Kommentar

Årsdagen for det norske holcaust er ekstra viktig i år

I dag er det 81 år sidan DS Donau la frå Akershuskaia, på veg til konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau, med 42 barn, 188 damer og 302 menn om bord. De norske jødane vart stua inn i lasterommet. Det var mykje sjø og dårleg vær under overfarten. Det kan ikkje ha vore lett å bli kasta rundt der nede i mørkret og kulda, mens uvissa om kva som kom til å skje gnog i tankane.

Stad for erindring av Antony Gormley er minnesmerket for den norske holocuaustofrene på Akershuskaia i Oslo.
Stad for erindring av Antony Gormley er minnesmerket for den norske holocuaustofrene på Akershuskaia i Oslo. Minnesmerket er der DS Donau lå til kai 26. november 1942.

Dei håpa i det lengste at dei vart sendt nordover på ein arbeidsleir, men det håpet forsvann sidan skipet held stø kurs sørover. Fire dagar seinare la båten til i Stettin i datidas Tyskland. Byen heiter no Szczecin, og ligg i Polen. Derifrå gjekk turen vidare med tog. Dei kom fram til Auschwitz på kvelden, tysdag 1. desember. Ingen av de 532 nordmennene hadde fått mat eller vatn sidan dei var i Oslo.

Etter klokka 21 ein gang, vart dei norske jødane stilt opp på grusen utanfor togvogna. 183 menn vart tatt ut til slavearbeid. De 349 andre vart marsjert ut av leiren, mot skogkanten der ”det lille kvite huset” låg. Det lille kvite huset var navnet på ein bunker som hadde vore konvertert til gasskammer. Ingen av dei 349 overlevde natta. Det inkluderte alle kvinnene og alle barna.

Den yngste, Jan Larry «Lasse» Krupp, var berre fire år gamal. Han budde i Lilleakerveien 34 i Oslo, før det norske statspolitiet satt han på DS Donau, sammen med far sin, Isak og mor si, Rachel. Isak Krupp vart satt til tvangsarbeid når dei norske jødane kom til Auschwitz. 22. januar 1943. Faren overlevde son sin og kona si med 53 dagar. Han dog 22. januar 1943.

Av dei norske jødane som klarte å flykte til Sverige, var 150 aktive i motstandskampen og den militære kampen mot okkupasjonen. Det er rundt 10 prosent av alle dei norske jødane.

Fleire enn 300 nordmenn var med på å hente dei norske jødane som vart sendt ut av heimlandet sitt 26. november 1942. Det var ikkje berre den tyske okkupasjonsmakta som kan klandrast for det norske holocaust. Kvart einaste år på denne dagan, samlast det ein liten gruppe nordmenn, og les navna til alle dei norske jødane som døyde i nazistanes konsentrasjonsleirar. Totalt sendte vi 773 nordmenn til Tyskland for å døy. Berre 38 overlevde.

Minnemarkeringa over det norske holocaust starta som eit privat initiative av Leif Knutsen. Holocaustsenteret og Det jødiske museum har freista på å bli med. Nokre år har det vore ein stor greie, med podium og høgtalarar, men sjølv synest eg den årlege markeringa gjer mest inntrykk når det berre er den vesle gruppa. Dei står i ein ring med permanene der namna er trykte under ei gatelykt i haustmørkret og les namna for kvarandre. Det er som regel bitande kaldt.

Det er lett å førestilla seg korleis det må ha vært for dei som vart stua saman på DS Donau nokre tiår tidlegare. Kva har dei tenkt, dei andre som sto og såg på at desse medmenneskja vart tvunge om bord på båten?

I år må dei ha ekstra tryggleik, denne vesle gjengen. For jødehatet i Noreg er ikkje vekk. Sjølv om vi sa ”Aldri igjen”, har norske jødar vore utsett for trugsmål i heimane sine denne hausten. Minnemarkeringa er ekstra viktig i år.

Mest lest

Arrangementer