Kommentar

Flytt avgjerder ut og ned!

Denne veka kunne NRK melde at Ruter krev at sjåførane må søke om dispensasjon for å køyre med piggdekk. Ein skulle tru at sjåførane sjølv har den naudsynte kunnskapen og myndigheita til å ta avgjerder om korleis dei skal få seg sjølv og passasjerane fram på ein sikker måte.

Ruter meinte NRK-saka framstilte heile problemstillinga feil. Dei skriv at det høyrdest ut som om dette var «ein omfattande og byråkratisk prosess». Videre skriv dei at ein kan søke om dispensasjon ein gong, og at ein slik dispensasjon kan vare i fleire år om gangen. Slike søknadar skal visst hjelpe Ruter å «ha oversyn og skape medvit om piggdekkbruk».

Sjåførane til Ruter veit betre enn Ruter når dei treng å tygga passasjerane og seg sjølv med piggdekk. Foto: Alf Storm CC.BY.SA.

Byråkrati er på ingen måte avgrensa til offentlege verksemder. Her har Ruter laga seg ein unødvendig prosess. Stol på sjåførane sin fagkompetanse, og sett opp ei meldingsteneste der operatøren eller sjåføren kan sende ein SMS med rutenummer når de meiner det er naudsynt med piggdekk. I staden for å gi signaler til dei tilsette om at Ruter ikkje stoler på dem, kan Ruter få eit godt datagrunnlag om når og kor det er naudsynt med piggdekk og spare intern sakshandsamingstid.

Så enkelt kan det gjerast, om ein vil flytte makta ut til dei som gjer jobben!

Mest lest

Fra arkivet

Arrangementer