Kommentar

Ja til bønnerop for Ramadan!

I Sandefjord har den muslimske moskelyden starta feiringa av Ramadan med bønnerop frå Mokollen. Den sedvanlege arglynte debatten om at det «ikkje er norsk kultur» og at «folk kan dra dit dei kjem frå» kom i kjølvatnet av hendinga. Eg kan ikkje forstå korfor folk er så redde for eit bønnerop. Vi ateistar må halde ut kyrkjeklokker kvar einaste søndag. Eit bønnerop for å markere starten på Ramadan to gonger i året må være innafor.

Sandefjord Islamsk Senter ligg i Sandefjord sentrum. Foto: Pål Giørtz CC.BY.SA.

Målet med eit liberalt samfunn er at folk skal kunne styre sine eigne liv og delta i samfunnet på sine eigne premissar. Ei slik hending framfor ei stor høgtid er ein måte å invitere og inkludere storsamfunnet inn moskelyden sitt vesle samfunn. Det å dele viktige hendingar med kvarandre er ein god måte å byggje eit solid og inkluderande samfunn. Vi deler aktivitetar som er viktige for oss med andre som kanskje ikkje kjenner til dei. Sånt er vi for!

Så neste gong du kjenner at du blir litt irritert over handlingane til andre menneskjer som har andre prioriteringar enn deg, vær nysgjerrig i staden. Kva gjer dei? Korfor gjer dei det dei gjer? Ta del i gleda deira i staden!

Om du synast at muslimar er litt farlege, spør om du kan få besøke moskeen der du bor. Lær om det du synest er litt skummelt. Du oppdagar fort at dei òg berre er menneskjer, akkurat som deg. Når ein moskelyd tar med sine religiøse handlingar ut i storsamfunnet, så er det ein invitasjon til storsamfunnet. Ta i mot den invitasjonen. Eg vonar at å starte Ramadan-feiringa med bønnerop frå Mokollen kan bli ein fin tradisjon for heile Sandefjord.

Mest lest

Arrangementer