Kommentar

For eller mot barn på anbod?

Å gje eit barn ein god oppvekst er ei stor oppgåve. Når staten tar eit barn, skal det være siste utveg, men er det offentlege rusta til å gjere jobben?

I går barka Kjersti Toppe frå Arbeidarpartiet og Tage Pettersen frå Høgre saman på Politisk kvarter. Temaet for debatten var om barnevernstenester skulle leverast av offentlege eller private tenesteleverandørar. Berre eit lite augneblikk var dei innom det som eigentleg er problemet, nemleg at tenestene er dårleg koordinert. I god politisk tradisjon vill begge gjere noko får at det skal sjå ut som om dei løyser problemet politisk, men det de gjer verkar ikkje på det faktiske problemet. Overhovudet.

Det mogne liberale demokratiet

Politikarane har gjett staten og kommunane mange oppgåver etter kvart. Kanskje for mange, fordi fleire av oppgåvene konkurrerer mot kvarandre. I tillegg skal dei leverast av tre ulike administrasjonsnivå, kommune, fylke og stat. Innanfor kvart nivå er det ulike tenesteleverandørar som skal handtere sin del av oppgåva, men som vi har sett mange gonger, ser alle berre sin del av oppgåva. Det er ingen som har ansvaret for å sjå til at alle tenesta vart levert sånn som dei skal. Dette fungerer heilt fint om det er enkle oppgåver som skal gjerast. Effektivt og billig.

Men med ein gong det er komplekse problemstillingar, som til dømes barn som ikkje vil gå på skulen, barn med samansette psykiske helseproblem eller pasientar som må ha behandling for andre sjukdommar i tillegg til eit pakkeforløp, kollapsar systemet. Alle tenestene blir ikkje levert, eller blir ikkje levert på rett tid, og den som skulle ha hjelp blir ein kasteball i systemet. Det er ikkje lett å være kasteball, det er en ekstra byrde.

NAV har gjort nokre grep for å løyse desse problema internt. En del av desse komplekse sakene får utnemnt ein NAV-koordinator. Personen eller familien som skal ha hjelp, trenger berre å prate med NAV-koordinatoren. Koordinatoren snakkar videre med dei andre NAV-tenestene. Personen eller familien treng ikkje å springe frå kontor til kontor, gjenta all informasjon for kvar gong og bruke tid som dei skulle ha brukt på å hjelpe seg sjølv om tenestene hadde fungert. Det er eit av fleire tiltak NAV har satt i gang, for å koordinere internt så dei som skal ha hjelp får det.

Samarbeid på tvers

Koordinering internt i NAV er ein ting, men ein unge som skal vekse opp i barnevernet, som kanskje har psykiske og fysiske plager etter ein vanskeleg oppvekst, som har blitt flytta rundt i barnevernssystem i nokre omgangar til dei finn det rette tilbodet, som har omsorgspersonar som arbeidar skift, som får spesialisttenester hos folk som skal ha ei meiningsfylt karriere, som har krav på skule sjølv om dei kanskje er for sjuke til å ha nytte av det, som skal ha eit sosialt miljø av andre barn og unge rundt seg, som… vel du ser problemet.

Ungane skal ha ein oppvekst inne i eit byråkrati. De er ein svær oppgåve når ungen ikkje har alt for mykje bagasje av vonde hendingar bak seg. For dei ungane som verkeleg har fått køyrt livet sitt i grøfta, er det ikkje ein svær oppgåve. Det er kanskje ein oppgåve som ikkje er mogleg. Ein må gjera det ein kan for å gje dei ei trygg ramme som ikkje gjer meir skade. Det er komplisert og det er her systemet sviktar dei, gong på gong på gong. Men når politikarane skal snakke om det er koordineringsproblemet redusert til om ein er for eller mot at private organisasjonar skal levere tenester.

Demokratisk problem

Vi må erkjenne at vi lev i ei verd der det offentlege er samansett. Når offentlege verksemder har blitt så store og har så mange spesialiserte oppgåver at dei ikkje klarer å koordinere internt i verksemda, eller internt på eit administrasjonsnivå, så er det eit demokratisk problem. I staden for å ta gamle, kjende debattar som privat eller offentleg ein gong til, må vi ta tak i problema til byråkratiet i det mogne liberale demokratiet. Kan vi gjere ting enklare? Må vi byggje eit lag med koordinatorar på toppen av tenesteleverandørane? Kven skal sjå til at barneheimsbarn, pasientar med komplekse helseproblem og ungane som ikkje kjenner seg trygge på skulen skal få den hjelpa de har krav på?

Om vi skal identifisere politiske problem og løysingar på dette nivået, er det ikkje like enkelt å arrangere politisk debatt. Det er ikkje like enkelt å ta politisk side. Men det er naudsynt om vi skal ta vare på både demokratiet og velferdsstaten vår. Vi er der, at de fleste av oss synest at vi får den hjelpa og de tenestene vi treng og har krav på. Spørsmålet no er korleis vi får til dei siste prosentane for dei som treng mykje og samansett hjelp, ikkje om dei som leverer tenestene er tilsett i det offentlege eller det private.

Mest lest

Arrangementer