Magasin

Noreg på 17. plass i internasjonal skatterangering

Noreg kom på 17. plassen i årets rangering over kva land som er mest konkurransedyktige på skatt. Endringane som regjeringa gjer i næringsskatten for neste vil føre til at vi rasar nedover på Tax Foundation si Tax Competitiveness Index Ranking, men for i år er vi ganske greitt plassert.

Eit velstrukturert skattesystem som gjer det enkelt for skattebetalarar å følgje reglene og som fremmar økonomisk utvikling, samstundes som systemet gjer nok inntekter til statskassa er kjenneteikna på eit godt skattesystem. Tax Foundation bruker nøytralitet og konkurransedyktigheit som målekriterier.

Eit konkurransedyktig skattesystem har lave marginale skattesatser. Det er skatten du betalar på den siste krona du tener. Kapital er lett å ta med seg, og verksemder tar med seg investeringane sine til land med lågare marginal skattesats.

Eit nøytralt skattesystem har dei definert som eit system som får inn mest mogleg pengar med færrast moglege økonomiske forvrengingar. Den skal ikkje sette forbruk over sparing, som ein gjer med skatt på investeringar eller formue. Det bør heller ikkje ha for mange spesifikke unntak.

Gjennomsnitlig plasseringTotalt resultatSelskapsskattPersonskattForbruksskattEienedosmsskattSkatt over grenser
176915232316

Norge er på 17. plass i i 2022 International Tax Competitiveness Index, to plasser betre enn i 2021.

Dei tre styrkane Tax Foundation dra fram er:

  1. Noreg ikkje har nokon grense på kor langt i framtida verksemda kan ta med seg eit tap, med tanke på skatt.
  2. Selskapsskatten vår på 22 prosent er nære OECD-gjennomsnittet på 23,6 prosent.
  3. Noreg har eit territorialt skattesystem med 87 skatteavtalar.

Dei tre veikskapane:

  1. Avgrensa moglegheit til å avskrive investeringar.
  2. Noreg er eit av dei få OECD-land som har ein netto formogesskatt.
  3. Reglene for utanlandske verksemder blir brukt både på passiv og aktiv inntekt.

Du kan lese heile skildringa av det norske skattesystemet som Tax Foundation har gjort på heimesida deira.

Mest lest

Arrangementer