Ukas anbefaling

Folket mot demokratiet

Liberalt demokrati. Samfunnsforma her i Noreg er eit liberalt demokrati. På den eine sida har vi folkestyre, men på den andre sida modereras folkestyret av dei individuelle rettane og likskap for lova som er grunnvollen i eit liberalt samfunn.

Dei siste åra har det liberale demokratiet vorte høglydt utfordra av folk med enkle politiske løysingar på komplekse politiske problem. Dei same folka rasar mot hovudstrømsmedia, mot politikarar og mot ulike former for grupper som er årsaka til alle problema me har i samfunnet. Desse folka kan kome frå ein annan stad, ha ein annan religion eller ha ein anna kjønnsidentitet eller legning. Det er oss mot dei for alle pengane. Det finnest ikkje noko vi. Me skal ikkje byggja eit godt samfunn å leva i for alle, saman. Me får eit godt samfunn dersom dei ikkje får vere med.

På eit meir stillferdig vis har det liberale demokratiet òg vore utfordra av noko anna, som eg framleis forsøker å få eit fullstendig bilete av. Politikarane har flytt mykje av si makt over til folk som ikkje er folkevalde, men som sitt med makt til å ta store avgjerder som endrar det norske styresettet og rammevilkåra for samfunnet. Det har skjedd fordi politikarane vil beskytta seg sjølv frå kostnaden av å ta upopulære avgjerder. Dei folka som har fått makt er eit produkt av at Noreg har blitt eit høgproduktivt kunnskapsdriven samfunn. Samfunnet er så komplekst at avgjerder ofte blir tatt av en haug ulike folk som gjer små avgjerder for ein liten del av heilskapen med utgangspunkt i eigen kompetanse, men ingen av dei ser korleis summen av alle dei små avgjerdene blir.

Båe desse to kreftene i samfunnet svekker det liberale demokratiet. Ein som har tenkt mykje på dette er Yascha Mounk, ein tysk-amerikansk statsvitar som arbeider hjå Harvard-universitetet. Eg delar to videoar der han snakkar om dette fenomenet i dag. Den eine videoen er ein kort TedX-video på 15 minutt. Den andre er eit lengre foredrag på nesten ein time som han held på Google sin hovudkvarter.

Desse trugsmåla mot det liberale demokratiet er kjernespørsmålet i vår samtid. Liberale tenkjarar har i årevis sagt at fridomen vår er ein skjør skapning som aldri er meir enn ein generasjon frå å forsvinne. Vi er i ein sånn augneblink no. Mounk si analyse kan hjelpe oss å forstå korleis fridomen vår er truga. Svaret er ikkje innvandrarar eller transpersonar.

Mest lest

Arrangementer