Kommentar

Dagsavisen har kasta den første stein

Onsdag 5. oktober går startskotet for Mont Pelerin Society-møtet i Oslo. Den norske venstresida har lenge hatt Mont Pelerin som den store busemannen i ein imaginær verdskonspirasjon som skal gjennomføre alt som er vondt her i verda. Derfor kom det ikkje som nokon stor overrasking at Dagsavisen nyttar høvet til å publisere ein kommentar av Ivar Hippe som inneheld ein heil rekkje feilaktige opplysningar om Mont Pelerin Society i dag.

Hovudargumentet hans er at medlemmane av Mont Pelerin Society har vore støttespelarar og idéskaparar for Donald Trump. Tankerekkja hans er at enkelte av dei som har vore med på å starte Mont Pelerin Society seinare var med på å starte tankesmier som er del av Atlas Network, og at ein av desse tanksmiane har støtta Trump.

Fire menn sitter rundt et bord å snakker sammen over en kaffekopp
Bilde fra det første møtet i Mont Pèlerin Society i 1947. Foto: Mont Pèlerin Society records, box 5, folder 7, Hoover Institution Library & Archives.

Mont Pelerin Society er eit netverk som består av individ, dei fleste av dei arbeidar i akademia, men det er òg andre intellektuelle og næringslivsledarar frå heile verda som er med. Hippe krev altså at leiinga i Civita skal stå til ansvar for arbeidet til alle dei fleire hundre individa som kjem på møtet. Det er ein form for argumentasjon som bland anna Donald Trump er kjent for, utan at eg trur Hippe og Trump har noko anna til felles av den grunn.

I tillegg krev Hippe at leiinga i Civita markere avstand frå folk «som regelrett vil avvikle velferdsstaten og som samstundes spreier forakt for politikk». Sjølv ikkje Raudt har eit så trongt meningsrom som det Hippe krev at Civita skal påtvinge ein anna organisasjon som ikkje meiner noko som helst ut over formålserklæringa.

Som ein kan lese i formålserklæringa har altså ikkje Mont Pelerin Society noko anna mål enn å være ein arena for samtale om korleis ein kan styrke den liberale ordenen. Den liberale ordenen består av fire element, lovstyring, demokrati, marknadsøkonomi og sivilsamfunnet. Innafor ramma av desse fire elementa har verdas liberale demokrati funne ganske mange forskjellige løysingar. Eg har aldri høyrt at nokon som har skrivi noko for Civita har sagt at ein skal avvikle velferdsstaten eller støtte politikarar som har ønsker å få ein slutt på demokratiet. Om Hippe kjenner til sånne folk, bør han ta debatten med den enkelte. Dei talar ikkje på vegne av Civita, som heller ikkje har andre meiningar en sin formålserklæring.

Det at forfattar(ane) ikkje talar på vegne av Civita står på slutten av kvar einaste Civita-publikasjon:

«Civita er en liberal tankesmie som gjennom sitt arbeid skal bidra til økt kunnskap og oppslutning om liberale verdier, institusjoner og løsninger, og fremme en samfunnsutvikling basert på respekt forindividets frihet og personlige ansvar. Civita er uavhengig av politiske partier, interesseorganisasjoner og offentlige myndigheter. Den enkelte publikasjons forfatter(e) står for alle utredninger, konklusjoner og anbefalinger, og disse analysene deles ikke nødvendigvis av andre ansatte, ledelse, styre eller bidragsytere. Skulle feil eller mangler oppdages, ville vi sette stor pris på tilbakemelding, slik at vi kan rette opp eller justere.»

Denne modellen burde være kjend for Dagsavisen og skribentane deira, sidan arbeidarbevegelsen, som avisen er ein del av, har adoptert Civita-modellen for sin eigen tantesmie, Agenda.

Hippe etterlyser òg at Civita skal publisere kva som skjer på møtet. Det er ikkje opp til Civita, kvar enkelt medlem kan publisere det dei sjølv har tatt opp på møtet i etterkant. Mange gjer det, ofte i fagfellevurderte publikasjonar. Det som er viktig er at sidan dette er ein organisasjon for enkeltmenneskjer, og dei snakkar ikkje på vegne av andre enn seg sjølv. Då må det òg være opp til kvar enkelt å dele sine eigne synspunkt. Det er ikkje opp til Civita, som er vertskap for årets møte.

Men skulle du være nysgjerrig på kva tema som skal diskuterast, kan du sjå på programmet sjølv. Dei fleste talarane har publisert mykje opp igjennom åra. Dermed er det enkelt å søkje på nett etter kva dei har ment om saker og ting før. Eg er heilt sikker på at korkje velferdsstaten eller demokratiet vil bli nedlagt i løpet av årets møte i Mont Pelerin Society, uansett kva Hippe har mareritt om når han søv.

Mest lest

Arrangementer