Magasin

Nyliberalisme: Kjært namn har mange barn

Norske nyliberalistar har slutta å bruke ordet nyliberale. På 1990-talet vart det nytta av nokre av dei liberalistane som var politisk aktive. Tidsskriftet Nyliberaleren som vart publisert av den norske Frihetsfronten er eit døme på det. Men no vil ikkje nyliberalistar ha denne merkelappen. Dei nyttar heller merkelappar som individualist, frimarknadstilhengar, liberalist og liberal.

Omgrepet har vorte så betent og uklart, seier dei. Og dei har et poeng. Ein kan få inntrykk av at nyliberalisme har skylda for alt som er vondt i samfunnet, om ein skal høyre korleis det blir nytta i samfunnsdebatten. Men uklart er det ikkje. Å være nyliberal er å væra for at ein skal bruke marknaden som fordelingsmekanisme i dei situasjonane der marknader er den best egna løysinga. Verre er det det ikkje.

Å være nyliberal er å væra for at ein skal bruke marknaden som fordelingsmekanisme i dei situasjonane der marknader er den best egna løysinga.

Nå som det er avklart, skal eg bruke litt tid på å forklare dei ulike måtane folk bruker ordet nyliberalisme på i dag, og kor den bruken kjem frå.

Den nye liberalismen, i staden for den som kom til kort

Den klassiske liberalismen modna og vart tatt i bruk etter den amerikanske og den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet. Merkantilismen vart gradvis bytta ut av klassisk økonomi eller den klassiske økonomiske skolen som bygger på idéane til Adam Smith, Jean-Baptiste Say, David Ricardo, Thomas Malthus og John Stuart Mill. Den viktigaste teorien er at marknadsøkonomiar stort sett regulerer seg sjølve med utgangspunkt i naturlovar om produksjon og bytte.

Det var ein vekst i frihandel, der folk kunne kjøpe og selje det dei ville over landegrensene, utan at staten la toll eller andre import- eller eksportreguleringar på handelen. Nokre stader vart det òg fasjonabelt med laissez faire-styring av staten, som skulle ha balanserte budsjett og ikkje gripe inn i samfunnsliv og handel meir en naudsynt. Framveksten av nasjonalisme bremsa noko på denne utviklinga, sidan fleire nasjonalstatar innførte tollbarrierar og andre proteksjonistiske tiltak på slutten av 1800-talet.

Walter Lippman. Foto: Harris & Ewing – Library of Congress C0.

Den første verdskrigen satt ein bomstopp for alle tankar om laissez faire-styring av staten. Totalitære idear som kommunisme, nazisme og fascisme vart høgste mote. Liberalismen hadde kome til kort, både økonomisk og politisk. Den sto midt i ein ideologisk krise. Det resulterte i ein rekke forsøk på å tenke gjennom liberalismen på nytt i mellomkrigstida, og seinare i etterkrigstida. Både Walter Lippmann Kollokvia i Paris i 1938 og det første møtet i Mont Pelerin Society i Sveits i 1947 er slike forsøk. Ordet neoliberal blir først brukt i engelskspråklege og tyskspråklege bøker frå 1921 og framover, som ein kan sjå på N-gram-søket i Google Books nedanfor.

En graf som viser hvor ofte ordet neoliberal finnes i Googles engelskpråklige bøker fordelt per år.
En graf som visar kor ofte ordet neoliberal finnes i Googles engelskspråklege bøker fordelt per år. Skjermdump: Google.

Nordmannen Trygve J. B. Hoff deltek på det første møtet i Mont Pellerin Society i 1947. Ut over 1950-talet tar han med seg den norske utgåva av ordet, nyliberal, til Noreg, som ein kan sjå i N-gram-søket eg har gjort i Nasjonalbibliotekets samling.

En graf som viser hvor ofte ordet nyliberalisme finnes i Nasjonalbibliotekets bøker fordelt per år.
En graf som viser kor ofte ordet nyliberal finnes i Nasjonalbibliotekets bøker fordelt per år. Skjermdump: Nasjonalbiblioteket.

Sjølv om ordet nyliberalisme hadde vore i bruk sidan tidleg på 1920-talet, var det først under Walter Lippman Kollokvia i 1938 at ordet fekk ein form for formelt innehald. Dei to forfattarane av boka The Walter Lippmann Colloquium: The Birth of Neo-Liberalism samanfattar det nyliberalistiske prosjektet slik:

«Walter Lippman visar korleis den liberale økonomien, basert på private eigedom, fri konkurranse og prismekanismen, ikkje berre er eit resultat av ein naturlig orden, men også av eit juridisk rammeverk skapt av lovgivaren, som kontinuerleg må tilpassast dei evig foranderlege omstenda av økonomisk teknikk basert på arbeidsdeling.

… grunnleggjarane av nyliberalisme forsøkte å forstå kva slags statleg intervensjon som var foreinleg med at marknadsprismekanismens skulle fungere.».

OBS! Vi har ikke tillatelse til å bruke dette bildet til annet enn https://www.liberaleren.no/?p=85629
Stefan Kolev og Jurgen Reinhoudt under panelet Reforming Liberalism: From the Colloque Walter Lippmann to the Present på Mont Pelerin Society-møtet i Oslo i 2022. Jurgen Reinhoudt har forfattet boken The Walter Lippman Colloquium, The Birth of Neoliberalism sammen med Serge Audier. Foto Steinar Bleken.

Dette er altså det nyliberalistiske prosjektet, både politisk og økonomisk. Dette vart stadfesta på Mont Pelerin-møtet i 1947. Dei einaste deltakarane vart samde om, var at eit liberalt samfunn må byggje på effektive marknader, sjølv om det var stor diskusjon om kva juridisk rammeverk det skulle byggje på.

No, 75 år seinare, er marknader ein grunnleggjande del av økonomifaget sin hovudstraum og marknadsutforming er eit eige fagfelt innom økonomifaget.

Foucaults nyliberalisme

Michel Foucault. Foto: Thierry Ehrmann CC.BY.

Michel Foucault sine foredrag på Collège de France skoleåret 1977-78 introduserer omgrepet nyliberalisme inn i statsvitskapane, men han brukar omgrepet som ein merkelapp på avanserte liberale samfunn som er «nettverk av mangesidige og kontinuerlege nettverk mellom territorium, befolkning og formue», kor staten styrar borgarane gjennom «intervensjon i økonomi og folkehelse».

Det gamle føydalsamfunnet gav borgarane tryggleik frå åtak frå utsida i bytte for mat, husrom og arbeid i godssamfunnet. Riddaren var datidas viktigaste styingsredskap. Det vart erstatta av eineveldet der fyrsten, gud sin representant på jorda, skulle styre alt og alle innafor det territoriet hen kontrollerte. Det var prestane som rettleia folket om korleis dei skulle leve for å gjere fyrsten, og dermed gud, nøgd. Om ein skulle gjere noko anna enn å slite på garden for å overleve, trengde ein løyve direkte frå fyrsten.

Deretter kjem vi over i moderne tid, med den moderne nasjonalstaten. Vi er industrialismens, byanes og statstenestemennenes tid. Befolkningas ve og vel, gjennom utbygging av avløp, betre bustader, smittevern og rasehygiene, var statens viktigaste funksjon. Då industrialiseringa måtte vike veg for det postindustrielle samfunnet, var vi framme der vi er no, det avanserte liberale samfunnet.

No er det finansmakta som rår verdsøkonomien og nasjonalstatane. Staten er framleis involvert i at befolkninga skal leve gode liv, men det er først og fremst økonomisk stabilitet som er det politiske målet. Dei styrande elitane grip ikkje lengre direkte inn i enkeltmenneskets liv og gir beskjed om kva dei skal gjer og ikkje. Dei byggjer makta si på forvalte de felles verdiane som er skapt av at alle er produktive. Dei som ikkje kan eller ikkje vil være produktive er eit problem.

Dei styrar etter verdiar, normer og ikkje minst etter tal. Produktivitetsmål, brutto nasjonalprodukt, forbrukarindeksar, utlånsrenter, inflasjon, vaksinedekning, sykdomsbyrde er berre noko av dei måltala som styrar livet ditt og mitt. Økonomiske signal er statens styringsverktøy. Og vi rettar oss etter desse insentiva og lagar protestar som er ubehagelege for styresmaktene når dei sett urimelege mål. Om dei ikkje lyttar, bytter vi dei ut ved neste val. Dette er den nyliberale staten i ein maktanalytisk forstand, men ikkje i ein ideologisk forstand.

Foucault sitt arbeide var ikkje omsett og samla i bokform på engelsk før på slutten av 1990-talet. Arbeidet til Foucault var derfor både språkleg og fysisk vanskeleg å få grep på. Andreas Kolle, ein av mine medskribentar her i Liberaleren, har ein klassifisering av kva idéar og formidlingsstrategiar filosofar frå ulike land har. Han seier franske filosofar formidlar enkle idéar på ein vanskeleg måte. Dette er kanskje forklaringa på korleis ein hel hær av kritiske teoretikarar har adoptert Michel Foucault og mistyda hans forståing av omgrepet nyliberalisme dei siste 30 åra.

Reagan, Thatcher og rota til alt vondt

Nyliberalisme brukast òg nedsettande om deregulerings- og privatiseringspolitikken til den amerikanske presidenten Ronald Reagan og den britiske statsministeren Margaret Thatcher.

Thatcher og Reagan. Foto: mark reinstein / Shutterstock.com

Økonomiane til dei vestlege liberale demokratia stagnerte på 1970-talet, etter ein lang periode med sterk politisk styring i dei ulike landa. Denne politiske styringa var eit resultat av at politikarane hadde fått det for seg at dei kunne styre økonomien for å oppnå politiske mål i fredstid, slik dei hadde gjort for å nå dei politiske måla om mobilisering under andre verdskrig. Dei ulike landa hadde brukt forskjellige metodar. På 1970-talet var det stopp på etterkrigsveksten og dei politiske verktøya til politikarane slutta og virke.

Samfunnselitane såg seg om etter nye verktøy. Å avvikle dei innanrikspolitiske verktøya betydde at interessegrupper måtte miste politiske privileger og innverknad, og slikt skjer ikkje utan kamp. Nokon av dei mest valdsamme og ikoniske kampane kom frå Storbritannia og USA. Mektige fagforeiningar i privat og offentleg sektor gjekk til kamp for å halde på makta si. Offentlege verksemder vart privatisert, subsidier og spesialordningar skulle fjernast. Der det norske trepartssamarbeidet gjorde at ein fant kompromissløysingar som alle partane i arbeidslivet kunne leve med, stoppa ikkje styresmaktene i USA og Storbritannia før fagforeiningane sto igjen nesten utan makt. Det kan være nærliggande å tenke at dei ikkje fortente å ha den makta i utgangspunktet, når dei ikkje fant rom for kompromissar som tok omsyn til andre grupperingar i dei samfunna dei verka i. Dei norske fagforeiningane klarte å få det til, omtrent samstundes.

Internasjonalt såg ein seg òg om etter nye verktøy. Arbeidet til økonomar som frå den austerrikske skolen, ordoliberalistane og den gamle Chicago-skolen ble tatt inn i økonomifagets hovudstraum. Økonomiske teoriar som bygde på å avgrense statleg intervensjon som satt prismekanismen ut av spill og nedbygging av handelsbarrierar skulle prøvast ut i røynda. Det internasjonale pengefondet, Verdsbanken og det amerikanske utanriksdepartementet stilte krav om deregulering og avvikling av handelsbarrierar for å gje lån til kriseramma nasjonale økonomiar. Det var starten på den noverande bølga med globalisering, frihandel og økonomisk vekst på verdsbasis.

Denne politikken vart omtalt som frimarknadsøkonomi i si samtid, heilt uavhengig av at Thatchers nasjonalisme og Reagans overforbruk ikkje hadde noko med frie marknader å gjere. No brukar ein oftare omgrepet nyliberalisme, spesielt om ein ikkje synest noko om denne utviklinga.

Skiljelina mellom Europa og Anglo-Amerika

Heilt sidan møtet i Walter Lippman Colloquium i 1938 har det vore ein splitt mellom liberalistar frå den angloamerikanske verda og frå kontinental-Europa. Dette skiljet er basert på at angloamerikanske liberalistar berre er opptekne av statleg makt, mens liberalistane frå kontinental-Europa har vore kritisk til alle former for makt, inkludert privat økonomisk makt. Skiljet finns framleis. Det var òg synleg på Mont Pelerin Society-møtet i Oslo i 2022.

Det synest òg i forskjellen mellom nyliberalistiske politiske program i den angloamerikanske verda og i Europa. Angloamerikanarane har diskusjonar om å verne individet mot overgrep frå staten, og ensar ikkje korleis private selskap og kapitaleigarar har vakse seg sterke nok til at dei regelbunde gjer større overtramp mot enkeltindivid enn kva staten tør å koste på seg. Selskapa har fått så mykje makt at dei til og med gjer overgrep på statar, men liberalarar som først og fremst er påverka av det angloamerikanske liberalistiske programmet som det er så lett å finne informasjon om på dei digitale medieplattformane til desse selskapa, ser det ikkje. Dei har ikkje på seg maktkritiske briller anna enn når dei ser på staten.

Skiljet ser ein òg i nyliberale forskingsprogram i USA og kontinental-Europa. Den amerikanske staten har vorte tung og svær, samstundes som han har vorte ineffektiv. Den viktigaste nyliberale forskinga skjer nå på entreprenørskap, og på den historiske fortellinga om kapitalismens fantastiske verknad for menneskja. Miljø, naturtap og ein forvitrande demokratisk og sosial orden er ikkje eit tema. Det er tema nyliberalistiske forskarar på kontinental-Europa undersøkjer. Både dei angloamerikanske og dei europeiske forskingsprogramma kjem med spennande resultat, men berre dei europeiske svarar på dei spørsmåla som samtida spør. Amerikanarane forsøker forgjeves å halde fast ved glanstida frå veksten etter at muren falt. Den kjem ikkje tilbake. Vi må skape ny vekst andre stader.

Eg skal skrive meir om dei ulike historiske nyliberale skolane og korleis dei har lagt grunnlaget for dagens forsking, men det blir i ein seinare artikkel.

Den nye nyliberalismen

Den ungarske økonomiske historikaren Stefan Kolev har fleire gonger tatt til orde for at nyliberalistar skal ta eigarskap til ordet nyliberalisme igjen. Han snakkar om historia til nyliberalismane, i fleirtal, fordi kvar generasjon lagar sin eigen nyliberalisme som ein kontrast til nyliberalismen til den førre generasjonen. Nyliberalismen til Thatcher og Reagan på 80- og 90-talet var samtidas nyliberalisme og løysingane deira har ikkje svar på dei politiske utfordringane vi står ovanfor nå.

Stefan Kolev. Skjermdump: Freedom TV Europe.

Skattelette er til dømes ikkje ein løysing på alle utfordringar i eit samfunn der liberale samfunnsinstitusjonar har blitt sårbare for kollaps. Ulikskapen mellom dei som lever av kapitalinntekt og dei som lever av arbeidsinntekt, grensene for staten nå som dei offentlege verksemdene har blitt mogne, den aukande nasjonalismen og populismen på både høgre og venstre flanke, migrasjonskrisa eller utfordringane vi har med klima og naturtap er døme på problemstillingar som krev andre svar.

Vi må altså ta tak i den liberale verktøykassa og sjå kva løysingar vi finn på dagens utfordringar i den snart 400 år gamle idétradisjonen som liberalarar av alle slag bygger verdsbiletet sitt på. For den største utfordringa er, som Kolev har peika på fleire gonger, at liberalismen igjen er i ei krise no. Den liberale orden har blitt skjør og ustabil. Det gjer det òg lettare for kollektivistiske fiendar på høgre og venstre side å angripe det liberale samfunnet.

Kolev vil gjerne at vi skal tilbake til å tenke i ordnar, som han kallar det. Samfunnet er eit lappeteppe av ulike ordnar. Dei største er den juridiske, den økonomiske, den sosiale, den offentlege og den internasjonale. Dei legg alle rammeverk for korleis dei andre skal fungere. Vi har lenge vore opptekne av korleis den økonomiske og den offentlege ordenen fungerer. Det er kanskje tide å sjå meir på den juridiske og den sosiale. 

Eg har kjent på at dei gamle ideane vi har hatt om korleis liberalismen skal sjå ut ikkje lenger har nokon styrke eller attraksjon. Den uheilage alliansen over økonomisk liberalisme som liberalistar har hatt med dei konservative skulle ha døydd med valet at George W. Bush. Det gjorde den ikkje. Alliansen halta seg vidare til valet av Obama. Da vakna den latente kvite sjåvinismen som låg i dvale I amerikansk kultur, og den sivde fram i sprekkane i det republikanske partiet. Etter det fantes det ikkje ein einaste grunn til at alliansen mellom skulle halde fram.

Den sjåvinistiske individualismen frå Ayn Rand og ei rekkje amerikanske tenkjarar bør òg leggjast bort no. Det hardføre individet har vore ute i så hardt vær at hen har vorte skøyr og sårbar. Det har vore så store krav om tilpassingsevne at krafta vart brukt opp.

Elinor Ostrom var den første kvinnelige mottakeren av Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel.
Elinor Ostrom var den første kvinnelige mottakeren av Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel i 2009. Den andre personen er Oliver Williamson, som mottok prisen sammen med henne. Foto: Prolineserver CC.BY.SA.

Ein av tenkjarane som må få mykje større plass enn ho har hatt så langt er Nobelprisvinnaren Elinor Oström til dømes. Den sosiale ordenen må få mykje større plass i ein ny nyliberalisme for vår eiga tid. Samhaldet og løysingar som byggjer på sosiale fellesskap må igjen få større plass i samtidas nyliberalisme. Det er ein viktig del av idétradisjonen vår, men sånt har ikkje fått mykje plass i nyliberalt tankegods dei siste 50 åra.

Så norske liberalarar må ta utfordringa frå Kolev, og starte ein lang og grundig dialog om korleis nyliberalisme ser ut i det 21. hundreåret. Ingen andre enn oss kjem til å gjere det. Vi har ikkje råd til å miste ein generasjon eller to med ungdommar på vegne av det liberale verdssynet, berre fordi vi gjer oss sjølv ein bjørneteneste gjennom å sette fortidas liberalisme på eit pidestall og tenkjer på dei gode gamle dagane. Då er vi ikkje relevante for samtidas utfordringar og vi fortenar ikkje betre. Men verda fortenar ein sterk og livskraftig liberal orden. Den må vi definera og skape. Korleis meiner du den ordenen skal sjå ut?

Mest lest

Arrangementer