Magasin

K-ordet og Nasjonalmuseet

Denne helga har ein reportasje i Aftenposten skapt ein orgie i nasjonalisme for skravleklassen på sosiale medium. Den kunne og burde har vorte ein opning til to store og viktige samtalar: Ein samtale om kva det nye Nasjonalmuseet ønskjer å få til med samlinga si i det nye praktbygget dei har. Og ein samtale om makt og avmakt i kunst og historie. I staden har dei kulturkrigarane som heile tida roper høglydt om at dei er avmektige, tvinga ein av dei tilsete på museet til å gå ein kanossagang for å vise at kulturkrigarane har makta, uansett kor uopplyst bølleveldet deira er.

Avdelingsdirektør Stina Högkvist har sagt at eit maleri som Christian Krohg malte som ein reklameplakat for den norske paviljongen på Verdsutstillinga i Chicago i 1893, som feira 400-årsjubileet for Christofer Columbus  sin ”oppdaging” av Amerika, er kolonialistisk. Heile grunnlaget for dette bestillingsverket er djupt forankra i ein kolonialistisk hending, med den norske sjølvstendigheita som bærande forteljing.

Sjølv om Krohg sikkert har vore inspirert av nasjonsidentitetsbygginga i heimlandet sitt, har eg store problem med å forstå at han som kunstnar har investert like mykje av seg sjølv som han har i portrettet av Oda Krohg, eller i dei sosialrealistiske maleria av livet til Albertine og dei andre prostituerte i Kristiania som han er betre kjent for.

Sjølv har eg i løpet av dei siste 20 åra som kommersiell skribent skrive masse bestillingsverk som står i mitt namn, men som eg heilt sikkert ikkje vil stå ved i dag sjølv om eg opparbeida meg nok entusiasme til å fullføre oppdraget den gongen eg måtte betale husleige. Ville Christian Krohg ha forstått sitt eige verk som fristilt frå maktanalysane som ligg i det antikolonialistiske analyseverktøyet i dag, om han var med på den debatten vi har hatt dei siste dagane?

Tala først

Nasjonalmuseet opna sine dører på i nybygget mellom Rådhuset og Aker Brygge 11. juni i fjor. Over ein million menneskjer har besøkt museet sidan den gongen. Dei har over 400 000 verk, og samlinga veks framleis. I det nye bygget har dei plass til 86 utstillingsrom og rundt 6500 verk om gangen. Det er naudsynt at dei har ein strategi for kva som skal visast fram, når og korfor. Arbeidet til kuratorane er å lage form og innehald i desse strategiane.

Fagdiskusjonen

Kort tid etter opninga gjekk kunsthistorikaren Steinar Gjessing i klinsj med museet om kva ”Nasjonalmuseets kunstneriske målsetting og museumsfaglige basis” er for noko. Gjessing er ein erfaren og mektig mann i det norske kunsthistoriemiljøet og han ser ut til å være særs opptatt av korleis Nasjonalmuseet definerar den norske kunstkanonen. Ein kanon er eit omgrep om dei verka som er autoritative og riktige representantar for norsk kunst. Det er fleire problem med omgrepet, og innhaldet, for kanonar er definert av ein elite som styrar kva som skal inkluderast i kanonen og dei er ikkje inn i den faglege samtalen i kunsthistoriemiljøet for tida. Kanonar er gamal og autoritær lære.

Nasjonalmuseet er ein del av den internasjonale akademiske og museale samtalen om korleis musea kurerar samlingane sine.  Minoritetsrepresentasjon er eit viktig tema i desse samtalane i heile det internasjonale humanioramiljøet for tida.  Kjønn, etnisitet, seksualitet , natur og makt er heilt sentrale omgrep i denne diskusjonen. Jambyrdige samtalar er ein viktig metode. Problemet er berre det at det å gje alle ein plass rundt bordet har satt i gang eit kraftig motreaksjon i visse politiske miljø i USA, og smitta har spreidd seg over heile verda. Ho har òg kome til Noreg.

K-ordet

Brennpunktet er at nokon har våga å nytte ordet kolonialisme i samband med eit verk som er knytt til den norske nasjonalidentitetsdanninga. Ikkje berre det, men vedkommande er svensk! Kjenner du at det knyt seg i magen din no? Kjenner du korleis ”Firehundreaarig Natten ruged over Abekatten, og man ved , saa lange Nætter Landsens Folk i Stampe sætter”? Skammen og motstandsvilja frå den danske og svenske personalunionen er viktige identitetsmarkørar for den norske nasjonalidentiteten. Sitatet er forresten frå Ibsen og Peer Gynt, som er eit anna innlegg i ein historisk samtale om norsk nasjonalidentitet. Nei, vi har aldri vore ein koloni, men vi har vore ein kolonimakt.

Politikarar frå Raudt til indre Høgre har vore einstemmige i at Nasjonalmuseet er elitistisk, ideologisk og må stoggast. NO!  Eg trur dei kulturblinde kulturkrigarane i FrP ikkje ein gong rakk å henge seg med på sirkuset før resten av det politiske Noreg slo hardt ned på dei politisk korrekte kulturelitane i den fremste norske kulturinstitusjonen. Eg er skuffa over heile spekteret, spesielt at Tage Pettersen frå Høgre og Grunde Almeland frå Venstre, kasta seg på kanselleringsstoget utan at dei gadd å sjå etter kva kulturelle samtalar låg debatten om kva Nasjonalmuseet var. Kva har vi kulturpolitikarar til, om ikkje dei skal løfte slike samtalar?

Analyse av makt og kontekst

Her har vi altså ein analytisk tilnærming som er gjengs og hovudstrøms i humaniorastudiar for tida, men som dei mest reaktive delane av offentlegheita har omdefinert til politisk ekstremisme. Og det er ikkje heilt feil, for politiske ekstremistar brukar den same merkelappen. Problemet er berre at vi ender opp i ein ”pot, kettle, black”-situasjon her, som dei seier på bokmål. Både sidene av den politiske debatten gjer den same feilen mot kvarandre, og resultatet er ein retorisk stillingskrig som ingen vinn noko på. Og no har dei altså saman gjort dette mot ein offentleg tilset fagperson som driver med den analytiske tilnærminga.

Kolonialisme er merkelappen akademikarar brukar når dei ser på eit fenomen, objekt eller verk med utgangspunkt i makt. Kven hadde makt over kven, når, korfor og korleis. Det er ikkje meir komplisert enn dette. Det er mange nivå på denne maktanalysen, globale maktstrukturar går hand i hand med lokale og personlege maktstrukturar. Poenget er å identifisere dei og beskrive dei. Det er den analytiske tilnærminga om ein akademikar tar for seg kolonialisme. Einkvar liberalar borde vere opptatt av maktanalyse. Heile formålet med liberalisme er å sjå til at samfunnsordenen gjer individet mest makt.

”Analytisk tilnærming” høyrest så framandgjerande ut, men Liberaleren sin ven Heidi Nordby Lunde har sagt det på ein litt meir folkeleg måte. ”Det å organisere en utstilling gjennom valg av kunstnere, temaer eller epoker er et fag jeg rett og slett har ganske stor respekt for. Nettopp fordi de gi oss mulighet til å se nevnte kunstnere, temaer eller epoker med nye øyne, eller finne sammenhenger en amatør som meg selv rett og slett verken ser eller er klar over.” Ein kan rett og slett sjå på det same kunstverket med heilt forskjellige briller og få nye perspektiv på kjente verk. Om ein vil.

Kva rolle hadde du?

Om du er ein av dei som gjekk inn i debatten om kor viktig Leiv Eiriksson-maleriet var for Nasjonalmuseet og Christian Krohg, kva var kunnskapsgrunnlaget du hadde for det? Eg meinar ikkje å være elitistisk her, ikkje på nokon måte. Men korleis ville du sjølv beskrive den indre stadfestingsfella di, når du valde å ha sterke meiningar om kva Nasjonalmuseet skulle gjere med dette biletet?

Albertine i politilægens venteværelse er et sentralt verk av Christian Krohg. Foto J. Lathion/Nasjonalgalleriet C0.

Det var ikkje naudsynt at du skulle ha detaljkunnskapar om Krogh sin kunstnariske verksemd, eller at dette var eit bestillingsverk for det norske innlegget i debatten det europeiske utspringet til USA i motsetnad til italienarane sitt innlegg.

Etter snart eit tiår med evig kulturkrig utan atterhald frå hegemoniske USA er det vanskeleg å få med seg at omgrep har ulikt innehald, avhengig av kontekst. Problemet i dette tilfellet var at det berre var nokon få av røstene i offentlegheita som stoppa og sjekka fakta, før dei kasta seg inn i eit verbalt gruppeslagsmål mot ein person som aldri fekk ein sjans til å gjere noko anna enn å følje krisekommunkasjonsplan nummer ein. Be om orsak, be om orsak, be om orsak. Ikkje forklar, ikkje utdjup, men be om orsak. Igjen og igjen.

Store delar av den norske offentlegheita har oppført seg som bøller i denne saka. Væpna med alt for lite nyfike, litt for lite kunnskap og alt for mykje sjølvrettferd har dei gått etter ein enkelt person. Dei burde ha gått inn på ein samtale med institusjonen Nasjonalmuseet om korleis dei jobbar med den gigantiske samlinga på meir enn 400 000 tusen kunstobjekt.

Offentlegheita har gått glipp av ein viktig debatt som går inn i kjernen av samtidas nasjonale sjølvbilde om godskapsnasjonen, energieksportøren eller nasjonalkapitalisten? Er vi Reodor Felgen, Rudolf Blodstrupmoen eller Ben Redic Fy Fazan? Heile debatten vi har sett denne helga, tar i seg utfordringa frå folk som Terje Tvedt om kven vi er som nasjon. K-ordet trefte litt for kjært på det såraste punktet på sjølvbildet vårt. Korleis speilar kureringa i Nasjonalmuseet dette spalta sjølvbildet?

Det vi ikkje fikk lære, fordi samtalen vart stengt ned

Vi kunne alle ha lært noko frå ein open debatt om k-ordet og vikingane. Vi kunne ha fått ein god offentleg samtale som den Steinar Gjessing har prøvd å få til, om kva som er målsettinga til den kunstnarlege leiinga på Nasjonalmuseet.

Eg er heilt sikker på at om helgas hoggestabbe, samlingsdirektør Stina Högkvist, hadde blitt spurt om å forklare korfor ho meinte at akkurat dette Christian Krohg-biletet var kolonialistisk, hadde vi fått moglegheita til å ha ein god samtale om at vikingane gjorde seg rike på å selje andre folk som slavar. Dei var så gode på det at folk som budde i sentral-Europa rundt år 1000 vart hetande slavarar, fordi dei var hovudkjelda til den omfattande globale slavehandelen på den tida. Det er ein form for kolonialisme som eksisterte før den historiske perioden vi kallar den kolonialistiske perioden i historieforskinga.

Vi kunne òg hatt ein samtale om kva den norske oppdragsgivaren som tinga biletet av Leiv Eriksson og hans seilas til den nye verda ville med eit slikt bilete på Verdsutstillinga i Chicago i 1893, som feira 400-årsjubileet for Christofer Columbus  sin ”oppdaging” av Amerika. Det ville antakeleg ikkje fortalt oss mykje om Christian Krohg som kunstnar, men det ville gjett oss masse kunnskap om korleis den norske staten ville at verda skulle forstå vårt eige krav på sjølvstende som folk.  Det er faktisk ein skikkeleg viktig debatt i samtida, no som nasjonalkonservative populistiske rørsler blir meir synlege og høglydte i møte med eit multikulturelt samfunn som òg har rom for fundamentalistiske religiøse muslimske grupper som utfordrar verdiar som likestilling og toleranse.

Lær av andre

Jo meir eg lærer, jo meir open blir eg for andre sine perspektiv. Eg er trygg i den liberale verditradisjonen min. Eg er trygg på kva eg kan om menneskjer og politikk og kultur. Eg er òg stadig meir klar over kor lite eg kan, og det er ein direkte konsekvens av kor mykje meir kunnskap eg har klart å skaffe meg. Eg lærar meir om meg sjølv og samfunnet eg er ein del av, gjennom å snakke med andre. Og då snakkar eg ikkje om ekkokammer med folk som har same bakgrunn og idear som meg sjølv. Eg snakkar om folk som har heilt forskjellig bakgrunn.

Av alle folk i heile verda som har lært meg om kva det vil si å være norsk, så har dei alle eit fellestrekk. Dei har vore utanlandske. Eg har lært kva det betyr å være norsk av møta eg har hatt med folk som ikkje er norske. Eg har lært kva det betyr å være norsk av nordmenn som har kome hit får andre stadar. Kan hende denne svenske fagpersonen har noko å lære oss om oss sjølv?

Det eg veit er at det norske kommentariatet på sosiale medium denne helga har vist ein svensk kunsthistorikar at vi ikkje skal gi ein svenske rom til å forklare korleis hennar fag og den institusjonen ho er med på å forme tenker om makt og avmakt, nasjonalisme, kolonialisme, identitet og erfart liv. Og dette er den store skylda vi i den norske offentlegheita må ta på oss etter vår orgie i sjølvrettferdig miskunn denne helga. Vi slutta å lytte. Vi nekta å delta til ein samtale. Vi nekta å lære. Vi lukka sinnet vårt.

Lærte vi noko?

Nordmenn blir sett på som sjølvgode. Ikkje like sjølvgode som svenskane, riktig nok, men det er vel heller ikkje målestokken vi vil bli målt etter. Det er ein grunn til at Stina Högkvist ble angripen for at ho er svensk, snarare enn at kuratorarbeidet hennar ikkje held faglege standardar. Folk som prata om kor sentral Krohg var, snakka ikkje om kor lite relevant dette spesifikke maleriet var for kunstgjerninga hans.

Poenget mitt er at du og eg har mykje kompetanse om dagen, for sånn er det i eit kompetansesamfunn. Du og eg har mykje kunnskap om akkurat det vi har kunnskap om, men som F.A. Hayek påpekte i essayet Intellectuals and Socialism, vi har ikkje mykje kompetanse utanfor vårt eige fagfelt.

Dei store gevinstane kjem når vi klarer å snakke saman og dele kunnskapen vår med kvarandre. Etter denne helga bør alle vi alle skamme oss, for ikkje berre klarte vi som ein offentlegheit å banke opp ein fagperson så godt at ho ikkje fekk sjans til å dele sine vurderingar med oss, men vi klarte å kansellere ein offentleg samtale mellom dei som forvaltar ei viktig offentleg kultursamling på meir enn 400 000 kunstobjekt om korleis og korfor dei gjer kuratorvala sine med å bruke vårt eige uvite og vår eige avmakt som ei klubbe.

Eg vonar vi ikkje gjer den same feilen igjen, men alt eg har lært om menneskeleg oppførsel og læring tyder på at det er kort tid til vi har ein liknande diskusjon styrt av merkelappar og symbolske ord. Og til mi eige stand. Pressen har ikkje gjort oss nokre tenester her, i den einsidige jakta på dramaturgi der ein part er slem og ein part er krenkt gjer ikkje den norske offentlegheita nokre tenester. Journalistane har berre ringt rundt etter sitat, men inkje kontekst.

Kva eg skulle ønske meg

Eg skulle gjerne ha visst meir om korleis Nasjonalmuseet forvaltar samlinga si. Eg elskar å lære frå folk som kan jobben sin, og som gjerne og ofte fortel verda korfor og korleis. Det har ikkje den norske kulturpressa klart å gje meg nokon kunnskap om dei siste dagane. Er ikkje det jobben deira?

En ting har eg lært denne helga, og det er at å leie den offentlege samtalen med eigen avmakt gjer oss alle fattigare. Vi må starte med å skape rom for gode samtalare i offentleigheta.

Mest lest

Arrangementer