Kommentar

Arven frå den norske kolonitida lev vidare i FrP

Erlend Wiborg. Foto: FrP CC.BY.NC.SA.
Erlend Wiborg frå FrP vil ha ein enklare kvardag for folk flest, berre ikkje dei som har fått rettsvern i Noreg gjennom asylinstituttet. Foto: FrP CC.BY.NC.SA.

A-magasinet publiserte ein artikkel om Peder Anker i frå Halden denne helga. Han var den grufulle norske generalguvernøren i Trankebar i India frå 1776 til 1801. Anker er ein del av den kolonialistiske fortida til Noreg, sjølv om vi helst skyver ansvaret for vår eiga kolonialistiske historie over på danskane. Vi kan ikkje skyve frå oss ansvaret for folk i frå Halden.

Kolonialisme er omgrepet vi brukar når eit land utøvar sin suverenitet utanfor landet sine grenser, som for eksempel gjennom å etablere asylmottak og busetting av asylsøkarar i Rwanda. På måndag tok Erlend Wiborg frå FrP til orde for nettopp ein slik ordning. Kvar gong programleiar Bjørn Myklebust utfordra han på om det var lovleg, gjømde Erlend Wiborg seg bak at dei gamle kolonistatane Danmark og Storbritannia ønska å gjere dette.

Forslaget til FrP handlar altså om å etablere eit senter i utlandet der asylsøkjarane kan reise til, søkje og bu mens søknaden vart vurdert. Om dei får medhald i at dei har krav på asyl, skal dei bli buande i Rwanda. FrP vil dumpa menneskje som har krav på vern i andre land enn i Noreg. Vi skal betale rekninga. Skattepengane våre skal brukas på å betale for å at du og eg skal sleppe å møte menneskjer som har fått asyl i Norge.

Eg er ærleg talt ikkje heilt sikker på kva problem FrP skal løye med dette forslaget.

Folk som har krav på vern, får ikkje vern ved å bli boset i eit anna diktatorisk land. Korleis skal det norske samfunnet verne dei om dei bur i eit anna land? Skal vi etablere politi og andre tenester i Rwanda, for å gje desse menneskja norsk rettstryggleik?

Om det er kostnadane som er problemet, veit eg ikkje heilt kor mykje billigare det blir å oppretta ein norsk parallellstat i Rwanda for å ta vare på rettane til dei menneskja som teknisk sett har fått asyl i Noreg. Det er billigare å integrere dei her heime. Om ikkje FrP ønsker å oppretta ein ny klasse av privilegerte utanriksmedarbeidarar som arbeidar på skift i Rwanda? Eg trudde ikkje det var heilt deira stil, men dei har jo aldri levert på lovnaden om mindre stat så kva veit eg.

Uansett korleis FrP snur og vender på det, er forslaget ein symbolsak som berre er raudt kjøtt til dei innvandrarfiendtlege veljarane deira. No som vi endeleg byrjar å forstå at me ikkje kan dumpe plastikkavfallet vårt i Sør-Aust Asia, tekstilavfall i Atacama-ørkenen i Chile og gamle skip på strender i Bangladesh, skal me ikkje starta å dumpe menneskje FrP ikkje vil ha i utlandet.

Denne dumpinga er siste rest av den norske kolonitida. No må vi sjølv gjere en innsats for å ta vare på menneskjer og ressursar, og ikkje late som om vi har betalt nokon andre for å lause utfordringane vi har.

Mest lest

Arrangementer