Magasin

Sløseriombudsmannen lagar kunst

Litt seinare i haust vart kunsten til Sløseriombudsmannen lagt ut for sal. Jo, du høyrde rett, Are Søberg har laga kunst!

Denne veka har Søberg vitja atelieret til Linn Wold. Ho er ein grafisk kunstnar frå Elverum, som lagar eksklusive kunstplakatar som blir selt over hele verda. Ho har også prosjektet Kunst med formål, der ho inviterar kjendisar frå Elverum til å lage kunst saman med ho. Verka auksjonerast bort og inntektene går til eit godt formål.

Søberg sitt gode formål

Søberg har valt Stiftelsen Rettferd som mottakar av inntektene frå sitt kunstverk. Stiftelsen
hjelper folk å få oppreising etter å ha vorte svikta av samfunnet på ulike vis.
Målet er at dei skal kunne leve eit normalisert liv. Dei har hjelpt folk å få
innvilga over 416 millionar kroner i oppreising i løpet av dei 30 åra dei har
eksistert.

Søberg seier Stiftelsen Rettferd vernar om rettane til folk som er utsett for forskjellige typer
overgrep, og som av ulike grunnar ikkje klarer å få den hjelpa dei treng og har
krav på frå styresmaktane.

– De er en organisasjon som rett og slett gjør grundig og godt arbeid, og som bruker
minimalt med ressurser på omdømmebygging, markedsføring, seier han. – De kunne ha
valgt å leie et dyrt kontor i Oslo, brukt penger på å arrangere seminarer og
kjøre omfattende opplegg under Arendalsuka, men i stedet sitter de i enkle lokaler på bygda og jobber flittig med saksbehandling.

Generalsekretær Tor Bernhard Slaathaug i Stiftelsen Rettferd. Foto: Stiftelsen Rettferd.

Støtta frå Søberg er kjærkomen for stiftelsen. Dette er nemleg ikkje første gong Søberg har støtta og gjett merksemd til arbeidet deira.

– Det er ikke gitt at en organisasjon eller stiftelser som Stiftelsen Rettferd får støtte og oppmerksomhet av samfunnsdebattanter som Søberg, seier generalsekretær Tor Bernhard Slaathaug. – Selv om stiftelsen har økonomiske utfordringer og økonomiske bidrag er veldig kjærkomment i en utfordrende tid, så mener jeg som generalsekretær at både oppmerksomheten og fokuset Søberg gir stiftelsen er egentlig enda viktigere.

Søbergs fokus på øydsel i offentleg sektor under pseudonymet Sløseriombudsmannen gjer støtta frå Søberg en ekstra dimensjon.

– Stiftelsen Rettferd er en liten stiftelse med små ressurser, men vi får mye ut av hver krone vi får i støtte både fra det offentlige og private. At nettopp Sløseriombudsmannen da peker på Stiftelsen Rettferd som et godt tiltak og eksempel, ser vi på som en anerkjennelse av det vi jobber med og hvordan vi forvalter offentlig støtte, sier Slaathaug.

Kunst i blinde

Wold er først og fremst ein kunstnar som arbeider digitalt. Ho har selt meir enn 50 tusen kunstverk avslørar ho til Søberg mens dei arbeidar med hans verk. Dei førast i eksklusive interiørbutikkar over heile verda. Dei har kjent kvarandre lenge, sidan dei begge har vekst opp på same stad og Elverum er ikkje så stort. Dei er ikkje nære vener, men har hatt kontakt frå og til opp igjennom åra.

Wold hadde førebudd ein versjon av Edvard Munch sitt klassiske verk Skrik. Han står fremst i biletet, mens nokon gjer performancekunst i bakgrunnen. Dei to har oppgåva med å male ferdig den dramatiske himmelen.

Are Søberg og Linn Wold hadde masker over augnene då dei laga kunst saman, kunsten vart laga i blinde. Foto: Studio LW AS.

Når ho inviterar folk med på å lage kunst med formål, legger ho på ein twist. Når Søberg vitja, måtte dei begge ha bind for augna.

– Å lage kunst med Linn var absolutt å gå ut av komfortsonen, seier Søberg. – At hun mente vi skulle gjøre dette med bind for øynene gjorde ikke saken enklere. Men ville bildet egentlig bildet blitt flottere om jeg hadde sett hva jeg holdt på med? Kan ikke garantere det!

Wold synest det var veldig gøy å ha Søberg på besøk i studio.

– Ved å legge til en tvist om at vi skulle gjøre det i blinde, ble det både kaotisk men også veldig god stemning, seier Wold.

Ein kan sjå på videoen at dei begge har hatt det gøy. Kunst i blinde høyrest jo ut som ein sak Søberg kan stille seg bak, sjølv om Søberg stadig løfter på maska for å sjå kva han held på med.

– Han skal ha for å ta ting på strak arm!, seier Wold

Har du lyst til å støtte Søbergs hjartesak?

Det kan du gjere på to måtar. Den eine er å delta på auksjonen. Auksjonen skjer på nett og fysisk i Elverum, 20. og 21. oktober. Du kan melde frå om at du vil vere med via heimesida til Linn Wold. Det er ei lenke der du kan melde interesse, knytt til kvart samarbeidsprosjekt.

Dersom du har lyst til å støtte direkte, ta kontakt med generalsekretær Tor Bernhard Slaathaug.

Mest lest

Arrangementer