Magasin

Friedrich Hayek – Betingelsene for et liberalt samfunn

Friedrich Hayek – Betingelsene for et liberalt samfunn
av Hans Chr. Garmann Johnsen
ISBN: 9788202769956
Klassikerserien til Cappelen Damm Akademisk

Forsiden på Friedrich Hayek av Hans Christian Garmann Johnsen

Endeleg kom det ei bok om arbeidet til F.A. Hayek på norsk. Ikkje berre har det kome ei bok, men boka er godt skrive og forfattaren kjenner arbeidet til Hayek godt.

Hans Chr. Garmann Johnsen er tilsett som professor ved Universitetet i Agder. Observante lesarar kjenner kanskje igjen namnet frå arkiva til Ideer om frihet der Liberaleren har publiserte en rekke artikler. Johnsen var ein aktiv skribent i Idéer om frihet. Han fekk tak i si første Hayek-bok på 1970-talet. Boka het Constitution of Liberty og fascinasjonen for tankane til Hayek har vore med han sidan. Blant anna besøkte han Hayek i Freiburg i 1983. Undervegs har Garmann Johnsen òg samarbeida med Bruce Caldwell og fleire av dei andre forskarane som har via karrieren sin til vitskapshistoria om Hayek. Boka er solid skrive, reint fagleg.

Boka er delt inn i fire delar, personen, økonomen, samfunnsvitaren og filosofen. Det er ein smart inndeling fordi Hayek var ein allsidig forskar. I innledninga oppsummerar Garmann Johnsen prioriteringane til Hayek slik: «han spilte en sentral rolle i diskusjonene om konjunkturpolitikken tidlig i 1930-årene, om sosialisme i slutten av 1930-årene, om totalitære ideologier rundt annen verdenskrig, om fornyelsen av liberalismen i etterkrigstiden og om demokratiet og rettsstaten i de siste årene av sitt liv. I tillegg til dette skrev han bøker og artikler om psykologi, vitenskapsfilosofi og idéhistorie.» (s. 11)

Det finnes ein tydeleg raud tråd gjennom fortellinga. Hayek vaks opp i Wien på starten av det 20. hundreåret. Den første verdskrigen og dei påfølgjande konfliktane mellom kommunistar og nasjonalistar midt i sosialt og politisk kaos førte til at Hayek brukte resten av sitt liv på utforske føresetnadene og grensene for eit fritt, liberalt samfunn. Det er denne livsoppgåva som Garmann Johnsen har brukt som den raude tråden gjennom alle dei faglege angrepsvinklane Hayek har brukt for å finne svar.

Hans Chr. Garmann Johnsen. Foto: Lene Johansen / Liberaleren

Det er med andre ord inga liten oppgåve å skrive ei god introduksjonsbok til Hayek sitt arbeide, men det har Garmann Johnsen altså gjort. Eg har utsett boka for den ultimate lesartesten, for eg kjøpte ein kopi av boka til svigermora mi. Tove Kolle er ein tidlegare forlagsredaktør som blant anna hadde ansvar for økonomilitteratur på Universitetsforlaget og TANO forlag. Samtalene våre har vekka hennar interesse for Hayek, men dei to bøkene til Bruce Caldwell, Hayek’s Challenge: An Intellectual Biography of F.A. Hayek og Hayek – A Life, 1899-1950 har ikkje treft. Dei er rett og slett så detaljerte og omfattande at dei ikkje eignar seg som introduksjon, men det gjer boka til Johnsen! Er ein nysgjerrig på arbeidet til Hayek er dette ein god introduksjonsbok.

Eg har brukt lang tid på denne bokmeldinga. Normalt ville eg slukt gjennom boka på eit par dagar for å få oversyn og inntrykk nok til å skrive, men det har eg ikkje klart. Eg har blitt sugd inn i boka, og blir sittande å finlese og notere i staden. Sidan arbeidet til Hayek er så mangesida, kan det vere vanskeleg å finne ut kor i dei samla verka ein skal starte, eller kor ein skal halde fram. Eg har sjølv bala med å finne ein sti igjennom arbeidet til Hayek i fleire år.

Dei tre mest sentrale nyvinningane til Hayek: spontan orden, oppstillinga av kunnskapsproblemet og prismekanismen. Om ein skal forsøke å sette seg inn i dei og lete gjennom arbeidet til Hayek etter kjeldene, må ein jobbe både langt og lenge. Jo, det finst nokre nøkkeltekster, men Hayek har brukt mange år på arbeidet. Kjeldene er spreidd ut over mange tiår og hundrevis av arbeid. I boka har Garmann Johnsen samla trådane, slik at det er lett å finne fram i originalarbeidet til Hayek. Dermed blir boka til Garmann Johnsen og referanseverket i boka òg ein vegvisar til originallitteraturen.

Garmann Johnsen har med denne boka gitt oss ein uvurderleg nøkkel til forståing av F.A. Hayeks tankeverk på norsk. Med ein klar og strukturert tilnærming gjer han komplekse idéer som spontan orden og kunnskapsproblemet lettare tilgjengeleg for både nybegynnarar og erfarne lesarar. Boka fungerer som både introduksjon og veiviser til Hayeks omfattande arbeider. I ei tid der den liberale samfunnsordenen er utsett for harde angrep, både frå innsida og utsida, inviterer Garmann Johnsen oss til å utforske den frie samfunnsverdien som Hayek forsvarte. Dette er ei bok som fortener å bli lese!

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer