Kommentar

Stortingets petroleumsavhengnad

Kor stor del av det norske statsbudsjettet kjem frå oljefondet? Vener frå Storbritannia var på besøk rett før sommaren og det var spørsmålet eg fekk frå ein av gjestene. Det tok meg ein stund å finne svaret, fordi det einaste talet vi høyrer kvar einaste gong det er snakk om oljefondet og statsbudsjettet er handlingsregelen på 3,5 prosent, men i 2020 var den oljefondfinansierte delen av statsbudsjettet 20 prosent. Eg var sjokkert over kor mykje det var.

Overføringen fra fondet til statsbudsjettet dekker det oljekorrigerte underskuddet. Kilde: DFØ.
Dei årlege overføringane frå oljefondet som dekkar inn overforbruket til Stortinget. Kilde: DFØ.

Sidan starten på pandemien i mars 2020 har Stortinget løyva pengar utanfor den normale budsjettprosessen. Det har vore eit fullstendig kollaps av budsjettdisiplinen som dei vanlegvis har. Så kom kraftkrisa og krigen i Ukraina på toppen av det heile. Ei krisepakke her og ei krisepakke der, vart altså til slutt 20 prosent av heile statsbudsjettet i 2020. Fleire Stortingspolitikarar har no sagt at dei må tilbake den vanlege budsjettprosessen.

Stortinget har det siste tiåret, med Høgre-regjeringa i spissen, lagt til seg et høgt forbruk der mellom  fem til ti prosent av Statsbudsjettet finansierast med uttak i oljefondet. Det er ikkje berekraftig for norsk økonomi i framtida og i år har oljefondet krympa, på tross av store petroleumsinntekter.

Tysdag held finansminister Trygve Slagsvold Vedum eit foredrag før regjeringa samlast for å gå igjennom haustens budsjett som skal leggast fram 6. oktober. I foredraget var Vedum tydeleg på at pengebruken må ned. Høgt offentleg forbruk gjer meir drivstoff til inflasjonen og inflasjonen skal ikkje få greip om den norske økonomien. Så får vi sjå om regjeringa klarar å halde disiplinen.

Mest lest

Arrangementer