Kommentar

Blodbanken må slutte å diskriminere MSM!

For fire veker sidan var Blodbanken ute i media og etterlyste givarar. Fødeavdelinga i Stokmarknes har vært stengt i fleire omgangar den siste månaden fordi dei ikkje har nok blod til å halde avdelinga i drift. Heile 17 artiklar med søkeorda «Blodbanken mangler blod» har vore publisert i Noreg den siste månaden. Det er krise. Dei fekk ikkje rekruttert under pandemien og no er dei på etterkant.

Sjølv om ektemannen min trufast møter opp på Ullevål for å gje blod fire gonger i året, kan ikkje eg det. Eg går på medisinar som gjer at eg ikkje kan bli blodgjevar. Det er òg andre som heilt meiningslaust er ekskludert frå lista over moglege blodgivarar, og det er homofile menn i ein monogam relasjon.

Skeive menn må være sølibat i tolv månader for å kunne gje blod! Til samanlikning kan heterofile menn og kvinner gje blod om dei har vore monogame i seks månader.

Det vitskaplige grunnlaget for at skeive monogame menn ikkje skal få donere blod er borte. Foto: Helgelandssykehuset Mo i Rana CC.BY.NC.SA.

Eg veit at dette er ein vond diskriminering for ein rekke skeive menn. Mange av dei arbeidar i helsevesenet og veit kor verdifull denne kvartalsvise gåva er. Korfor skal reglane væra forskjellige for skeive menn og resten av befolkninga? Helsedirektoratet seier at årsaka er at menn som har sex med menn er i risikogruppa for å få HIV.

Men ny HIV-smitte i Noreg no er importsmitte. Dei vart smitta før dei kom til Noreg. Sånn har det vore nokre år. Heterofile kan òg få HIV, men der held det altså med seks månader monogami. Til samanlikning diskuterer no amerikanarane ei tre-månader lang karantene for blodgivarar med nye seksualpartnarar og å fjerne sperra for at folk med HIV- og heptatitt-infeksjonar kan donere blod fordi moderne analysemetodar kan identifisere blod som ikkje er fritt for desse virusa. Dagens medisinar er så effektive at mødre med HIV ikkje lenger overfører smitta til fosteret under graviditet.

Kanskje Helsedirektoratet og Blodbanken kan slutte med denne unødvendige diskriminering av monogame skeive menn og invitere denne gruppa med på dugnaden?!

Mest lest

Arrangementer