Magasin

Ein varm pust frå fortida som ikkje lenger er

The West Wing var ein TV-serie som gjekk på amerikansk TV mellom 1999 og 2006. Alle eg kjenner som elskar amerikansk politikk, elskar også denne TV-serien. Eg flytta til USA i oktober 2001. Åttaket 9/11 sørgde for at eg, som ny immigrant, hadde meir enn nok politisk teater å ta inn. Eg såg ikkje The West Wing den gongen. Eg fekk amerikansk politikk direkte inn i stua kvar einaste dag, og for ei ung kvinne frå Noreg var det eit fyrverkeri av eit drama!

Nå har det gått 16 år sidan serien tok slutt. Når den tok slutt i 2006 var det var halvvegs gjennom den  siste presidentperioden til George W. Bush. Hans presidentskap vart køyrd i grøfta av 9/11 og dei nykonservative utanriksrådgjevarane til faren hans, George H. W. Bush. Tea party handla framleis om skatt og liten offentleg administrasjon. Det var to år før Barack Obama ble president og Tea Party vart gjort om til ein rasistisk organisasjon for nasjonalkonservative som var bekymra for å bli bytta ut av folk som ikkje så ut som dei sjølv gjorde.

Dei siste 20+ åra i amerikansk politikk har handla om stadig større polarisering mellom dei politiske partia. Ingen av dei to store klarer å etablere ein stabil koalisjon av veljarar bak seg. Veljarane vel stadig alternativet som dei ikkje røysta på førre gongen. Litt avhengig av korleis ein tel, har vi no haldt på med denne evige pendelen frå det eine alternativet dei ikkje vil ha, til det andre, i kvar einaste valsyklus i snart 30 år. Mellombels kom sosiale media og satt rakettfart på pendelen, samanlikna med tidigare periodar dei amerikanske partia ikkje har klart å etablere ein varig koalisjon av veljarar bak seg.

Eg har ikkje tolmod med TV og film. Hovudet mitt gjer meg sterkare opplevingar om eg les ein bok. Eg kan sitte stille ein stund og sjå på bilete som rører på seg, men det varar ikkje lenge. Peter Jackson sin filmatisering av Hobbiten og Ringdrottane var ei prøving, sjølv for ein med ADHD som hadde jobba seg gjennom Tolkiens alt for ordrike bøker fleire gonger.

Dei siste månadene har eg ikkje hatt mykje val. Om eg ikkje får sove og ikkje har overskot til noko anna, har TV og film vore det eg har fått til. Så eg har sett på The West Wing. Eg forstår språket, eg kjenner den politiske strukturen og eg har budd lenge i den kulturen. Så eg har ENDELEG fått sett West Wing, sånn 20-noko år etter alle andre eg kjenner her i Noreg som elskar amerikansk politikk.

Men det er noko med å sjå ein sånn serie etter dei siste 20+ åra i amerikansk politikk. Hatet frå Bush Jr.- og Obama-tida har satt sitt spor hos dei fleste av oss. Trump sitt narsissistiske forsøk på gripe makta med vald i 2020 har satt den politiske pendelen i høgste gir mellom dei ekstreme fløyene på høgre og venstre side. Samstundes blir fleir og fleir amerikanske veljarar partilause i midten. Dei vil ikkje ha nokon av alternativa, men valsystemet med førstemann forbi målstreken gjer dei ikkje moglegheita til å røyste på kandidatar frå andre parti.

No som eg har levd meg igjennom framtida til den politiske kvardagen som vart skildra i The West Wing, er det  å sjå serien ein nostalgisk oppleving. Ein liten stund får eg leve i en politisk kvardag der sosiale media og hyper-partiskheita ikkje enno finst. I går såg eg siste episode, der president Bartlet gjer makta vidare til president Santos, fredeleg, slik USA var før Donald Trump sitt presidentskap.

Riktig nok er dei begge frå same parti, som er uverkeleg i ein reint samtidshistorisk samanheng. Det er mange tiår sidan amerikanarane let eit parti sitte med presidentskapet i meir enn to presidentperiodar, men Hollywood-produsentane må få sine draumar realisert på eit eller anna vis. Men det å gje makta vidare til ein folkevald president frå det andre partiet har vore standard i USA i snart 200 år. Fredeleg maktskifte frå ein majoritet til ein annan. Demokrati.

Det er rart å skrive om noko så grunnleggjande som ein fredeleg overgang frå ein politisk makt til ein annan, no som vi skriv 2022. Deit 12 åra eg budde i USA var år der dei politiske polane vart meir og meir polarisert, til dei politiske polane ikkje lengre eksisterte i same verkelegheit, slik vi ser i dag.

Framleis er USA den bærande staten i den liberale verdsordenen, men det pågåande politiske kaoset gjer at dei stadig abdiserer meir og meir frå institusjonane dei skapte i løpet av det 20. hundreåret. Om dei skal redde restane etter hegemoniet sitt, må dei reformere valordningane sine og partia må igjen etablere stabile veljarkoalisjonar bak seg. I ein tid der dei innanrikske institusjonane i USA vaklar i møte med partiske styringsinstitusjonar, er det mykje å håpe på at USA igjen skal ta kontroll på den liberale internasjonale ordenen dei skipa i det 20. hundreåret. Men for oss som sett pris på det politiske eksperimentet som USA er, og som veit at Europa har grepe tak i fleire liberalistiske ordningar som amerikanarane ikkje har sett, er The West Wing no eit feel-good politisk drama som tar oss tilbake til USA rett etter Berlinmuren falt. Eit vindauge til det optimistiske 90-talet.

Om du er av den kyniske typen er det ikkje nokon vits i å investere tida i å sjå heile serien, men du bør sjå den siste episode i den siste sesongen, for det du kjem til å sjå er korleis USA, som var premissleverandør for den liberale verda i det 20. hundreåret overleverer makt frå ein administrasjon til ein annan. Logistikken du ser der ein president blir flytta ut og ein annan flytta inn i løpet av eit par timar har vore standarden. Trump kasta mange sko inn i det maskineriet.

Dei som jobba for han trudde at dei kanskje skulle bli værande, om det vart ein revolusjon i USA 20. januar 2020. Trump sjølv hadde ikkje gjort noko for å førebu seg på å flytte. Det kan kanskje ha vore noko av årsaken til at han pakka med seg en masse dokument han ikkje skulle ha. Den siste episoden av The West Wing viser korleis maktovertakinga vanlegvis skjer i USA, når ein ikkje har ein autokrat som vil forsøke å ta over makta slik Trump gjorde. The West Wing gjer oss eit bilde inn i USA når det fungerer som det var meint. Episoden er feel-good TV for politiske nerdar, så godt som det kan bli.

Mest lest

Arrangementer