakkar sånn om folk». Samstundes er det fleire av dei som er til stades som kjem til å være takksame for at du gjorde det, og igjen har du vært med på å lage eit betre ordskifte.
  3. Vær ærleg med deg sjølv. Har du vist forakt for nokon? Be om orsak. Ikkje berre kan det reparere ein relasjon, men det gjer at terskelen blir høgare for for å ikkje stoppe neste gang du kjenner svartkjensla vekse inni deg og fingrande dansar over tastaturet som om Djevelen sjølv spiller opp til Fanitullen i bakgrunnen.

Si nei til avsky og forakt. Vel å være ein Mensch.

Mest lest

Arrangementer