Kommentar

Skatteetaten nektar nordmenn å registrera heimvandring

Det er litt over åtte år sidan eg innvandra til Noreg. Dagen etter eg landa, troppa eg opp på Skatteetatens kontor på Grønland for å registrera at eg hadde flytt attende slik folkeregisterloven pålegg meg plikt om å gjera innan åtte dagar etter innkomst. Eg er fødd i Noreg, har norsk personnummer og er norsk statsborgar. Dette burde ikkje vera noko problem, trudde eg.

innkjøring forbudt skilt
Skatteetaten nekter nordmenn å registrere hjemvandring. Foto: Tony CC.BY.NC.SA.

Etter å ha sete nærare ein time for å venta på turen min, tok eg med passet mitt og ferdig utfylt skjema med den mellombelse adressa mi bort til skranken. Der fekk eg melding om at eg ikkje skulle koma her og koma her. Sidan eg ikkje fylte kravet deira om at eg må prova at eg skulle verta buande i Noreg i minst seks månadar, nekta personen å registrera meg i Folkeregisteret. Eg tusla gråtande attende til toget til Oppegård. Eg var ikkje velkomen i eige heimland.

Dagen etterpå hadde eg pløgt igjennom førearbeida. Eg troppa opp på Skatteetatens kontor på Grønland på nytt. Denne gongen var eg førebudd. Eg hadde alle relevante lovkjelder opne på datamaskinen min og bandopptakaren på telefonen var aktivert då det vart turen min å gå opp til skranken for å få hjelp.

Denne gongen trefte eg ei dame som sa at det heile ikkje var noko problem, men at me måtte registrera meg på adressa til foreldra mine i staden for der eg faktisk budde. Dette vert visstnok skuldt at det var eit problem med utvandra Spania-pensjonister som melde flytting attende til Noreg for å få helsehjelp i Noreg, men ho kunne sjå at eg ikkje kom frå Spania og at eg ikkje var pensjonist så dette skulle ordna seg. Dimed var eg brått vorten registrert i Folkeregisteret, og eg hadde vorte medlem av Folketrygden.

Dette var starten på eit ritual som har gjenteke seg fleire gongar dei siste åtte åra. Vedkjende ringjer og lurer på om eg kan hjelpa dei heimvende slektningane deira med at Skatteetaten nektar å registrera heimvende statsborgarar i Folkeregisteret, slik dei er pliktige til i samsvar med folketrygdloven si § 6-2. Det Skatteetaten eigentleg freistar å nekta dei å verta medlemar av Folketrygden.

Skatteetaten har lov til å nekta heimvende nordmenn å verta medlemar av Folketrygden med ein gong. Dersom ein ikkje har planar om å verta i Noreg i meir enn tolv månadar har ein ikkje krav på medlemskap i Folketrygden, men ein har krav på å verta registrert i Folkeregisteret. Men Skatteetaten nektar altså folk å registrera seg i Folkeregisteret, fordi dei av ein eller annan mystisk grunn har kopla dei to medlemskapane. Så då fortset eg å få fortvila telefonsamtalar frå kjende og ukjente om kva dei må gjera for å få Skatteetaten til å registrera heimkoma til Noreg, slik folkeregisterloven pålegg heimvende nordmenn å gjera innan åtte dagar.

Eg synest det er litt rart at ingen aviser har teke opp problematikken, men det er kanskje teikn på at dei rådene eg gjev fungerer?

Mest lest

Arrangementer