Kommentar

Korleis ser framtidas liberalistiske program ut?

Mange liberalistar ser bakover til det dei tenkjer på som liberalismens glansdagar. Folka som har svara på dagens utfordringar var Reagan og Thatcher, men sånn er det ikkje. Liberalismen er eit rammeverk for å tenkje på korleis samfunnet bør sjå ut. Det er ikkje eit sett med politiske løysingar som alltid fungerer, uansett den konteksten samfunnet og samtida gir. Det som fungerte i 1992, er ikkje nødvendigvis løysinga i 2022. Det som fungerte i USA eller Storbritannia gjer sjeldan svar om kva som fungerer i Noreg.

Førre veke kom eg over artikkelen Liberalism beyond Hayek: On the Renewal of Liberalism and the Institutional Infrastructure of Freedom av Lars Peder Nordbakken i Journal of Contextual Economics – Schmollers Jahrbuch. Artikkelen er frå 2019, men behovet for å fornye liberalismen for det 21. hundreåret er meir prekært enn det var for tre år sidan. Putins åtak på Ukraina og fundamentet for den vestlege verda har gjort problemstillinga til Nordbakken meir kritisk enn tidlegare. Korleis burde liberalisme i Noreg sjå ut i framtida?

Ei kort historie

På slutten av 1800-hundreåret var laissez-faire det vanlegaste økonomiske systemet i den vestlege verda. Staten held på med sitt og økonomien vart sett på som eit sjølvregulerande system. Då deltakarne på Walter Lippmann Colloquium møttest i Paris i august 1938, var det for å diskutere korleis ein ny liberalisme skulle sjå ut. Ein liberalisme som ikkje hadde dei ibuande problema som laissez-faire hadde vist seg å ha.

I 1947 arrangerte Mont Pélerin Society sitt første møte og dei hadde same agenda, korleis skulle liberalismen svare på samfunnet sine utfordringar, i verda etter dei dei ekstreme ideologiane kommunisme, sosialisme og fascisme hadde hatt sin øydeleggjande verdskrig. Svaret var ikkje å gå tilbake til laissez-faire, for det var ein liberalisme som allereie hadde vist seg å ikkje kunne holde stand mot sosialisme, kommunisme og fascisme.

Ein eller annan stad over Atlanterhavet i etterkrigstida, blir det eit skilje i den liberalistiske idéverda. Dei amerikanske idéane går tilbake til ein rar versjon av laissez-faire og ein Rand-inspirert fundamentalistisk individualisme som framleis pregar amerikansk liberalisme, og som har fått eit hold i den norske liberale rørsla. Dei europeiske har ein annan tilnærming der statens rolle er å etablere marknadsordenen. Europearane er like skeptiske til makt, anten det er statsmakt eller økonomisk makt, mens amerikanarane ser på statsmakt som opphavet til alt som er ille. Dette skiljet pregar framleis den liberalistiske rørsla i verda i dag.

Samstundes har den amerikanske liberalismen bikka over i ortodoksi og konservatisme. For dem var 1990-talet ei glanstid som må bringast tilbake. Den europeiske liberalismen har vært med på å etablere rammene for det europeiske prosjektet. Dei har eit kontinuerleg arbeid med å bygje og forbetre rammene for marknadsløysingar, som har blitt hegemoniske i heile Europa.

Kva innhald har liberalisme?

Liberalisme er i utgangspunktet bygd på fire pilarar, slik Nordbakken skriv i sin artikkel. Desse fire pilarane er lovstyring, demokrati, marknadsøkonomi og det sivile samfunnet. Om ein fjernar ein eller fleire av desse pilarane, er resultatet ikkje lengre liberalisme, men noko anna. Innanfor desse fire pilarane finst det mange, mange moglege liberalistiske samfunnsordenar som kan tilpassast behova til dei individa og det sivile samfunnet som finst der og da.

Nordbakken skil òg mellom intellektuell, politisk og institusjonell liberalisme. Skiljet er lett å sjå når Klaus Jacobsen og eg snakkar om liberalismens framtid på Liberaleren Podcast. Klaus snakkar om politisk liberalisme. Eg snakkar om intellektuell og institusjonell liberalisme. Om eg berre hadde sett på politisk liberalisme, ville eg nok vært like pessimistisk som Klaus. Skilnaden er at eg gav opp politisk liberalisme rundt 1998, omtrent då Fridemokratane slutta å eksistere som eit reelt politisk parti, i den grad det nokon gong var det ut over dei fire stortingsrepresentantane som var årsaka til at partiet vart oppretta i første omgang. Liberale akademikarar og Civita er døme på intellektuell liberalisme. Lovstyring er eit døme på institusjonell liberalisme.

FNs hovedkvarter sett fra portene til Place des Nations, Genève. Foto: Groov3.

Dei politiske rammene

Vår liberale samfunnsorden er altså bygd på lovstyring, demokrati, marknadsstyring og det sivile samfunnet. Det norske politiske systemet er ein tradisjon som må liggje til grunn for politiske løysingar for framtida.

Ein av desse er velferdsstaten. Den har ein lang tradisjon, som går mange hundre år tilbake i historia. Ein kan òg nytte både kulturelle og biologiske forklaringar til at vi har ein løysing der vi dannar fellesskap som gjer at vi kan ta vare på kvarandre når verkelegheita gjer livet vanskeleg for enkeltmenneskjer. Om ein skal sjå på liberale løysingar til samtidas politiske utfordringar, må ein ha med ein eller annan form for velferdsstat. Noko anna er å gjere same feilen som Mao gjorde under kulturrevolusjonen. Tradisjonar og kultur kan ein ikkje reformera over natta, uansett kva ancap-fantasiar ein har på soverommet.

Ein annan av desse tradisjonane er trepartssamarbeidet. Sidan 1930-talet har næringslivsorganisasjonar, fagforeiningar og staten samarbeida om å lage gode løysingar for lønnsfastsetting og konfliktar i arbeidslivet. Organisasjonsfridom er eit sentralt liberalistisk prinsipp, uansett kor du finst på den interne liberalistskalaen frå ancap til «sosialdemokrat». Fagorganisering er berre ein annan form for organisasjonsfridom, og her i Noreg har vi klart å halde på ein ordning som får både fagforeiningar og næringslivsorganisasjonar til å arbeide for at vi skal ha eit produktivt næringsliv med gode arbeidsforhold. Det er ein styrke i det norske samfunnet, og eg har ikkje sett nokon liberalistiske tenkjarar her heime foreslå nokon form for politikk som skal gje oss eit betre alternativ. Der ein del kanskje har forbehold om statens rolle i trepartssamarbeidet, så har dei en dømmande rolle i dag. Vi har hatt trepartssamarbeidet som ein institusjon i det norske samfunnet i snart 100 år. Den har blitt tilpassa og finjustert samfunnets rolle undervegs i denne tida, og den fungerer for dei samfunnsbehova vi har i dag, anten du er næringsdrivande, fagorganisert eller ikkje.

Dei politiske utfordringane

Vi er i 2022. Det er ikkje nokon vits i å kjempe mot velferdsstaten her i Noreg, som eg nyss har forklart. Det er ikkje noko poeng i å late som at ein nattvektarstat er mogleg, korkje her i Noreg eller i andre land. Om ein stat ville ha etablert ein fungerande nattvektarstat i dag, hadde det framleis vore ein mislykka stat i den moderne verda. Kva er då dei politiske utfordringane som samtidas liberalistar må finne løysingar på?

Eg kjem ikkje til å kome med forslag til svar på nokon av utfordringane i denne artikkelen, men eg oppmodar dokker til å kome med forslag til løysingar i kommentarfelt og som lesarinnlegg her på Liberaleren.

  • Klima og miljø. Kloden blir varmare, og det at menneskjer tar ut ALLE naturressursane og tar opp ALL plassen er gjer oss utfordringar som ressursknappheit og økt sjukdomsfrekvens for både planter, dyr og menneskje. Dette er eit press som i alle fall kjem til å være vedvarande fram til 2100. Korleis kan vi nytte liberalistiske styringsverktøy som marknaden til å lette på denne byrden og sørge for at menneskja har ein framtid på kloden?
  • Ulikskap. Liberalistar har ein radikal idé om at folk er like, og ingen skal ha meir makt eller påverknad enn andre. Samstundes har vi ein stor toleranse for ulikskap fordi sjølvstendige val til sjuande og sist vil føre til at resultata vil være ulike for folk. Men vi har òg eit stort blindpunkt fordi vi har ein tendens til å avfeie alle diskusjonar om ulikskap med å avfeie løysingane som idémotstandarane våre kjem opp med.
    Det finst to distinkt forskjellige typar ulikskap. Ein form for ulikskap skuldast individuelle val som du og eg gjer. Eg kan til dømes velje å arbeide med hjartesaker som sopp i ein frivillig organisasjon, eller så kan eg velje å nytte dei same kompetansane til å arbeide med å gjere Equinor til eit grønt energiselskap. Løna eg i den eine jobben, vil ikkje være den same løna eg får i den andre.
    Men den andre forma for ulikskap er institusjonell. Den er skapt av lovar og reglar. Døme på dette er reglar og rutinar vi her i Noreg har for å godkjenne utanlandske utdanningar og lisensreglar for kva helsepersonell skal kunne. Ein ting er at vi har høge krav, ein annan ting er at vi ikkje har rimelege og gode løysingar for å gje nordmenn som har studert i utlandet og innvandrarar billige og enkle metodar for å tilfredsstille kompetansekrava vi stiller.
    Eller så kan vi ta tak i eit meir kontroversielt spørsmål, som handlar om korleis vi skal fordele produktiviteten i samfunnet på. Produksjon av varer og tenester har tre innsatsfaktorar: arbeid, kapital og kunnskap. Den måten vi deler profitten mellom arbeid, kapital og kunnskap på i dag har røter tilbake til 1930-talet, som nemnt over.
    Men i mellomtida har Noreg blitt eit kunnskapssamfunn, og det er kunnskapen som driv den ekstreme produktiviteten som har skapt den norske veksten på dei siste 50 åra. Har vi strukturar som lønnar kunnskapen? Vi har ikkje det. Liberalistar veit at marknadsmekanismen ofte, men ikkje alltid, er ein effektiv måte å fordele knappe gode på, men måten i regulerer inntekt og formue på gjer dei som lever av kapitalinntekter ein urimeleg fordel som ikkje er gitt, ut frå liberalistiske prinsipp. Med mindre du høyrer til på den amerikanske liberalistiske fløya som berre stiller spørsmål ved statleg makt, og ikkje økonomisk makt. Og her trudde eg at liberalistar primært verna om individets autonomi.
  • Personvern. Eg skal gladeleg innrømme at personvern er ein anna versjon av ulikskap. Eg trur ikkje gjennomsnittsliberalisten har eit problem med å skrike høgt over statleg overvaking av enkeltmenneskjer, samstundes er den liberalistiske debatten om korleis de store dataselskapa handterer informasjonen dei samlar inn og lagrar om oss og for oss heilt fråverande. Om det betyr at norske liberalarar ikkje forstår verdien av den informasjonen, eller ikkje forstår korleis private selskap kan nytta informasjonen til å manipulera dei mykje meir effektivt enn staten kan er ikkje heilt klart for meg. Ein liten lakmustest du kan gjere på deg sjølv er om du synest Edward Snowden må straffast for det han varsla om eller ikkje. Om svaret ditt er at Snowden må straffast, bør du ta ein prat med deg sjølv om du er for eller mot universal statleg overvaking. Er du for at Snowden skal straffast, er du for universal statleg overvaking og du kan levere liberalistkortet ditt til redaksjonen til Liberaleren. Vi skal ikkje halde det mot deg, men du er ikkje lenger liberalist. Du har akseptert at staten kan drive universell overvaking av den digitale verda til innbyggjarane sine. Vi i Liberaleren lovar å makulere liberalistkortet ditt, for vi ønskjer ikkje å lagre informasjon ut over det vi publiserer.
  • Utanrikspolitikk. Vi har no hatt 30 fantastiske år med globalisering og relativ fred. Næringslivet har sjølvsagt tatt det til den ekstreme konsekvensen slik at dei berre har konfigurert leverandørkjeda si for hastigheit og utbytte. Omsyn til om leverandørkjeda har vore robust eller tatt omsyn til miljø og arbeidsliv har ikkje vore eit tema. Men både menneskjerettigheitar og miljø er kostnadar som må med i prisfastsettinga. På godt og vondt, har Putin tvunge oss her i Europa til å leggje sikkerheitspolitikk med i reknestykket. Om vi skal halde fram med ein berekraftig vekst på rundt to prosent i året, må vi ta med alle kostnadene vi ikkje har tatt med i det veksteventyret som har skjedd i det norske samfunnet dei siste 75 åra.

OK, så eg har lagt nokre premisser for fundamentet for eit norsk liberalistisk samfunn skal sjå ut i framtida. Eg har definert nokre problemstillingar vi må ta med. Eg har ikkje fått med meg alt som bør må med. Vitskapen kjem til å utfordra oss menneskje på både kva det vil si å være menneskje, korleis vi definerer liv og daud, kva som er miljø- og klimavennleg og korleis vi skal nytte av og forholda oss til ressursavgrensingar. Eg har ein utfordring til deg. Kva bør vi i Liberaleren ha med oss vidare i ein samtale om korleis eit norsk liberalistisk samfunn bør sjå ut i framtida?

Eg veit ikkje kva sosialt medium du leser denne kommentaren på, men om du ønskjer at eg og resten av redaksjonen skal få med oss innspela dine, bør du legge igjen kommentarane dine på Facebook-sida vår. Om du kommentarar andre stader, kan eg ikkje garantera at vi får med oss kva du har å si. Og eg vill gjerne høyre kva du har og si, for det å finne ut korleis liberalistar ønskjer å forme framtida er viktig.

Mest lest

Arrangementer