Kommentar

Sophie Elise har ikkje ansvar for ruspolitikken

I ein kommentar på Nettavisen , som J. F. von Södergren med rette kategoriserar som ”norgesrekord i Boomer i 2023”, malar Anders Magnus med brei pensel når han påstår at ”Sophie Elise støtter narko-terroristene”. Eg er heilt med på å ta ein diskusjon med Anders Magnus om korleis vi får has på kriminelle nettverk her heime og i resten av verda, men først må vi ta ein prat om korleis den norske staten har svikta Sophie Elise og andre som ønskjer å bruke andre rusmiddel enn alkohol.

Staten har ein avtale med oss. Dei skal beskytte oss mot kriminelle i bytte mot at vi føljer lovar og regler som gjer at vi ikkje gjør ugjerningar mot andre. Av ein eller annan grunn har staten bestemt seg for at vi berre skal få bruke alkohol som rusmiddel, og kriminelle gjengar har forstått at folk ønskjer å velje andre rusmiddel som dei har større nytte av. Alkohol er tross alt et ganske farlig rusmiddel og det er ikkje alle som ønskjer seg den typen rus. Når Anders Magnus påstår at Sophie Elise støttar kriminelle bandar, kan ein like gjerne snu problemstillingen på hovudet og spørje korfor staten ikkje legg til rette for at Sophie Elise kan kjøpe dei rusmiddel ho ønskjar å bruke på lovleg vis?

Sophie Elise på VG-lista i 2016. Foto: NRK P3 CC.BY.NC.SA.

Det er ikkje Sophie Elise som har ansvar for å skjerme samfunnet vårt mot kriminelle, det ansvaret har staten.  Sjølv dei argaste minimalstatsforkjemparane er samd i at det er ein kjerneoppgåve for staten.  I avanserte liberale demokrati skal staten legge til rette for innbyggjarane sine. Det er ikkje eit einevelde der staten dikterar kva du og eg kan og skal gjere.

Sjølv om Politiet normaliserar bruk av andre rusmiddel enn alkohol gjennom at dei stadig går ut i media og seier at det er aukande bruk av narkotika blant unge, er det jo ikkje slik at det er nokon vesentleg endring av rusbruk blant unge.  Det vi veit er at det ein vedvarande minoritet i det norske samfunnet som heller vil ha andre rusmiddel enn alkohol. Det har dei rett til, og staten sviktar dei, om dei er tvungne til å gå til kriminelle for å få oppfylt behova sine.

Mest lest

Arrangementer