Magasin

The Good Fight er ein gamal travar med mykje futt

Det mest absurde og morosamaste folk som likar amerikansk politikk kan sjå om dagen er The Good Fight på HBO Max. TV-serien har røter heilt tilbake til 2009, og seriekonseptet har utvikla og fornya seg undervegs.

Det starta med premieren på TV-serien The Good Wife i 2009. Skribentekteparet Michelle and Robert King hadde henta inspirasjon frå sex skandalane til John Edwards og Eliot Spitzer. Resultatet var ein TV-serie om ein kvinneleg advokat som hadde vore heime med ungane i 13 år. Alicia Florrick, som vart spela av Julianna Margulies, var gift med justisministeren i Illinois og han skulle i fengsel etter ein sexskandale som involverer offentlege pengar.

Dei første sesongane handlar om korleis Alicia byggjer opp livet sitt igjen, økonomisk og sosialt, men serien tar fort ei anna vending. Advokatfirmaet ho jobbar for er sjølvsagt kopla inn i den demokratiske politiske maskinen i Chicago, og vi snakkar Obama-åra her. Sakane deira hentar stadig inspirasjon frå dagsferske nyhende. Serien blir rett og slett meir og meir politisk. Den avsluttande sesongen vart sendt i 2016, rett før valet som Donald Trump vant.

Spin-off serien heiter The Good Fight, og store delar av skodespelarane som spelar advokatar er med over i den nye serien. Denne gongen er det Diane Lockhart, spela av Christine Baranski som har hovudrolla. Ho skal til å pensjonere seg, berre for å oppdage at venen ho har investert pengane hos har svindla alle klientane sine. Ja, dette er omtrent samtidig som saken mot Bernard Madoff går. I tillegg fangar skribentane løypande opp absurditetane i presidentskapet til Donald Trump.

Dei som likar seriar om amerikansk politikk vil få alt dei ynskjer seg i denne serien. Politivald, teknologigigantanes politiske problem, inntoget sosiale media har gjort, høgprofilerte ekspertintervju på politiske kommentarprogram, intriger og maktkamp er med i miksen. HBO starta å sende den nyaste sesongen og siste (snufts) nyleg. Absurditetane er no skrudd opp på høgste nivå.

Lockhart har nyss tapt sparepengane sine og det er ein kontinuerleg slåsskamp mellom demonstrantar og politi i bakgrunnen. Serien har eit velutvikla galleri av rollefigurar og det er eit jamt tog av sterke gjesteskodespelarar gjennom alle sesongane. Kjente og kjære rollefigurar, som har vore med sidan The Good Wife-dagane, kjem tilbake som vrengebilete av alt dei sto for. Serien har blitt så absurd og framand, akkurat som dagens politiske USA har vorte.

Det skal noko til for å halde meg engasjert i gjennom 13 sesongar. At serieskaparane har klart å fornye serien så han framleis overraskar og engasjerer er ei bragd i seg sjølv. Og det er sjølvsagt gøy å sitte der å vite kva nyhendesaker dei har henta inspirasjon frå til ein kvar tid. Om du har lyst på godkjensledrama som blir til absurd drama, kan eg tilrå både seriane på det sterkaste, men det er òg helt greitt å starte på første sesongen av The Good Fight.

Mest lest

Arrangementer