Kommentar

Auka ulikskap i gode OG vonde dagar

Det er to slags folk som veit at når krisa kjem, er det dei som har mest som tapar mest. Økonomiske kriser gjer oss meir likskap. Kan du økonomisk historie eller har lest deg opp på liberale økonomar veit du dette, og dei siste åra har krisene stått i kø. Pandemi, straumkrise, invasjonen av Ukraina, rentekrise, det er så mange kriser at ekspertane nå snakkar om polykriser. Samstundes har ulikskapen i Noreg blitt større, ikkje mindre.

Det er politikarane sin skyld

Rundt 1990-talet gjekk Noreg over til å vere eit framskride demokrati, saman med resten av den vestlege verda. Etter fleire tiår med økonomisk vekst som hovudmål for politikken, gjekk vi gjennom dei turbulente 1970-åra. Økonomisk vekt bytta ut med økonomisk stabilitet som hovudmål for politikken.

Sidan stabilitet er målet for styringa av økonomien, får ikkje store verksemder lenger gå konkurs. I USA kjem staten løpande med økonomisk hjelp frå skattebetalarar til aksjeeigarar. I Noreg har staten valt ein litt meir kosher tilnærming, staten vår tek over aksjekapitalen når dei kjem med økonomisk hjelp til skakkøyrde verksemder. Etter verksemda er tilbake på rett kjøl, sel dei aksjane for å få tilbake skattebetalaranes pengar.

Men pandemien, straumkrisa, rentekrisa og verknaden som invasjonen av Ukraina fekk på den internasjonale energimarknaden har vi sett noko heilt anna. Politikarane har fått det for seg at det er ein god idé å gje oljepengar direkte til folk og verksemder så dei ikkje skal vere tvunge til å ta harde økonomiske val når ressursane vert knappare enn normalt.

Resultatet er at fast eigedom og andre formuesmidlar blir verande på hendene til dei som allereie har mykje. Under normale omstende ville dei med mykje ha vore tvungne til å selje unna for å betale auka rentekostnader på lån, auka straumrekningar på ubrukt eigedom, og desse eigedommane og formuesmidlane ville ha vorte seld i kjøpars marknad, som ville ha ført til at formuesmidlar ville ha blitt fordelt annleis i samfunnet. Ein stad ein kan lese meir om dette er i Einar Lie sin kommentar i Aftenposten, der han tar for seg boka The Great Leveler: Violence and the History of Inequality from the Stone Age to the Twenty-First Century av Walther Scheidel. (Abo.)

No veit vi svaret

I 2021 kom Einar Lie med observasjonen «Det kan se ut som vi har stelt oss slik at ulikhetene vokser jevnt i gode tider, og så enda raskere når krisen først kommer.» Nå har det gått litt meir tid og vi kan sjå at det ikkje bere ser ut som vi har stelt oss slik. Vi vet at vi har stelt oss slik at ulikskapen veks raskare når krisa kjem.

Denne veka har NRK publisert ei rekke artiklar om kven som har fått mest av dei mange krisepakkene som politikarane har vedtatt sidan 2020. Meir enn 100 millarder kroner har Stortinget brukt på krisepakker på desse tre åra. Pengane kjem rett frå Nordsjøen. NRK skriv:

«Disse krisepakkene ga mest til de største bedriftene og de med solide overskudd, arbeid til utenlandske innleide og de som tjener best.»

I haust skreiv dei at straumstøtteordninga til forbrukarar fungerer på same måte. Dei som har mest, får mest. Når venstresida snakkar om at ein skal bruke skattesystemet for å fordele pengane annleis er det altså frå dei som har lite til dei som har mykje. Høgresida har heller ikkje protestert på denne løysinga. Problemet er at det ikkje er skattepengar dei fordel, det er oljepengar. Vi pumpar opp den innanlandske økonomien i stabiliteten sitt namn. Og forskjellane aukar. Men det er politisk semje om at stabilitet er målet.

To menn står og snakker med et landskap i bagrunnen
Trygg og ansvarleg styring kallar Støre og Vedum stabilitetspolitikken som stadig gjer oss større ulikskap i samfunnet. Her frå Hurdals i oktober 2021. Foto: Arbeiderpartiet.

Voksenpraten vi må ta

Det er kanskje på tide at vi tar ein alvorsprat om det er dette vi vil. Oljepengane som pumpes inn i den innanlandske økonomien gjer ikkje meir til dei som har minst. Oljepengar i den innanlandske økonomien gjer at vi blir meir sårbare for økonomiske kriser. Oljepengane i den innanlandske økonomien gjer oss større ulikskap som igjen gjer at demokratiet og velferdsstaten vår blir meir sårbar for politisk uro. Samfunnet vårt blir rett og slett skjørare. Trygg og ansvarleg økonomisk styring omtaler finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre denne politikken som.

Mest lest

Arrangementer