Kommentar

Når blir neste gong?

– Vi veit alle kor vi var 22. juli 2011.

Det var morgon i West Philadelphia då den yngste søstera mi ringte for å si at nokon hadde bomba regjeringskvartalet. Resten av dagen nytta eg til å omsette Twitter-meldingar frå pålitelege norske kjelder i Noreg. Washington Post var blant dei amerikanske nyhendestadene som satt pris på å få rein reportasje og faktasjekk frå nokon med amerikansk journalistskule.

Sidan eg var dum nok til å gje beskjed til PR-byrået til den tidlegare arbeidsgjevaren min at eg kunne snakke om terroråtaket i Noreg til amerikanske media, brukte eg òg delar av dagen på å forklare at det ikkje var eit islamistisk åtak og at det ikkje var nokon valdtektsbølge i Noreg, uansett kva konservative amerikanske media har fått for seg. 22. juli åtaket var framleis så ferske nyhende at dei ikkje forstod kva som hadde skjedd enno.

Blomsterhav med Utøya i bakgrunnen. Foto: Robert Rozbora / Shutterstock.com

Det skulle ikkje skje igjen

Sidan 22. juli har vi hatt to meningsløsye åtak til. Åtaket på al-Noor Islamic Centre i 2019 og åtaket på London Pub og Per på Hjørnet for snart ein månad sidan. Desse åtaka er ikkje berre et angrep på dei menneskja som tilfeldigvis var til stades, eller dei sosiale gruppene dei representerte, men det var òg åtak på fellesskapet vårt. Desse menneskja har gått etter dei sosiale banda vi skapar og vedlikehald kvar einaste dag, gjennom å strekke ut handa til andre menneskjer.

Vi veit førebels lite om korleis den siste angriparen kjem til å rasjonalisere handlingane sine, men vi veit at dei to første har pakka inn ugjerningane sine i usosialt tankegods om at dei var utvalde, at dei kjente sanningar som ingen andre hadde kunnskap om og at dei skulle gjere endringar som gjorde at vi andre endeleg skulle sjå kor viktige og imponerande dei var.

– Joda, vi har sett dei, men imponert er vi ikkje.

Det er eit felles tema som går igjen for dei to første angriparane, og det er at dei var utanfor fellesskapet. Dei høyrte ikkje til og dei deltok ikkje.

Ein kriminalhistorisk vandring

Heilt sidan mellomalderen har utanforskapet vore fundamentet i kven vi har definert som kriminelle. Dei første kriminelle var vagabondane. Omstreifarane som ikkje høyrde til på ein stad, til ein gard. Alle høyrde til ein gard i mellomalderens Europa. Det var der ein arbeida og skapte sitt levebrød. Om ein streifa omkring, jobba ein ikkje for levebrødet sitt og sånn kunne ein ikkje ha det i samfunnet. Vagabondane var ein trussel mot fellesskapet og dei skulle straffast gjennom å halde dei på ein plass og tvinga dei til å arbeide for levebrødet sitt.

Men verda gjekk vidare og det føydale samfunnet gjekk i oppløysing. Det var framleis naudsynt å skaffe seg eit levebrød, men ein fekk mange andre måtar å gjere det på. Kven som var samfunnsfienden endra seg. Religiøs moral gjorde sitt inntog i kven som vart definert som ein trussel mot fellesskapet. Ein skulle leva dydig og moralsk. Dei som brøyt med deg moralske normene skulle straffast gjennom offentleg skam og botemål. Straffa var fysisk.

Menneskje som var så syndefulle at det ikkje var håp for dem vart sperra inne, så dei ikkje lenger kunne påføre fellesskapet synda si. Vi isolerte dem frå samfunnet dei hadde avvist gjennom sine syndefulle val. Ute av syne, ute av sinn. Og samstundes ville isolasjonen gje dei tid til å tenke over dei antisosiale handlingane dei gjorde. Då kunne dei reformerast og få vere med i fellesskapet igjen.

Og nå nærmar vi oss samtida, som er enda meir kompleks og mangfaldig. Framleis er dei kriminelle folk som angriper den sosiale ordenen gjennom vald eller vinning. Dei har gått til åtak på enkeltpersonar. Framleis straffar vi dei gjennom å ta dei ut av fellesskapet og isolere dei vekk frå samfunnet. Men nå har vi altså fått desse som går til åtak på sjølve den sosiale ordenen, på fellesskapet vårt.

Vi har ikkje funne løysinga enno

Første gongen var vi sjokkerte. Åtaket 22. juli var ikkje sånt som skjedde i Noreg. Andre gongen vart vi sinte. Den tredje gongen kjente eg at eg var oppgitt. Kor kjem det frå, dette med å angripe den sosiale ordenen ein er ein del av? Og kva skal vi gjere med sånne åtak?

No er det 11 år sidan 22. juli og vi har framleis ikkje funnet gode svar. Den sosiale ordenen vår grip framleis etter kordan vi skal forstå desse åtaka. Kva vi skal svare med. Vi har nytta oss av gamle svar som ideologi og sjukeleggjering. Vi har nytta oss av gamle løysingar som isolasjon i fengsel og snakka om å ruste opp den psykologiske helsetenesta.

Men det er noko nytt dette, med at enkeltpersonar går til åtak på den sosiale ordenen, tilsynelatande utan anna motivasjon enn at dei vi bli sett. Kanskje vi bør bruke denne triste årsdagen til å sjå på problemstillinga med nye augne og freiste på å finne nye forklaringar og nye løysingar?

Det er litt trist å måtte si det, spesielt på årsdagen for 22. juli, men eg trur ikkje åtaket 24. juni var siste gongen eit slik åtak skjer.

Mest lest

Arrangementer