Kommentar

I møte med militærmakt er handel og samarbeid ein styrke

Putin har gått til krig mot nabolandet sitt, for fjerna ein alternativ liberal og demokratisk versjon av eit samfunn med same språk og kultur. Han har lenge sett på den liberale demokratiske delen av verda som svak, bortskjemt og splitta. Han venta ikkje noko meir enn diplomatiske protestar på det kjappa kuppet han hadde planlagt i Ukraina. Han skulle berre installera ein russiskvenleg sjef i Kyiv og så skulle livet gå attende til normalt.

I staden møtte han massiv motstand frå innbyggjarane. Den ukrainske kampviljen ser så langt ut til å utjamna maktskilnadane mellom det ukrainske og russiske militæret. I tillegg har han klårt å samla Europa og EU på ein måte me ikkje tidlegare har sett i historia.

Dei europeiske landa er leie av bølla som banker opp tilfeldige ungar i skulegarden. Fleire av landa har gått bort frå etterkrigstida sin forsvarspolitiske moderasjonspolitikk. No har dei samla seg og gjev både pengar, materiell og våpen til Ukraina. Debatten om NATO-medlemskap er i gong i fleire land som har hatt nøytralitet som viktigaste leiestjerne.

Det verkar som om europearane oppfattar åtaket på Ukraina som eit åtak på den demokratiske liberale samfunnsordenen. Kort tid etter invasjonen byrja ei rekkje innsamlingsaksjonar for å hjelpa det ukrainske forsvaret økonomisk. Desse pengane skulle gå til militæret, ikkje til flyktningar og humanitær assistanse. Det tok ikkje lang tid før den ukrainske sentralbanken opna ein konto som tok imot innskot via kort. Forsvaret av det liberale demokratiet er folkefinansiert.

Det tok heller ikkje lang tid før dei liberale demokratia tok i bruk eit heilt anna våpen. Økonomiske sanksjonar vart trappa opp og eigedelane til rike og mektige russarar vart frose. Dette har vore kjende reaksjonar og det pleier gjerne å stoppa der. Det har den ikkje gjorde denne gongen.

Russland har vorte avskore frå viktige internasjonal infrastruktur som betalingsformidling. Russiske fly har ikkje lenger løyve til å fly gjennom luftrommet til dei fleste nabolanda. Tyrkia har snakka om å stengja Bosporosstredet. Dei fire shippingselskapa som står for 47 prosent av verda si kontainerfrakt har stansa forsendingar til og frå Russland.

Russiske aktiva og valuta vert dumpa av investorar. Russland har nekta å opne børsane for å forhindra det. Vestlege selskap har byrja å isolera Russland økonomisk. Dei er villige til å gå frå investeringar dei har gjort i Russland, det gjeld både Equinor og ei rekkje andre. Tyskland har sagt at den ferdige gassrøyrleidningen Nord Stream 2 ikkje kjem til å bli nytta. Russiske selskap som har verksemd i dei liberale demokratia, får ikkje lenger driva som normalt. Utanlandske selskap som driv i Russland har stengt butikkane sine der. Eitt unnatak er Burger King. Det er mange europearar som no vel å ikkje eta der.

Russiske idretts­utøvarar får ikkje delta i ei rekkje meisterskap. Sjølv ikkje Den internasjonale olympiske komitéen vil ha noko med dei å gjera. Strøymeselskap har stoppa service til Russland, inkludert PornHub. Selskapet la tidleg opp ein sperreskjerm med eit ukrainsk flagg og ei støtteerklæring til Ukraina for brukarar med russiske IP-nummer. Det er berre Netflix som framleis leverer tenester til Russland og europearar har byrja å seia opp abonnementa sine på grunn av det. Deleøkonomiselskap som Uber og Bolt har òg stoppa tenestene sine.

Elon Musk og Starlink har sikra ukrainsk internetttilgang gjennom å opne for tenestene sine i Ukraina og har sendt utstyr for å kopla seg opp.

Somme har argumentert med at denne økonomiske og kulturelle isolasjonen rammar vanlege russarar. Det mest sjølvsagde svaret er at den russiske invasjonen har ramma vanlege ukrainarar.

Eit svar som er litt mindre openbert er at den russiske leiinga tydeleg markerer at dei ikkje vil vera ein del av den liberale verdsordenen, og den liberale verdsordenen har teke signalet og fjerna tilgangen til tenestene, produkta og velstanden som den liberale verdsordenen har skapt og vedlikeheld. Makt er det einaste språket Putin forstår.

Handel og samarbeid er det største godet den liberale verda har, men om me snur Bastiat på hovudet, vert mangel på handel og mangel på samarbeid òg eit våpen.

Putin kan kalla den liberale demokratiske livsstilen for dekadent. Han ser på oss som har valt å leva på denne måten som svake, bortskjemte og splitta. Me har valt å leva på denne måten, me har kjempa for det liberale demokratiet og me er villige til å kjempa for det liberale demokratiet igjen dersom nabolaget sin bølle skulle prøva å taka det frå oss.

Denne gongen trudde bølla at han berre skulle kua ukrainarane for å velja det liberale demokratiet. I staden vekte heile det liberale demokratiske samfunnet i Europa, og dei har reagert med total utestenging. Så får me sjå kor lenge han og medbøllane hans klarer å leva utan goda som det liberale demokratiet har skapt. Me nektar å la varer og tenester kryssa grensene, så lenge soldatane til Putin gjer det.

Mest lest

Arrangementer