Kommentar

Borten Moe mot Borten Moe

Ola Borten Moe, her på Sebnterpartiets valgvake i 2017. Foto: Ragne B. Lysaker Senterpartiet CC..BY.ND.

Ola Borten Moe og Senterpartiet har vorte mot bruk av engelsk på høgskular og universitet sidan dei flytta inn på regjeringskontora. Dei fekk til og med kjempa inn det å løfte norsk som språk i sektoren i Hurdals-plattforma.

No skal regjeringa lage ein handlingsplan for norsk fagspråk, etter at Språkrådet har funne ut at forskarane meiner at norsk ikkje fremjar karrieren deira.

— Me skal samordna og synleggjera dei verkemidla som finst, seier Oddmund L. Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (Sp) til Khrono.

Eg er skeptisk til kva dei kan få til, om ikkje Borten Moe skal starte enda ein revolusjon i norsk forsking. Skal dei få forskarane til å skrive norsk, må dei sjå på heile tellekantsystemet og den internasjonale forskingsfinansieringa.

I mitt eige fag, historie, fekk fagmiljøet påpakning for at forskinga var for nasjonalt fokusert og at dei deltek for lite i den internasjonale debatten i ein evalueringsrapport som vart tinga av Norsk Forskingsråd i 2008. Ingen av dei 896 tidsskrifta som er på lista for historie i register over vitenskapelige publiseringskanaler som publiserer på norsk, ligg på nivå 2, som er det høgste nivået som gjer flest publiseringspoeng. Kor ein publiserer og kva nivå det ligg på er viktig for forfatteren.

Så lenge Kunnskapsdepartementet ikkje er villige til å sjå på dei heilt grunnleggjande insentiva i for tilsettingar og finansiering i universitets- og høgskulesektoren vil alle forsøk på å styrke norsk som fagspråk være symbolhandlingar og nasjonalpopulistisk valretorikk.

Mest lest

Arrangementer